Hopp til innhold

Påbod om munnbind i Ålesund etter smitterekord

Frå midnatt er det påbod om å bruke munnbind der ein ikkje kan halde meir enn ein meters avstand i Ålesund og Sula.

Jugendbyen, Ålesund

STRAMMAR INN: Ålesund og Sula innfører lokale smitteverntiltak etter fleire veker med høge smittetal.

Foto: Øyvind Sandnes/NRK

Dei siste vekene har Ålesund hatt rekordmange tilfelle av koronavirus med opp mot 80 smitta på ei veke.

No innfører sunnmørsbyen lokale smitteverntiltak saman med nabokommunen Sula.

– Smitta er knytt til private festar, utelivet, enkelte bedrifter og arbeidsfellesskap, og til innreise, seier varaordførar Vebjørn Krogsæter.

Dei lokale tiltaka er:

  • Krav om munnbind på stadar det ein ikkje kan halde ein meters avstand.
  • Skjenkestadar, restaurantar, kafear og kantiner skal krevje at gjestar legitimerer og registrerer seg. Gjestar som ikkje registrerer seg, skal avvisast.
  • Gjestar og tilsette skal bruke munnbind/ansiktsmaske når dei beveger seg i lokalet og det er fare for at avstandskravet på ein meter ikkje kan overhaldast.

Det vert framleis grønt nivå i skular og barnehagar. Men kommunane kan på kort varsel innføre gult nivå dersom smittesituasjonen tilseier det.

Forskrifta gjeld til og med 6. september.

I tillegg til påboda, kjem kommunane med følgjande råd:

  • Maks 10 personar på besøk heime og private sosiale lag, med unntak for vaksinerte.
  • Reduser tal på nærkontaktar.
  • Heimekontor for dei som har moglegheit, og som er avhengig av kollektivtrafikk.

PK i Ålesund

Kommuneleiinga i Ålesund er uroa over dei høge smittetala i kommunen.

Foto: TORE ELLINGSETER / NRK

Pressa smittesporing

Kommuneleiinga var alvorstyngd då dei møtte pressa måndag kveld. Laurdag sette Ålesund smitterekord. Då fekk 30 personar stadfesta koronasmitte.

Per i dag er 100 smitta og i isolasjon i Ålesund.

Dei høge smittetala har lagt press på kapasiteten for smittesporing.

– Heldigvis har vi ein gjeng som kastar seg rundt nær sagt til alle døgnets tider og gjer alt dei kan for å få oversikt. Dei gjer ein utruleg god og viktig jobb, og vi ber alle om å bidra slik at arbeidet deira vert lettare, seier kommuneoverlege Olav Mestad.

Olav Mestad, kommuneoverlege i Ålesund

Kommuneoverlege, Olav Mestad, leiar arbeidet med smittesporing i Ålesund.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK