Hopp til innhold

Meiner dei er godt førebudde

Helseføretaket er budde på at talet på koronasmitta pasientar ved sjukehusa i fylket stig utover hausten og vinteren.

Verdshelseorganisasjonen er uroa over koronasmitten som er på veg, og norske helsestyresmakter meiner dei fleste av oss må rekne med å bli smitta igjen.

Eivor Nordstrand Jacobsen er fungerande smittevernoverlege i Helse Møre og Romsdal. Ho seier at sjukehusa er godt førebudde.

– Sjukehusa har bygd opp gode rutinar etter pandemien, og har prosedyrar og system på plass. Så sjukehusa skal vere godt rigga for ein eventuell auke i pasientar, seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL