Hopp til innhold

200 nye smitta i Ålesund – kommuneoverlegen ber folk avgrense nærkontaktar

Ålesund kommune opplever ein kraftig vekst i koronasmitten. Kommunen vil ikkje inneføre nye tiltak, men ber folk om å ikkje ha større sosiale samlingar enn nødvendig.

Ålesund

AUKANDE SMITTE: Smittetala i Ålesund stig no kraftig, melder kommunen.

Foto: Øyvind Sandnes

Smittetala i sunnmørskommunen Ålesund er no høge og stigande. Berre frå måndag til onsdag var talet på smitta oppe i 200 personar.

Medan tiltaka som blei sett i verk før jul ser ut til å ha flata ut smittetrenden fleire stadar i landet, har smitten derimot auka i Ålesund, fortel Alexander Wiig, kommuneoverlege og fagsjef ved legevakta i Ålesund.

– Dette er ei fordobling samanlikna med den same perioden førre veke. Vi skil oss frå landsgjennomsnittet med ein kraftig stigande vekst, seier han.

– Avgrens nærkontaktar

Ifølgje Wiig er dei fleste smitta i alderen 20 til 40 år.

– Vi hadde ein kraftig auke i barneskulealder inn mot jula, no er auken størst blant unge vaksne. Det ser vi i samanheng med at ein har sosiale samlingar i jula.

Alexander Drabløs Wiig

Alexander Wiig, kommuneoverlege og fagsjef ved legevakta i Ålesund.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Han rår folk til å ha færrast mogleg nærkontaktar og å ikkje ha større samlingar enn nødvendig, sjølv om det no straks er nyttårsfeiring. Kommuneoverlegen håper auken i smittetala kan vere ei påminning til folk om å vere ekstra forsiktig.

– Det er jo tillate å ha inntil ti gjestar, og inntil 20 ein gong i løpet av jula og nyttår, men det betyr ikkje at ein må ha så mange gjestar.

Etterlyser tiltak

Ida Kleiven Wågsholm og familien er blant dei som har blitt smitta av korona i Ålesund. Heile jula var familien i isolasjon, og berre yngstemann på 5 år har sleppt unna.

Ida Kleiven Wågsholm

Ida Kleiven Wågsholm med Syver (13) og Sebastian (5). Yngstemann er den einaste i familien på fem som så langt har unngått smitte.

Foto: privat

– Eg synest det har vore eit veldig stress med testing og testing. No er det ei lette at vi er ferdige, seier ho. Spesielt sårt var det å måtte feire jul utan mormor.

Wågsholm har tidlegare kritisk kommunen for ikkje innføre heimeskule før jul. No gjentek ho ønsket. Ho meiner det ikkje er nok å teste alle elevar før skulestart, slik kommunen har lagt opp til.

– Eg etterlyser fleire tiltak frå kommunen og ber om digital undervisning og raudt nivå. Eg håper dei får det under kontroll, seier ho.

  • Les også:

Ingen nye tiltak no

Kommuneoverlegen i Ålesund seier at det ikkje er aktuelt med nye lokale tiltak no og at ein må sjå på utviklinga over lengre tid før ein eventuelt gjer justeringar.

– Vi har ei strengare forskrift i Ålesund enn landet elles og meiner at tiltaka er gode nok som dei er, om dei blir praktisert.

Wiig seier at dei følgjer situasjonen, men at det per no ikkje er noko som tilseier at skulane bør stengast på nyåret. Han meiner at dei nasjonale føringane som gjort på eit godt kunnskapsgrunnlag.

– Vi trur det er trygt å starte opp skulane på gult nivå. Vi veit at det er eit potensial for smitte ved å halde skular og barnehagar opne. Men det er ein kostnad samfunnet vel å ta fordi ein ser at den er relativt liten samanlikna med konsekvensen det vil vere for barn og unge å stenge ned. I tillegg til at foreldra må vere heime for å passe barna.

Aukande omikron-smitte

Frå teststasjonen og ved smittesporinga i Ålesund blir det rapportert om aukande smitte, også av omikron-varianten, fortel Wiig.

Koronatesting ved legevakta ved Ålesund sjukehus.

Frå teststasjonen i Ålesund blir det meldt om fleire som testar positivt.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Kor alvorleg er dette?

– Det er ein auke vi helst skulle ha vore utan. Vi har vore klar over at vi har omikron-viruset i omløp og at det smittar lett, så vi hadde venta ei stigning. Men det er uansett ikkje hyggelege tal, seier Wiig.

Per no er det ti personar som er innlagde med koronasmitte ved sjukehusa i Møre og Romsdal. Det er ein auke på tre frå i går.

– Så langt er det ingen dramatikk, vi har god kontroll og greier å drifte helsetenestene som vi skal. Men det er veldig viktig at alle er sitt ansvar bevisst og gjer det dei kan for å bremse smittespreiinga, seier Wiig.

Han vektlegg difor at det no er ekstra viktig å følgje smittevernreglane, halde seg heime når ein er sjuk, bruke munnbind når ein ikkje kan halde avstand og ha få nærkontaktar

Ikkje aktuelt å lette på tiltaka

Onsdag la Folkehelseinstituttet fram sin nye vekerapport. Der skriv dei at det er nedgang både i innleggingar og smittetal. Men direktør Camilla Stoltenberg seier at vi framleis har eit høgt nivå, samanlikna med tidlegare i pandemien og at det difor er viktig å halde på tiltaka.

Ingvild Kjerkol

Helseminister Ingvild Kjerkol seier det ikkje vil bli letta på smitteverntiltaka no.

Foto: Ann-Kristin Mo / NRK

Helseminister Ingvild Kjerkol sa til Dagsrevyen onsdag at det ikkje var aktuelt å lette på smitteverntiltaka.

Dei tiltaka som vi innførte frå 15. desember skulle vare i fire veker. Og det er ei avgjerd vi framleis vurderer som riktig. Vi vil ta ei ny vurderinga 14. januar.