Hopp til innhold

Truar med å skrote reform

Kommunane bør skrote regjeringa si store tillitsreform dersom koronakostnadane ikkje blir dekt. Det meiner kommunedirektøren i Volda, Rune Sjurgard.

– Dersom regjeringa ikkje vil dekke koronakostnadane som kommunane fekk i vinter vil mange gå på ein økonomisk smell, og det vil innebere at regjeringa ikkje held lovnadane sine, seier Sjurgard.

Både ordføraren i Stranda, Jan Ove Tryggestad (Sp) og ordføraren i Ulstein, Knut Erik Engh (Frp) støttar Sjurgard.

Begge seier at kommunane har hamna i eit krysspress mellom dei rettane som folk har fått og mangelen på pengar som gjer det svært vanskeleg å treffe folk sine forventningar.

Rune Sjurgard, kommunedirektør i Volda kommune.
Foto: Trond Vestre / NRK