Hopp til innhold

Viste motstand mot Helseplattforma

I dag har det vore ei markering utanfor sjukehuset i Molde. Der møtte mange helsearbeidarar opp for å vise motstand ei vidare innføringa av journalsystemet Helseplattforma.

I morgon er det styremøte i Helse Møre og Romsdal. Der skal styre ta stilling til om innføringa av Helseplattforma skal halde fram som planlagt.

– Det er eit stort engasjement rundt saka fordi styret skal ta avgjerda om vidare utrulling i morgon. Vi meiner det er farleg å gå vidare med dette. Alt av tilsyn og analysar seier at dette er farleg. Difor er det komplett uforståeleg at leiinga har innstilt på å gjennomføre innføringa som planlagt, seier lege ved Molde sjukehus, Anne-Mari Holte Flusund.

Ho får støtte av overlege Lina Rossland.

– Eg har aldri sett eit så stort engasjement for eit datasystem før, og eg håper dette gir eit tydeleg signal til leiinga om kva vi meiner. Eg håper dei tek ansvar og ikkje legg økonomi og prestisje framfor verdiane om kvalitet og pasientsikkerheit i helsetenestene. Det er noko av det vi er redd vil skje, seier ho.

Leiinga i helseføretaket har foreslått å seie å seie ja til å innføre det omstridde journalsystemet 27. april. Føresetnaden er at dei får tak i ekstra legar og sjukepleiarar.

Den endelege avgjerda er det Helse Midt-Norge som skal ta, på eit styremøte den 25. april.

Markering mot Helseplattforma ved Molde sjukehus.
Foto: Tore Ellingseter / NRK