Hopp til innhold

Vil innføre Helseplattforma som planlagt

Styret i Helse Midt-Norge går imot styret i Helse Møre og Romsdal. Sjukehusa skal ta i bruk Helseplattforma i april som planlagt.

Frå venstre: Stig Slørdahl, adm. dir. i Helse Midt-Norge, Odd Inge Mjøen, styreleiar i Helse Midt-Norge og styresekretær Rita Bjørgan Holand

Frå venstre: Stig Slørdahl, administrerande direktør i Helse Midt-Norge, Odd Inge Mjøen, styreleiar i Helse Midt-Norge og styresekretær Rita Bjørgan Holand.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

Dramaet rundt innføringa av journalsystemet Helseplattforma held fram. Helse Møre og Romsdal meiner det er for risikabelt for pasientar og tilsette å gå på i april, men får ikkje støtte av eigaren Helse Midt-Norge i onsdagens styremøte.

Vedtaket blei gjort mot stemmene til dei tre tilsetterepresentantane i styret, som ville ha utsettelse.

Dei seks andre styremeldemmene som var til stades stemte for å innføre som planlagt.

Leiinga i Helse Møre og Romsdal og direktør Olav Lødemel vil førebels ikkje kommentere vedtaket. Dei varslar at det kjem ei pressemelding i løpet av dagen.

– Mange utsettingar

Styreleiar Odd Inge Mjøen starta saka med å orientere om at det har vore mange utsettingar allereie. Han slo fast at jobben til Helse Midt-Noreg er å ta vare på heilskapen i helsetilbodet, og at det difor er fleire roller dei må balansere i styret.

– Den språkbruken og karakteristikken det har vore av enkeltpersonar i denne saka her, det har eg aldri vore borte i. Det ber eg dykk som er i rommet her om å tenke igjennom. Også de som representerer tilsette, sa han.

Styret i Helse Midt samla for å behandle saka om Helseplattforma.

Styret i Helse Midt Noreg under behandlinga av saka om innføringa av Helseplattforma i Møre og Romsdal.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

Han meiner også at det er viktig å trygge innbyggarane i Midt-Noreg, og at det kan dei gjere gjennom kommunikasjon.

– Vår oppgåve er å vareta innbyggarane, og vi skal vareta dei på ein god måte. Då må vi kommunisere sikkerheit og ikkje noko anna.

Han slo fast at målet for regionen framleis er «Ein innbyggar, ein journal.»

Direktøren for eigarstyring i Helse Midt-Norge, Ingvill Kvernmo, sa i si orientering at det vil bli tryggare å innføre Helseplattforma i Møre og Romsdal i april, enn det var å innføre ved St. Olavs i fjor.

Mange tilhøyrarar på styremøtet til Helse Midt-Norge.

Mange hadde møtt opp for å følge styremøtet i Helse Midt-Norge.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

– Alt er ikkje bra no heller

Nestleiar i styret i Helse Midt-Norge, Liv Stette, sa i sitt innlegg at ho har stor respekt for jobben som er gjort i Helse Møre og Romsdal, og forstår at oppsummeringa fekk styret til å falle ned på anbefalinga om å utsette innføringa av Helseplattforma.

– Men eg trur ikkje at dei tilsette vil kjenne seg tryggare med gamle og utdaterte datasystem når dei skal flytte inn i det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal.

Liv Stette

Liv Stette er nestleiar i styret i Helse Midt-Norge.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

Ho meiner at det einaste rette er å forbetre Helseplattforma og følge innføringsplanen.

– Eg trur dette kan gå bra. Det er ikkje slik at alt er bra i dag når det gjeld pasienttryggleik. Det skjer feil med dagens system i dag også, sa ho.

Som fleire av styremedlemmene er ho også opptatt av konsekvensane for dei kommunane som alt har tatt i bruk systemet dersom innføringa blir utsett ved sjukehusa.

Les også Innfører Helseplattforma som planlagt: – Fryktar folk vil seie opp

Igor Jokic

Ville utsette

Tilsetterepresentant Lindy Jarosch-von Schweder er ikkje samd med leiar og nestleiar. Ho meiner det rette vil vere å utsette innføringa av Helseplattforma i Møre og Romsdal.

Ho la fram eit alternativt forslag til vedtak der ho ber administrasjonen komme tilbake med nytt innføringsløp som er breitt forankra hos alle partar.

– Styreleiar, du seier vi skal kommunisere sikkerheit og ikkje noko anna. Men i denne saka her har vi kanskje ulike syn på kva sikkerheit er.

Lindy Jaroch-von Schweder annsattvalgt styremedlem med alternativt forslag.

Lindy Jarosch-von Schweder.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

Ho meiner Helse Møre og Romsdal har vedtatt å utsette innføring fordi det vil vere betre for pasientsikkerheita.

– Det handlar ikkje om motstand, men er reelle og saklege grunnar til bekymring. Ho meiner også at det å innføre eit system som gjer dei tilsette mindre effektivt, også har ein kostnad.

– Det må trekkast frå det totalbeløpet de har rekna ut det vil koste å utsette.

Fare for pasientar

Styret i Helse Møre og Romsdal vedtok i førre veke at dei meiner det er rett å utsette innføringa av Helseplattforma. Årsaka er fare for pasientar og ekstra arbeidspress for tilsette.

Journalsystemet blei tatt i bruk ved St. Olavs i fjor, og det har blitt oppdaga mange alvorlege feil etter det.

Les også Sykehusdirektøren ut mot Helseplattformen

Grethe Aasved

Men det er altså Helse Midt-Norge som har siste ord i saka. Måndag kveld kom innstillinga frå direktør Stig Slørdahl om at han ikkje vil anbefale sitt styre å følge vedtaket til Helse Møre og Romsdal.

Kristiansund sjukehus

Det er fire sjukehus i Møre og Romsdal som etter kvart skal ta i bruk Helseplattforma. Kristiansund, Molde, Ålesund og Volda.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Helse Midt-Norge har rekna ut at det vil koste 800 millionar å utsette innføringa ved sjukehusa i Møre og Romsdal og Nord-Trøndelag.

Les også Helsedirektør ønskjer ikkje å utsette Helseplattforma i Møre og Romsdal

Administrasjonsbygget til Helse Midt-Norge i Stjørdal

Det kom sterke reaksjonar på innstillinga til direktøren i Helse Midt Noreg frå både tilsette i Helse Møre og Romsdal og frå fleire politikarar.