St. Olavs hospital i Trondheim tok i bruk det omstridde journalsystemet Helseplattforma 12. november i fjor.
Over eitt år seinare er det framleis feil og manglar. Planen var å innføre Helseplattforma ved sjukehusa i Møre og Romsdal i slutten av april 2024.
I styrepapira frå administrasjonen i Helse Møre og Romsdal står det at basert på vurderingar rundt pasienttryggleik og forsvarleg drift foreslår ein å utsette innføringa av systemet.
– På denne måten kan ressursane i Helseplattforma settast inn til å optimalisere og forbetre brukarvennlegheita i løysinga fram mot sommaren, seier administrerande direktør Olav Lødemel i Helse Møre og Romsdal i ei pressemelding.
Raudt nivå
Olav Lødemel seier at det har blitt gjennomført ei risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS)., der ein spesielt har lagt vekt på konsekvensen for pasientsikkerheit i Helse Møre og Romsdal. Analysen viser at innføringa av Helseplattforma er på raudt nivå for pasientsikkerheit og kapasitet.
– Sjølv med omfattande avbøtande tiltak er vi ikkje kome tilstrekkeleg ned i risiko, forklarer Olav Lødemel.
– Dette er alvorleg, særleg for fem pasientar som ikkje har fått time innan fristen. Vi fryktar alvorlege følgjer. Feilen har eksistert heilt sidan vi tok i bruk Helseplattforma for over eitt år sidan, sa direktør Grete Aasved ved St. Olavs hospital.
Glad leiinga høyrer etter
Maud-Kristine Aga Ljoså er tillitsvald for overlegane ved Ålesund sjukehus. Ho er ein av mange som har stått på for å få utsett innføringa av journalsystemet.
– Eg er først og fremst veldig letta over at det var dette som vart innstillinga, og det var jo heilt i tråd med det legegruppa ønska. Eg er glad for at vi har ei leiing som har tatt desse bekymringane på alvor, seier ho.
No reknar ho med at styret følger innstillinga til administrasjonen, slik at innføringa blir utsett.
– Vi kan ikkje innføre dette systemet før det er trygt for pasientane og det må gjere arbeidssituasjonen for oss som jobbar på sjukehusa enklare og ikkje vanskelegare, seier ho.
Ho får støtte frå pasient- og brukarombodet i fylket, Hanne Stenseth.
– Når dei ikkje kan løyse dette med avbøtande tiltak, så er det tryggande å sjå at dei innstiller på å utsette, seier ho.
Styret i Helseforetaket skal behandle forslaget torsdag 7. desember.
Éin pasient – éin journal
Helseplattforma skulle vere svar på den dåverande regjeringa sin visjon om at kvar pasient skulle ha éin digital journal å forhalde seg til, anten ein var på sjukehus, hos fastlege eller i kommunal helseomsorg.
Helseregion Midt-Noreg melde seg som forsøksområde og etablerte Helseplattforma, med Helse Midt-Noreg og aktuelle kommunar som eigarar. Etter ein anbodsrunde sto amerikanske Epic systems att som einaste tilbydar.
Dette har resultert i at det er inngått tre hovudkontraktar med Epic med ei rekkje tillegg som både viser korleis Helseplattforma skal vere, korleis systemet skal haldast ved like, korleis tilsette skal få opplæringa og korleis forholdet mellom dei norske eigarane og Epic skal vere.
Pasienttryggleik, god tilpassing til norsk helsevesen, personvern, riktig innsyn, korrekt flyt av informasjon, kvalitet, beste praksis og brukarvennlegheit, er avsnitt som ligg høgt i kontraktane som er inngått med Epic.
Omfattande kritikk
Sagt med andre ord: Det Helseplattforma skulle løyse og forbetre er langt på veg det same som Helseplattforma er kritisert for å vere for dårleg på.
- I april i år slo Helsetilsynet fast at Helseplattforma var ein pågåande trussel mot pasienttryggleiken.
- Eit par månader seinare uttalte Helsetilsynet at prosessen rundt Helseplattforma innebar auka risiko for pasientane.
- I november var det demonstrasjonar mot Helseplattforma i heile Midt-Noreg.
- På same tid slo Riksrevisjonen fast at Helseplattforma var blant dei dårlegaste IT-systema ved norske sjukehus.
- Også Helse Midt-Noreg har sjølv fått laga ein rapport som inneheld sterk kritikk av systemet.