Hopp til innhold
St. Olavs hospoital, oppslag om problemer på grunn av innføring av Helseplattformen
Foto: Jøte Toftaker

Helseplattformen

Oppsummert

Regningen for datasystemet Helseplattformen i Helse Midt-Norge kan passere 5 milliarder. Det skulle koste 3,7 milliarder. Sykehusansatte og fastleger klager over feil, merarbeid og svekket pasientsikkerhet.

  • Styret held fast innføring av Helseplattforma

    Den ekstra bemanninga som mangla for å gjere innføringa av Helseplattforma 27. april trygg er no på plass.

    Styret i Helse Møre og Romsdal held difor fast på å sette i gang systemet på dei fire sjukehusa som planlagt. Vedtaket blei gjort i eit ekstraordinært styremøte i dag, mot tre stemmer.

    Det trengst ekstra helsepersonell utover den normale bemanninga den første tida, fordi det tar tid å lære seg datasystemet. Desse er henta frå St.Olavs, Helse Nord-Trøndelag, vikarbyrå frå Danmark og frå andre sjukehus i Noreg.

    Dei har fått 293 sjukepleiarar frå St. Olavs og 49 frå Helse Nord-Trøndelag. Dei har også henta 36 vekesverk til det merkantile som kan systemet. På legesida er det henta inn 113 vekesverk. Framleis er det eit pågåande arbeid for å styrke bemanninga i sommar.

    – Det er ein stor glede at vi har fått det til og det er avgjerande for pasienttryggleiken. Det må vere tid til å vere fersk og øve, seier administrerande direktør Olav Lødemel.

    I tillegg skal ca. 140 medarbeidarar frå leverandøren Epic vere fysisk til stades dei første vekene. Det blir også digital support frå St.Olavs hospital. Mange legar er kritiske til at systemet skal innførast no og fryktar at det skal gå utover pasienttryggleiken. Dei har sendt bekymringsmeldingar.

  • Helseplattformen: Søker flere ansatte

    Onsdag morgen kom det ut seks nye stillingsannonser på Finn.no, hvor Helse Møre og Romsdal spør etter helsesekretærer som vil være med å innføre Helseplattformen. Det skriver Sunnmørsposten.

    Til sammen søkes det etter 28 nye ansatte, og annonsene kommer tre dager før Helseplattformen skal innføres, skriver avisa.

    Onsdag mellom klokken 10 og 12 har også Helse Møre og Romsdal et ekstraordinært styremøte i forbindelse med innføringa av Helseplattformen.

  • Tek avgjerd om Helseplattforma i dag

    I dag skal styret i Helse Møre og Romsdal bestemme om innføringa av Helseplattforma skal gå som planlagt ved dei fire sjukehusa her i fylket.

    Fleire har tatt til orde for å utsette innføringa. Nokre legar har uttalt at dei er redd for at Helseplattforma kan kome til å koste liv, og øydelegge arbeidsmiljøet.

    Direktøren i Helse Møre og Romsdal meiner dei no får nok hjelp til å kunne sette i gang med innføringa, og at den skal gå som planlagt den 27 april.

    Eit endeleg vedtak kjem seinare i dag.

  • – Helseplattforma må kome på nynorsk

    Landsmøtet i Noregs Mållag vedtok i helga ei fråsegn der dei krev at helseplattforma må kome på nynorsk.

    – Helse Midt-Noreg er i ferd med å innføre Helseplattforma utan at den er tilgjengeleg på nynorsk. Helseføretaka er underlagt språklova og lyt følgje henne, skriv dei i ei pressemelding.

    Dei vektlegg at korrekt og forståeleg kommunikasjon i helsevesenet er viktig, både internt og i møte med brukarane.

    – Å kunne bli møtt med og bruke sitt eige språk skaper nærleik og tillit. Det er ei kvalitetssikring av kommunikasjonen. Difor må Helseplattforma finnast på nynorsk. Landsmøtet i Noregs Mållag stør Volda kommune sitt krav om at plattforma må vere tilgjengeleg på nynorsk før ho blir tatt i bruk, og legg til grunn at Helse Midt-Noreg syter for at det blir varetatt før vidare utrulling, meiner Noregs Mållag.

  • Krever svar fra helseministeren

    Bård Hoksrud, Helsepolitisk talsperson i Frp, krever svar fra helseministeren i spørretimen i Stortinget neste onsdag. Han er svært bekymret for mangelen på leger i Helse Møre og Romsdal når de skal innføre Helseplattformen. Hoksrud spør: Er statsråden bekvem med å ha ansvaret for et eksperiment som kan sette pasientsikkerheten i fare og lede til skandaler dersom innføring av Helseplattformen feiler igjen? Det er planlagt at Helseplattformen skal innføres lørdag 27. april.

    Bård Hoksrud frp stortinget politiker rus
    Foto: Nadir Mohammad Alam / NRK