Hopp til innhold

Vedtek å utsette Helseplattforma: – Dei økonomiske konsekvensane skremmer meg

Det vil vere for farleg for pasientane og for krevande for dei tilsette å innføre Helseplattforma i april, meiner styret i Helse Møre og Romsdal. Men det kostar dyrt å utsette.

Ingve Theodorsen, styreleiar i Helse Møre og Romsdal (til venstre) og administrerande direktør Olav Lødemel på styremøtet 7. desember.

Ingve Theodorsen, styreleiar i Helse Møre og Romsdal (til venstre) og administrerande direktør Olav Lødemel på styremøtet 7. desember.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Styret vedtok einstemmig på torsdagens møte å utsette innføringa ved dei fire sjukehusa i fylket, og legge ein ny plan saman med eigaren Helse Midt-Noreg for kva tid dei skal ta i bruk journalsystemet.

– Det er Helse Midt-Noreg som må avgjere kor lenge vi skal utsette innføringa, seier styreleiar Ingve Theodorsen.

Han seier dei må sjå på alle moglegheiter framover for å minske konsekvensane for pasientane og tilsette i helseregionen.

– Det einaste vi kjenner godt nok til er dei økonomiske konsekvensane ved å utsette. Og det skremmer i alle fall meg. Alt eg ber om er at vi no snur kvar einaste stein for å redusere kostnadene, seier styreleiaren.

Ingve Theodorsen, styreleiar Helse Møre og Romsdal.

Ingve Theodorsen er styreleiar i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Måndag blei det klart at administrasjonen i Helse Møre og Romsdal meiner det er uforsvarleg å innføre journalsystemet Helseplattforma i Møre og Romsdal frå 27. april, slik dei først planla, og styret er samde i konklusjonen.

Vil utsette Helseplattforma: – Letta og glad Vil utsette Helseplattforma: – Letta og glad

Maud-Kristine Aga Ljoså ser inn i kameraet. Ho smilar og ser nøgd ut.

Raudt nivå

Helseføretaket har gjennomført ei risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS), der dei spesielt har lagt vekt på konsekvensen for pasientsikkerheit.

Analysen viser at innføringa av Helseplattforma er på raudt nivå for pasientsikkerheit og kapasitet.

Olav Lødemel, administrerande direktør Helse Møre og Romsdal.

Administrerande direktør Olav Lødemel informerer styret i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Ved ei innføring av Helseplattformen i april meiner dei det vil det vere svært høg risiko for:

  • Feil eller manglande medisinering av pasientar
  • Utrygg og lite hensiktsmessig arbeidsflyt i radiologi.
  • Manglande dokumentasjon av helsehjelp, og svikt i kommunikasjon mellom ulike ledd i behandlinga.

Helse Møre og Romsdal meiner at denne risikoen vil vere borte om dei ventar med å innføre journalsystemet til 2026.

Årsaka til at styret må ta denne avgjerda no, er at dei skal flytte inn i eit nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal i mars 2024, og det i seg sjølv vil vere krevande for helseføretaket om dei ikkje i tillegg skal innføre nytt journalsystem som har vist seg å ha mange alvorlege feil og manglar.

– Med dette vedtaket anerkjenner vi både risikoen for pasientane og risikoen for ekstrakostnadene for dei tilsette, seier Tore Schytte som er ein av tilsettrepresentantane i styret.

Det er styret i Helse Midt-Norge som endeleg avgjer saka på styremøte 13. desember.

Representantar frå dei tilsette i styret i Helse Møre og Romsdal frå Venstre: Anette Lekve, Torgeir Sand Aas og Tore Schytte.

Representantar frå dei tilsette i styret i Helse Møre og Romsdal frå Venstre: Anette Lekve, Torgeir Sand Aas og Tore Schytte.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Kostnad ved å utsette

Det vil koste 600 millionar for Helse Midt-Noreg å utsette innføringa av Helseplattforma i Helse Møre og Romsdal i to år og Helse Nord Trøndelag i eitt år.

I tillegg kjem driftkostnader på 90-120 millionar for å vidareføre gamle system.

Helse Møre og Romdal får også ekstra kostnader ved å innføre gamle system på det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal på 75 til 150 millionar kroner.

Sjukehusdirektøren er likevel ikkje i tvil om at det er rett å utsette innføringa.

– Sikkerheita til våre pasientar må vege tyngst, seier administrerande direktør Olav Lødemel.

Fleire av styremedlemmene etterlyste svar på kva konsekvensar dei auka økonomiske kostnadene vil få for sjukehusdrifta i Møre og Romsdal.

Eg forventar ikkje at de svarer på dette i dag, men det må skje relativt fort, slo administrerande direktør Ingve Theodorsen fast.

Alvorlege feil

Det blei oppdaga store feil ved Helseplattforma så seint som i førre veke:

  • 44 tilvisingar til radiologi i Nord-Trøndelag, Møre og Romsdal og selskapet Evidia kom ikkje fram til rett mottakar.
Grete Aasved

Grete Aasved ved St. Olavs hospital.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

– Dette er alvorleg, særleg for fem pasientar som ikkje har fått time innan fristen. Vi fryktar alvorlege følgjer. Feilen har eksistert heilt sidan vi tok i bruk Helseplattforma for over eitt år sidan, sa direktør Grete Aasved ved St. Olavs hospital.

  • Seinare same veke blei det oppdaga ein feil der konsekvensen kan vere at mange pasientar har fått feil dosering av medisin.

Les også 182 pasienter berørt av ny feil i Helseplattformen

Sylvi Listhaug snakker med leger på St.Olavs om Helseplattformen