Hopp til innhold

– For slitne til å reise til Møre frivillig

Etter fleire månader med Helseplattforma ved St. Olavs hospital er legane for slitne til å dra til Møre for å hjelpe når datasystemet skal innførast der. Det kan skape store problem.

Kathrine Wågø - lege ved St. Olavs hospital. Føretakstillitsvald for Yngre Legers Forening St. Olavs hospital

Kathrine Wågø er føretakstillitsvald ved St. Olavs hospital i Trondheim.

Foto: Privat

Planen er å innføre den omstridde Helseplattforma ved sjukehusa i Møre og Romsdal 27. april. Men for å klare dette treng sjukehusa hjelp frå 100 legar og 140 sjukepleiarar dei mest hektiske døgna.

Onsdag sa St. Olavs hospital ja til å hjelpe med kontorfolk og datakyndige, men nei til ei omfattande utleige av legar og sjukepleiarar.

Helsepersonell kan for så vidt dra til Møre og Romsdal. Men det må skje frivillig og på fritida.

Fleire legar på St. Olavs hospital seier til NRK at dei er så slitne av Helseplattforma at det er uforsvarleg å reise til nabofylket i sør for å hjelpe med eit datasystem dei er motstandarar av.

St. Olavs Hospital i Trondheim ved vinterstid.

Helse Møre og Romsdal treng hjelp, i hovudsak frå St. Olavs hospital, for å kunne innføre Helseplattforma 27. april. No har leiinga ved sjukehuset i Trondheim sagt ja til å leige ut kontorpersonell og datakyndige, men nei til ei omfattande utleige av legar og sjukepleiarar.

Foto: Grete Thobroe / NRK

– Stått i ein ekstrem situasjon

Føretakstillitsvald for Yngre legers forening ved St. Olavs hospital, Kathrine Wågø, seier dei gjerne skulle hjelpe Helse Møre og Romsdal.

Men St. Olavs hospital har slite med Helseplattforma sjølv.

– Tilsette ved St. Olavs hospital har stått i ein ekstrem situasjon over tid, både under pandemien og på grunn av Helseplattforma, seier Wågø.

Les også Må låne hundre legar for å innføre omstridt datasystem

Olav Lødemel direktør i Helse Møre og Romsdal

– På helsa laus

Arbeidstilsynet har gjennomførte i janura tilsyn i åtte klinikkar på St. Olavs hospital. Funna avdekte uforsvarleg arbeidsmiljø og brot på arbeidsmiljølova.

– Det er eit enormt arbeidspress og slitasje over tid. Folk er kjempeslitne og har ikkje kapasitet til meir enn det daglege arbeidet og knapt nok det, seier ho.

Les også Helseplattforma: – Systemet hadde neppe blitt valt om det skulle kjøpast i dag

Opplæring i Helseplattforma i Ålesund 9. februar 2024. Vi ser frå bak i lokalet fram mot læraren. Det lyser frå mange dataskjermar og vi ser ryggane til 7 elevar som sit konsentrert og får opplæring i Helseplattforma

Lokkar med høgare løn

Helse Møre og Romsdal lokkar trønderane med høgare løn. Mellom anna skal kvar dag i Møre og Romsdal honorerast med 2700 kroner ekstra.

– For dei som har overskot, og som tykkjer det er greitt å ofre fritid og ferie, så er det kanskje nokre som kan tenke seg å reise til mørebyane. Men det er svært lite sannsynleg at 100 legar kjem til å reise, seier Wågø.

– Det er ei grense for kva ein kan betale seg ut av, seier ho.

– Veit du i det heile om nokon reiser frivillig?

– Ja, eg veit om eit par stykke. Men dette er folk som er kjøpte fri frå deler av stillingane sine, som fagekspertar og superbrukarar på Helseplattforma.

– No Helseplattforma utsetjast

Også legestanden i Møre og Romsdal har merka seg at det er lite hjelp å hente. Overlegeforeininga krev no at styret i føretaket så raskt som mogleg utset journalsystemet.

– Det er ikkje overraskande at St. Olavshospital ikkje har mykje personell dei kan sende til Møre og Romsdal. Dette er ikkje overraskande i det heile teke, seier leiar i overlegeforeninga ved Molde sjukehus, Georg Johnsen.

– Kor fort bør avgjerda om utsetjing kome?

– Vi har meint at denne avgjerda burde ha kome for lenge sidan. Det sa våre representantar både i desember og på marsmøtet. Men det kan virke som om leiinga ønskjer å bruke mest mogleg tid.

Avtroppende klinikksjef, Georg Johnsen, ved Molde sjukehus.

Georg Johnsen er tillitsvald i overlegeforeininga ved Molde sjukehus.

Foto: Idun Aalbu Rasmussen / NRK

– Fokuserer på interne prosessar

NRK har bede om ein kommentar frå direktør Olav Lødemel i Helse Møre og Romsdal. Kommunikasjonsdirektør May Helen Molvær Grimstad seier at føretaket akkurat no ikkje har noko nytt å kome med, men at leiinga fokuserer på interne prosessar slik saka står no.

Tidlegare har direktør Lødemel uttalt at Helse Møre og Romsdal treng hjelp, spesielt frå St. Olavs hospital for å kunne innføre Helseplattforma 27. april.

– Kompetansen vi treng er å finne på St. Olavs hospital, sa Olav Lødemel på førre styremøte i Helse Møre og Romdal.

Det er knapt med tid fram til den endelege avgjerda skal takast. Påska er i anmarsj. Deretter skal risikovurderingane kring innføringa av Helseplattforma oppdaterast. 17. april er det ordinært styremøte. 10 dagar seinare er vi framme ved innføringsdatoen.

Les også Helseplattforma: – Systemet hadde neppe blitt valt om det skulle kjøpast i dag

Opplæring i Helseplattforma i Ålesund 9. februar 2024. Vi ser frå bak i lokalet fram mot læraren. Det lyser frå mange dataskjermar og vi ser ryggane til 7 elevar som sit konsentrert og får opplæring i Helseplattforma