Hopp til innhold
Anmeldelse

Ellevill og gravalvorleg roman om Ukraina

«Aleksandra» fortel Ukrainas historie frå dei siste hundre åra, sett gjennom ein familie av donkosakkar.

Forfatter Lisa Weeda og omslaget til «Aleksandra»

KNALLDEBUT: Nederlandske Lisa Weeda tek oss med på ei reise til Luhansk og til hundre års ukrainsk historie med ein død oldefar som guide.

Foto: CAPPELEN DAMM/GEERT SNOEIJER
Bok

«Aleksandra»

Lisa Weeda

Oversatt av Hedda Vormeland

Roman

Høst 2022

Cappelen Damm

Årets litterære talent i Nederland heiter Lisa Weeda, og det er lett å forstå. Denne ambisiøse debut­romanen er lagt til Ukraina og ganske særleg til Luhansk, der forfattaren har røter.

Ukrainske romanar som har kome i norsk språk­form dette året, har vore prega av absurditetar, komikk og stort alvor.

Weeda skriv seg inn i denne svært leseverdige tradisjonen.

Kø av sovjetiske dimensjonar

«Aleksandra» startar med ein kø.

Alle som har lese romanar frå Sovjet-tida, vil vite at køen har ein spesiell plass: Folk står der lenge, det er usikkert kva som ventar når du kjem fram, og kø­ståarar har utvikla ein heilt eigen, ramsalt replikkunst, i alle fall i skjønn­litteraturen.

Hovud­personen Lisa står i kø for å kome frå Ukraina og inn i den såkalla Folkerepublikken Luhansk.

Litterært sett er dette ein svært vellykka kø, men Lisa blir avvist når ho kjem fram.

Ho prøver å forklare at ho inn, ho har nemleg med seg eit klede som skal leggjast på grava til ein død slektning. Han finn ikkje fred på den andre sida, og bestemor Aleksandra har sendt Lisa av garde med kledet.

Søkt? Ja, det synst grense­vaktene også. Men kledet fører oss inn til sjølve margen i den dramatiske historia om donkosakk-familien Krasnov.

Forfatter Lisa Weeda

KNALLDEBUT: Nederlandske Lisa Weeda tek oss med på ei reise til Luhansk og til hundre års ukrainsk historie med ein død oldefar som guide.

Foto: Eva Roefs

Tidsreise med død oldefar

Etter å ha kjempa på dei kvites side under revolusjonen, vart mange donkosakkar deportert til Sibir, seinare opplevde dei den store hungers­nauda saman med andre ukrainarar på 1930-talet.

Under krigen var dei deportert Tyskland for å arbeide i krigs­industrien. I det siste har folk søkt seg ut av Donbass-regionen etter at russisk­venlege separatistar gjekk i gang med å danne folkerepublikkar i 2014.

Kort sagt: Familien har vore spreidd for alle vindar i hundrevis av år. Men i Tyskland sit bestemor Aleksandra og broderer inn fødslar og dødsfall og viktige hendingar på eit klede.

Dette kledet held familien saman, og etter kvart har det fått magisk kraft: Kolja, som hamna i krangel med separatistane i Luhansk i 2015 skal hjelpast til evig kvile når berre Lisa får lagt kledet på grava hans.

Lang historie kort: Ho kjem seg til kyrkje­garden, men før ho når fram til grava blir ho dregen inn i «De bortkomne donkosakkers palass» av … oldefaren sin.

Og herifrå går historia over i ein ny dimensjon, bokstavleg talt.

Les også «Vodkamarinert surrealisme frå Ukraina»

Forfatterportrett av Jurij Andrukhovytsj og bokomslaget til Moskoviaden

Drastisk og original historie­time

Saman med oldefar Nikolaj vandrar Lisa bakover i tid. Ho får sjå korleis den store historia har tynt familie, vener og naboar frå den russiske revolusjonen og fram til 2018, der denne romanen sluttar.

Tidsreisene vekslar med kapittel frå Luhansk frå 2014 og utover. Her står den stakkars Kolja sentralt.

Grepet med å overskride tida og døden saman med oldefar fungerer godt, men romanen gnistrar mest når dei døde familie­medlemmene får kome til orde. Historiene deira er fulle av store tragediar, uløyselege dilemma og små detaljar som gjer dei levande.

Det same gjeld for mater familias Aleksandra som samlar stumpar og stykke av familie­historia i brød­boksen der ho sit langt borte frå føde­staden.

«Aleksandra» er ein drastisk og original historie­time eg seint vil gløyme.

Høyr diskusjonen om boka frå «Åpen bok: Kritikarane»:

Hei!

Eg er hovudkritikar av skjønnlitteratur i NRK. Les gjerne bokmeldingane mine av «Aleksandra» av Lisa Weeda, «Tillit» av Hernan Diaz eller «Fri. En oppvekst ved historiens ende» av Lea Ypi.