Hopp til innhold

Årets mest leste NRK-saker frå Rogaland

Eit langt nyheitsår ligg snart bak oss. Her er nokre av dei mest leste sakene frå ditt fylke.

NRK Rogalands mest leste saker 2021

Svært få av årets mest leste saker frå Rogaland er koronanyheiter.

Illustrasjon: Våge studio / Øystein Otterdal / Håkon Mannsåker / Carina Johansen / NRK / NTB Scanpix

Superhelten Jacob

Ingen av oss vil gløyme historia om Jacob Opheim som i november mista livet etter å ha redda eit barn opp frå vatnet ved Sandvehamn.

Den rørande historia er utan tvil den mest leste NRK-artikkelen frå Rogaland i 2021.

Salet av slankemedisinar skaut i vêret

Slankemiddel på blå resept vart svært mykje brukt i 2021, men kvifor er ingen heilt sikre på.

Den ni år gamle overgriparen

Heilt åleine på eit rom på skulen måtte Lars svare på skuldingar. Kva rettar har barn i saker der barnevernet er etterforskar, jury og dommar?

Den berykta gangvegen

På Jæren lagde dei Noregs billigaste gang- og sykkelsti. Det var på langt nær alle særleg glade for.

Klovnen som gjekk bort

Per Inge Torkelsen vart 68 år gamal. Den sjølverklærte klovnen gleda ein heil generasjon med sine skråblikk, men gjekk ikkje av vegen for å skape litt oppstyr innimellom.

Skulen åtvara mot TV-serie

«Squid Game» vart eit heilt fenomen i haust og alle prata om det. Til og med barn hadde sett den valdelege koreanske serien.

Ei mor som fryktar for sin son

I ein kommunal omsorgsbustad har Lindas utviklingshemma son blitt narkoman.

No ser ho han sakte, men sikkert gå til grunne. Ho meiner kommunen burde ha gripe meir inn.

Mange på krisesenter

Det var då pandemien kom at alt rakna. Alle blei isolert i heimane sine, men for Marit og barna hennar var ikkje heimen ein trygg stad å vere. Krisesenteret i Stavanger vart deira veg ut.

Sikta for Tengs-drapet

Kven drap Birgitte Tengs i 1995? I haust vart ein mann i 50-åra sikta for drapet på Birgitte Tengs og mistenkt for drapet på Tina Jørgensen.

Pandeministeren

Bent Høie gav seg med politikk etter årets Stortingsval. Han vil bli hugsa for å ha losa Noreg gjennom pandemien på ein strålande måte, meiner politisk kommentator.

Teite emojiar

Brukar du 😂 framleis? Då er du nok ganske cringe, meiner mange unge.

«Etter sterkt press slutta han endeleg»

Få har vel fått ein arbeidsattest som Per Klingsheim frå Klepp. I dag går det vesentleg betre enn attesten frå 1986 skulle tilseie.

Frå miniputt til gigant

Er Noreg ein miniputt eller ein gigant på utslepp av klimagassar? Det kjem heilt an på kva reknestykke du vel å bruke.

Mista jobben for snoking

Etter at Siri meldte frå om snoking i pasientjournalen hennar, blei dei svært sensitive opplysningane del av ei arbeidsrettssak. I etter tre år med rettsrundar er saka over, og kvinna som «snoka» mister jobben.