Bokhausten er i gang, og mange hundre nye utgjevingar vert å finne i bokhandlar og nettbutikkar dei neste månadene.
Medan våren er tida for omsett litteratur, er hausten hovudsakleg årstida for ny norsk skjønnlitteratur. Og i haust stiller uvanleg mange av veteranane i norsk litteratur med nye bøker.
Her har vi valt ut 19 bøker vi har store forventningar til og som det er grunn til å vente seg lesegleder frå:
Vi tek atterhald om at utgjevingsdatoane kan bli endra.
- Klikk her for norsk skjønnlitteratur
- Klikk her for utanlandsk skjønnlitteratur
- Klikk her for sakprosa
- Klikk her for barne- og ungdomsbøker
Norsk skjønnlitteratur
Valt ut av Marta Norheim, NRKs hovudkritikar på skjønnlitteratur:
«Byens spor: Jesper og Trude» av Lars Saabye Christensen
- Dato: Har kome ut
- Forlag: Cappelen Damm
Forfattaren er inne i ein uvanleg produktiv fase, og no kjem fjerde roman i trilogien «Byens spor». Mor Maj frå Fagerborg Røde Kors går i grava og nye generasjonar skal krongle seg gjennom livet i 1980-talet i Oslo. Jesper har heile tida vore ein gåtefull person, kanskje han kjem tydelegare til syne denne gongen?
LES MELDINGA:
«Eit nytt namn» av Jon Fosse
- Dato: 3. september
- Forlag: Samlaget
Tredje og – får vi tru – siste bind i «Septologien» om Asle og Asle og Ales og Åsleik kjem, og forlaget lovar både ekteskap, kriser og pinnekjøt til jul. Men alle som har lese dei to første romanane i trilogien eller kva som helst anna av Fosse, vil vite at slike ord fangar opp svært lite av det som hender i bøkene hans. Gjennom repetisjonar og tankespinn skaper forfattaren eit rom for det som ikkje kan seiast og som deler lesarane i dei som let seg fascinere og dei som let seg frustrere.
LES MELDINGA:
«Mitt menneske» av Herbjørg Wassmo
- Dato: 1. oktober
- Forlag: Gyldendal
Nok ein gong legg Wassmo handlinga til Nord-Noreg, til landsdelen der dei fleste bøkene hennar spelar seg ut. Denne gongen er det kunstnaren Rut og den rastlause Gorm som står i sentrum. Dei to møtest på ny etter å ha levd ulike liv, og tittelen hintar om at det er snakk om ei kjærleikshistorie. Det er lov å håpe på sterke kjensler og harde kampar med naturkreftene, Wassmo skriv best i motvind.
«Team Tuva» av Marit Eikemo
- Dato: 1. oktober
- Forlag: Samlaget
Eikemo har det med å levere medrivande historier som slår presist og elegant ned på ugreie sider ved slikt folk strevar med no for tida. Denne gongen er det Tuva, som blir sett gjennom ei rekkje personar som er del av livet hennar. Ikkje vener og familie, men psykologen, snikkaren og fleire til. Ein slags mosaikk her, og eg merkar meg at hovudpersonen har kjøpt eit forsamlingshus. Det er lov til å vente seg mykje av kjøpet; få ting seier meir om personane til Eikemo enn husa dei lever i eller drøymer om.
«Dette er G» av Inghill Johansen
- Dato: 25. august
- Forlag: Oktober
Johansen skriv tynne, underfundige bøker som kjem med lange mellomrom. Og apropos hus, siste boka hennar var «Bungalow» i 2016. Denne gongen står eit brunt hus i dalen G sentralt: der bur fyllikar, og predikantar, og hovudpersonen, til ulike tider. Kva forfattaren får ut av dalen G, huset og alt som glir forbi er ikkje godt å vite, men eg ventar meg alltid overraskingar frå Johansen.
LES MELDINGA:
«Selveiersanger» av Marianne Marthinsen
- Dato: 24. september
- Forlag: Aschehoug
Ein veit aldri kva ein kan vente seg frå debutantar, men Marthinsen får likevel kome med på denne eksklusive lista. Mange års røynsle som stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet gjer at ikkje berre romankritikarar, men også politikarar og kommentatorar vil kaste seg ivrig over boka, som ikkje kjem før etter valet. Men Marthinsen har altså valt å skrive ein roman, eg berre nemner det.
«Mordet på Henrik Ibsen» av Erlend O. Nødtvedt
- Dato: 22. oktober
- Forlag: Aschehoug
I 2017 leverte Nødtvedt den på alle måtar fuktige romanen «Vestlandet» som fekk lesarane til å le så tårene rann. Det er såleis all grunn til å lite på forlaget når dei karakteriserer årets roman med ord som «burlesk» og «regnvåt». Kven som myrdar Ibsen går dei ikkje ut med, men ein viss instruktør ligg tynt an. Det er duka for ein kriminell litteraturhistorietime frå ein av dei mest originale forfattarane vi har for tida.
Elles kan ein merke seg at:
- Jan Kjærstad er allereie ute med romanen «En tid for å leve» (les anmeldelsen her).
- Karl Ove Knausgård kjem med «Ulvene fra evighetens skog» (15. oktober) – ein tittel som skaper rare bilde i hovudet
- og til slutt hektar eg på nok ein romandebutant som er kjent frå før, nemleg musikaren Stein Torleif Bjella som kallar debutarbeidet for «Fiskehuset» (22. oktober).
Utanlandsk skjønnlitteratur
«Jesu død» av J.M. Coetzee
- Dato: 2. september
- Forlag: Cappelen Damm
- Omsett av: John Erik Bøe Lindgren
Ein av dei største nolevande forfattarane, som dessverre har vore ujamn dei seinare åra. Men med dei to bøkene han til no har skrive om Jesus er han tilbake på eit bra spor. Etter «Jesu barndom» og «Jesu skoledager» er vi no framme ved «Jesu død» og vi snakkar neppe her om krossfesting; desse romanane handlar om flyktningen David som lever i vår eiga tid.
«Som man reder ligger man» av Margaret Atwood
- Dato: 3. september
- Forlag: Aschehoug
- Omsett av: Inger Gjelsvik
TV-serien bygd på romanen «The Handmaids Tale» gav Atwood mange nye lesarar, og forlaget gir no ut ei bok som kom for sju år sidan. «Som man reder ligger man» (originaltittel: «Stone mattress») er ei novellesamling der det utrulegaste kan skje ifølgje forlaget. Etter å ha lese «Maddaddam»-bøkene til denne svært skarpe forfattaren, tvilar eg ikkje eit sekund.
«Ingen ba for dem» av Khaled Khalifa
- Dato: Har kome ut
- Forlag: Pax
- Omsett av: Oda Myran Winsnes
Romanane til Khalifa minner lesarane på at sjølv om temaet er trist, tragisk eller totalt håplaust, så kan historiene ha humor både av det grottesvarte og det absurde slaget. Forfattaren er frå Aleppo, og i «Ingen ba for dem» fortel han om byen frå han var ein osmansk storby på 1880-talet og fram til dagens nedbomba ruinby. Her skal det vanke både katastrofar og heftig kjærleik. Khalifa er ikkje redd for å ta i bruk heile paletten.
Sakprosa
Valt ut av Knut Hoem, NRKs hovudkritikar på sakprosa:
«Haugianerne. Ånden og maskinen» av Trygve Riiser Gundersen
- Dato: 25. oktober
- Forlag: Cappelen Damm
Norsk historie i biografisk form er eit stikkord i haust. Professor Tore Rem starta rett nok litt blodfattig med første bind om Kong Olav den V. Men det er grunn til å vone at temperaturen stig når han i andre bindet tar for seg folkekongen gjennom krigsåra. Store forventningar er det grunn til å ha til Trygve Riiser Gundersens bok om Hans Nielsen Hauge. Gundersen er idèhistorikar. Han har jobba lenge med prosjektet, og har sikkert skrive ein ukonvensjonell biografi, som rommer tida like mykje som det einskilde mennesket. Kan hende er det denne boka som skal få oss til å forstå kor viktig lekpredikanten Hans Nilsen Hauge har vore for at vi vart dei vi er i dag?
«Livet på landet. En felles arv» av James Rebanks
- Dato: Har kome ut
- Forlag: Press
- Omsett av: Hege Mehren
Med boka «Sauebondens liv» fekk Skotske James Rebanks også mange nordmenn til å få lyst til rydde kontorpulten og bli sauebønder i staden. I årets bok ser han truleg det naturnære livet i eit litt større perspektiv. Kan hende er boka, som på engelsk har fått den flotte tittelen «English Pastorale», nett det vi treng no som elvar renn over alle breidder og miljøpartia fossar fram på meiningsmålingane.
DEBATT: Regissør Pia Maria Roll er ein av redaktørane av boka som skal ta føre seg kva som skjedde rundt framsyninga «Ways of seeing» på Black Box Teater.
Foto: NRK«Og det er ikke bare munnene som synger. Ways of seeing» – Pia Maria Roll, Hanan Benammer og Sara Baban (red.)
- Dato: 1. november
- Forlag: Oktober
Det siste tiårets mest omtala teaterstykke endte i politisk skandale og oppgjer i rettsalen. Her er det sikkert framleis mykje vi ikkje veit. Kompaniet bak framsyninga er også redaktørar for denne boka, som tek føre seg hendingane rundt stykket. Det er grunn til å håpe at det kjem fram meir om kva som hende i kulissane.
Barne- og ungdomsbøker
Valt ut av Anne Cathrine Straume, NRKs hovudkritikar på barne- og ungdomsbøker:
«Hvordan er det å være voksen?» av Anna Fiske
- Kategori: Bildebok 4–7 år
- Dato: 23. august
- Forlag: Cappelen Damm
Anna Fiske er ein uvanleg kreativ og produktiv illustratør og forfattar, som mellom anna har laga fleire myldrebøker for dei minste. For eit par år sidan fekk ho mykje merksemd for boka «Hvordan lager man en baby?» på grunn av den utilslørte framstillinga av korleis barn faktisk vert laga. Dette er sakprosa for heilt små barn, bøker som passar bra til samtale mellom barn og vaksne. Fiske tek barna på alvor og svarar både sakleg og humoristisk på ting dei lurer på, til dømes korleis det er å starte på skulen. Eg vil tru ho kjem med nokre gode svar denne gongen òg, sjølv om det ikkje er berre lett å gje ein fasit på korleis det er å vere vaksen.
«Buffy By er eventyrlysten. En reiseskildring» av Ingeborg Arvola. Illustrert av Nora Brech.
- Kategori: Illustrert barneroman 8–12 år
- Dato: Har kome ut
- Forlag: Cappelen Damm
Ingeborg Arvola har treft blink med serien om Buffy By. Buffy er uredd og oppfinnsam, og det er karaktertrekk ho verkeleg får bruk for sidan mor hennar ikkje har jobb, faren er vekke, og det er smått med pengar i familien. Den første boka om Buffy var ein sjølvbiografi og det er ei svært sjarmerande jente som fortel om alle forviklingane ho rotar seg opp i. Arvola skriv om utfordringane ved å vere fattig i rike Oslo, utan å lage noko sutre-forteljing. Tvert i mot er det mange oppturar i det spennande livet til Buffy. I den tredje boka om Buffy, som kjem no i haust, dreg Buffy og broren Bobby til mormora i Nord-Noreg, ei bestemor dei aldri har møtt, sidan mor deira rømte heimanfrå som sekstenåring.
«Meningen med Atlas» av Torun Lian
- Kategori: Ungdomsroman
- Dato: 20. august
- Forlag: Aschehoug
Kor mange ungdomsromanar om døden er det plass til? Er dei gode, er det plass til fleire, meiner eg, og ser fram til Torun Lians «Meningen med Atlas». Der skriv ho om 16 år gamle Atlas, som er alvorleg sjuk og ikkje orkar meir av den harde behandlinga. Han stikk av til København, der han treff ei jente. Torun Lian vik ikkje unna for dei store eksistensielle spørsmåla vi alle kan bale med, anten ho skriv om kjærleik, som i «Frida med hjertet i hånden» eller om den sjenerte Alice Andersen, som treng meir tid for seg sjølv enn dei fleste andre barn.
Du finn alle anmeldelsar og anbefalingar frå NRK på nrk.no/anmeldelser.