Hopp til innhold
Anmeldelse

Overflødig bonusspor

Det er ein kunst å stoppe i tide, også for skrivekunstnarar. Fjerde bok i Lars Saabye Christensens trilogi «Byens spor» er ei bok for mykje.

Forfatter Lars Saabye Christensen har gitt ut romanen "Byens spor: Jesper og Trude", august 2021.
Foto: ALI ZARE / CAPPELEN DAMM / NTB
Bok

«Byens spor - Jesper og Trude»

Lars Saabye Christensen

Skjønnlitteratur

2021

Cappelen Damm

Forfattaren sjølv ser ut til å ha vore inne på tanken. Ein av dei få nye personane i dette bindet, bilethoggaren Carl Ask, reflekterer over kva som skjer dersom han ikkje greier å stoppe i tide: Steinblokka som på eitt tidspunkt var eit kunstverk, endar som ei steinrøys.

Heldigvis kan forfattar og lesarar sjå tilbake på trilogien «Byens spor» som slett ikkje fell i grus fordi om det kjem eit bonusspor trilogien ikkje hadde bruk for.

Så, kva er grunnen til denne harde dommen over bok fire, «Byens spor - Jesper og Trude»?

Generasjonsskifte

Det sviktar på fleire nivå, men først eit riss av kvar vi er i tid og rom: historia har no nådd fram til 1980- talet og navet er framleis Fagerborg, sjølv om det går liner austover til Legevakten der Stine arbeider som lege, og til Grønland der Trude er assistent – ikkje sekretær! – hjå før nemnde bilethoggar. Ja, og så til Gaustad som fleire av personane er innom.

Romanen opnar med gravferda til Maj, ein sentral person i dei tre første bøkene. Enkefru Vik dreg også på åra. Dei unge må ta over. Slik er livets gang og slik er det også i romanar som skal femne over fleire tiår, men dei unge greier ikkje å bere historia vidare.

Vi snakkar om barna til Maj, Jesper og Stine som begge har arr på sinnet og som står i djupt ambivalente relasjonar til høvesvis Trude og Are. Og så Jostein, den muntermelankolske desperadoen som aldri har funne sin plass i livet.

Historia går i stå

Dei går og går og kjem aldri av flekken. Straks dei har teke eit steg i ei eller anna retning blir dei dregne tilbake i sporet. Konsekvensen blir at interessa for dei fell drastisk i løpet av romanen.

No har «Byens spor»-serien fleire tyngdepunkt. I tillegg til personane, får vi i kvart bind ei nitid skildring av byen, særleg då rundt Majorstua, og av tida: talemåtar, teknologisk utvikling, sed og skikk endrar seg med høg presisjon.

Dette er med i rikt monn også i bind 4. Men det blir liggande ein kjølig skugge over Oslo på 1980-talet. Olje og jappetid og individualisme råder, og ein særs insisterande forteljar gnir elendet på stadig nye måtar.

Denne forteljaren kan minne om han vi møtte i den førre romanen til Saabye Christensen, «En tilfeldig nordmann» . Men der sistnemnde svinga pisken med satirisk snert, bikkar forteljaren i «Jesper og Trude» over i ukledeleg nostalgi og rein sutring.

Karakteristisk for «Byens spor»-trilogien er at mørke parti og livskriser blir løfta av ein poetisk varme i skildringane, gjerne av det melankolske slaget. Den er så godt som borte her, både i skildringar av tid, stad og personar.

Sporveksling

«Jesper og Trude» skil seg altså kraftig og på uheldig vis ut frå dei tre føregåande romanane. Likevel finst det scener som festar seg: som når nokre arbeidarar baksar rundt med ein diger gul «o». Det viser seg at den skal inn i skiltet som viser at «McDonald's» opnar på Majorstua, og det rett vis a vis den falmande slaktarforretninga til Melsom.

Eit fortetta bilde på tida som går, som ikkje blir togge sund av den før nemne forteljaren.

Det hender også at forteljaren glimtar til i skildringane av tida, men det er altfor langt mellom rosinene i denne pølsa.

Så. I dette fjerde bindet er alle lause trådar ettertrykkeleg festa, så noko femte bind er det neppe grunnlag for. Det er dermed all grunn til å håpe på at forfattaren pensar over på eit anna og betre spor i neste bok.

Du finn alle anmeldelsar og anbefalingar på nrk.no/anmeldelser.

Anbefalt vidare lesing: