Hopp til innhold
Anmeldelse

Morosamt mysteriespel frå Fosse

Med «Septologien» har Jon Fosse skrive ein kunstnarroman spekka med humor og mystikk, verdslege gleder og god kontakt oppover i skylaga.

Jon Fosse gir ut romanen "Eit nytt namn" hausten 2021.
Foto: Samlaget/Tom A. Kolstad
Bok

«Eit nytt namn - Septologien VI - VII»

Jon Fosse

Skjønnlitteratur

3. september

Samlaget

Den som når heilt til finalen på sjølvaste julekvelden i Jon Fosses sjubindsverk, vil kunne konstatere at forfattaren har gjort seg stor flid med romankonstruksjonen. På notidsplanet møter vi den aldrande kunstnaren Asle i den siste veka før jul. Han bur aleine i eit stort hus langs ein hardangerfjord utanfor Bergen, kalla Bjørgvin i romanen.

Den aldrande Asle talar til oss i eg-form, men når han tenkjer tilbake på livet skifter forteljinga til tredje person eintal. I desse tilbakeblikka møter vi Asle som barn og seinare som ung kunstnar i nokre avgjerande augeblikk i livet.

Kunstnarroman

For «Septologien» er ein kunstnarroman. Den handlar om å bli kunstnar, og den handlar også om kva kunst er for noko. I denne siste boka – som altså er den siste i eit sjubindsverk, og som i seg sjølv rommar bind 6 og 7 – møter vi Asle som ung mann på veg inn til byen for å begynne på kunstskule. Medan han sit på bussen tenkjer han også på korleis kunst oppstår i han i form av bilete som festar seg i minnet hans.

Desse bileta er stort sett alltid frå det same landskapet, ja dei må vere frå akkurat dette landskapet. Det kan vere av dei svarte støvlane til bestemora «i regn, ein morken robåt i ei fjøre, ei tung skiferhelle på eit nausttak, tenkjer han». Det er ikkje snakk om nokon direkte avtrykk av landskap eller menneske.

To hovudpersonar

Nei, Asle har den evna at han gjer om på det, han får den tause røysta i bileta til å verta tydelegare. Desse orda, sagt av kunstmålaren Asle passar sikkert også godt for forfattaren Fosse. Mellom desse romanane og den røynlege forfattar er det et tynt, men likevel godt vove slør.

Eit kompliserande element for lesaren i den første boka var at Fosse introduserte ein romanperson til med same namn.

Den andre Asle i «Septologien» har ikkje berre same namn som hovudpersonen Asle. Han er til alt overmål også kunstnar. Men der den eine er tørrlagt alkoholikar, barnlaus og bur på landet, er den andre skild to gonger, har ungar og ligg sterkt alkoholskada på sjukehus. I dei første binda kunne ein ta seg i å lure på om denne Asle i byen berre var eit slags fantasifoster eller draum.

Når vi no har fasit i hand kan vi slå fast at også denne andre Asle «finst». Fosse måler opp to livslagnader som kryssar kvarandre på same vis som penselstrøka kryssar seg på krossen han måler i to fargar innleiingsvis. På eit metaforisk nivå er det likevel naturleg å sjå dei to personane som to ulike variasjonar over eit liv.

Romanen syner det vi veit, at det er tilfeldig at vi vart som vi vart, og at vi like gjerne kunne hamna inn på eit anna spor med andre menneske.

Omset Bergen til nynorsk

Med dei to siste binda blir det også tydelegare at Fosse har lyst til å lage romanar som utspeler seg i Bergen. Det er, som tidlegare nemnt, Bergen som ligg der – bak sløret. Det Fosse gjer, og som skil han frå bergensromanane til forfattarar som Amalie Skram, Tormod Haugland, Karl Ove Knausgård, Tore Renberg, Cecilie Løveid og Gunnar Staalesen, er at Fosse omset byen til nynorsk.

Han har tidlegare klaga i avisene på at Bergen har fortrengt det nynorske ved seg. Her står fram byen i nynorsk omsetjing. Øvergaten blir til Øvstegata. Skuteviken til Skutevika. Byen har rett nok ei nummer ein-avis som heiter Bjørgvin Tidende, men Asle les også det nynorske alternativet, no nedlagde Gula Tidend, der Jon Fosse ein gong arbeidde som journalist.

Tilslørte Bergens-piker

På same vis som i «Min kamp»-serien til Karl Ove Knausgård er det første møtet med Bergen å finne i romanseriens nest siste bind. Kvinna i livet hans, Ales, som han møter på Busstasjonen, er ei bergensjente av katolsk familie. Ho er like mykje frå byen som han er frå bygda. Ho er like blotta for talent som han er full av det.

Denne kjærleiken er nærast guddommeleg og står i motsetnad til den trugande seksualiteten som overgriparen «Skallen» representerte i førre bok. I denne boka er det den temmeleg innrøykte og trugande Guro som skapar uro i forteljinga. At grannen Åsleik har ei syster som også heiter Guro og som enkjemannen Asle har takka ja til å feire julaftan saman med, aukar spenninga som held seg til siste slutt.

Eit meir heilstøypt verk

Med fasit i hand ser vi også kor mykje «Septologien» liknar Fosses førre storverk, den såkalla Andvake-trilogien. Også denne gongen møter vi unge menneske på jakt etter husvære i Vestlandets hovudstad.

I mi bok er «Septologien» eit meir heilstøypt verk. Det moderne mennesket har ei anna evne til sjølvrefleksjon enn mellomaldermenneska i trilogien. Evna til å sjå kritisk på seg sjølv og eigne tenkjemåtar gir grobotn for mykje av komikken, som var nærast fråverande i Andvake-trilogien.

Mørkeret må brytast mot det ljose, for at det lysande mørkeret, som Fosse strevar etter, skal oppstå.

Vel å teie

Humoren, som Fosse har utvikla i teaterstykka sine, kjem til sin fulle rett denne gongen ved at Asle ikkje berre finst for seg sjølv. Han har også verdi for andre. Han er blitt eit menneske, som blir sett av andre, fordi han viser omsyn for dei rundt seg. Ja, meir enn som så. Han lar dei skine, gjennom å sjølv velje å teie. Talentet hans blir sett og anerkjent av galleristen Beyer og av lærekreftene på kunsthøgskulen. Vel så viktige er det mellommenneskelege – at han syner nestekjærleik overfor dei som ikkje er velsigna med det same talentet som han sjølv.

Det guddommelege finst i kvar og ein av oss.

Godt røykt pinnekjøt

Asle held kjeft og lar andre kome til orde, men ender også opp med å opna seg. I dette ligg det noko guddommeleg, som ein ikkje treng å vere ein truande og praktiserande katolikk som ber avemariaer seint og tidleg, for å ta til seg. Vi er ikkje berre materie. På eitt eller anna vis må vi også finne eit språk for det mystiske med menneskelivet. Det meiningslause i det må få meining. Men meininga ligg ikkje berre oppover i skylaga. Den er også å finne i dei skikkane vi har utvikla gjennom hundreåra, som ønskje om å samlast når det stundar mot jul, og berre tanken på det røykte pinnekjøtet får tennene til å løpe i vann, som det heiter på dansk.

På 1400-talet oppstod det ein ny teaterskikk i Europa. Skodespelarar reiste rundt og oppførte mysteriespel. Dette var komiske og tragiske historier frå Bibelen, og vart gjerne oppført rundt høgtidene.

Med forteljinga om Asle i veka før jul har Jon Fosse skapt sitt mysteriespel med mykje humor og med ein bibelsk bodskap om nestekjærleik, tett på vår eiga tid.

Du finn alle anmeldelsar og anbefalingar frå NRK på nrk.no/anmeldelser.

Anbefalt vidare:

Jon Fosse fyller 60 år. Han har skrevet seg helt inn i Statens æresbolig Grotten. Hans Olav Brenner møter den private forfatteren som slett ikke er redd for sannheten, men det er noe han ikke kan si.

Hans Olav Brenner møter den private forfatteren Jon Fosse.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.