Hopp til innhold

Sju søte fristelsar med eple

Dette er tida då vi koser oss inne med årets eplehaust. Her får du sju oppskrifter med eple, det er kaker, muffins, eplestrudel, ein dansk variant i brødform og epledesserten med sprøtt lokk.

Eplemuffins med vaniljekrem

Desse muffinsane blir som små eplekaker med vaniljekrem, mandlar og sukkerstrø.

Foto: Tone Rieber-Mohn / NRK

1. Med vaniljekrem

Saftig eplekake der epla ligg i eit lag vaniljekrem. Deigen blir laga med bruna smør, som gir ein god nøtteaktig smak.

2. Lag på lag

Eplekake utan mjøl og egg, men med veldig mykje herleg smør. Kanel, appelsin- og sitronskal set smak på eplekaka med tynne epleskiver. Blir servert med vaniljekrem. Har du granskotsirup frå i vår, så bruker du han, viss ikkje, så er kaka super utan òg.

3. Opp ned-kake

Lag kaka i ei steikepanne som toler varmen i steikeomnen. Tenk på handtaket! Den kan òg lagast i ei lita paiform. Eplebåtane koker i karamell før mandlane blir dryste over, panna eller forma blir dekt med butterdeig og kaka blir steikt ferdig i omnen. Når den er ferdig steikt snur du kaka ut av forma, så dei karamelliserte epla får skine.

4. Utan steikeomn

Med ferdig kjøpt filodeig kan du lage små eplekaker med fyll av eple, rosiner og amarettolikør. Gino D'Acampo brukar steikepanna både til å lage fyllet og til å steikje eplestrudlane ferdig.

5. Store porsjonar

Fram med dei store muffinsformene, desse muffinsane blir som små eplekaker med vaniljekrem, mandlar og sukkerstrø.

6. Dansk eplekake i brødform

Har du lyst til å prøve noko nytt? Dette er eplekake med litt andre krydder enn vi pleier. Her er det ikkje kanel, men kardemomme og muskat. Deigen er laga av knuste kavringar som skal bløytast opp i smelta smør og mjølk.

7. Søt epledessert

Dette er meir dessert enn kake. Eit godt lag med karamellkokte eplebåtar under eit sprøtt lokk med smak av ingefær og kanel. Epledesserten blir servert lun med crème fraîche.