Eplepai i ei kvit ildfast form

Hausten er tid for norske eple, og ein god eplepai med vanilje.

Foto: Carina Ahlskog / YLE

Forførande eplepai

I kokken Michael Björklund sitt hjarte er det ein heilt spesiell stad for eplepaiar. Han hadde ikkje gifta seg med kona si Jenny, viss det ikkje hadde vore for denne eplepaien.

Slik gjør du

Skrell epla og skjer dei i båtar.

Bland eplebåtane med kanel og halvparten av sukkeret, legg dei til side.

Bland smør, havregryn, kveitemjøl, resten av sukkeret og bakepulveret til ei jamn røre.

Ha omtrent halvparten av røra i ei eldfast form og fordel den jamt.

Tilset eplebåtane, og fordel resten av røra over.

Dryp sirupen på paien og steik i omnen på 175 grader til den får ein fin farge, ca. 20 minutt.

Nyt med ekte vaniljesaus.

Kilde: Michael Björklund frå TV-serien «Hygge i Strömsö»