Hopp til innhold

Sjå alle dei dramatiske slektshistoriene frå Anno 1537

Viktige augneblink i historia, frå slektene til deltakarane. Også dei fire som ikkje vart vist på TV.

Portrettvegg Anno 1537

Portrettveggen i Erkebispegården ved Nidarosdomen i Anno 1537.

Foto: NRK/Strix

Kvar veke fortel vi éin av forfedrane til deltakarane si historie i Anno, men på ti veker er det ikkje plass til alle fjorten. Difor kan du sjå alle her, i alfabetisk rekkjefølgje.

Anne-Berit

– Det var rett og slett overveldande!

Riddar Ørjan Karlsson, frå Anne-Berit si slekt, var viktig i kampen mellom dei skandinaviske landa på 1400-talet.

– Eg vart lamslått, det var rett og slett overveldande!

Anne-Berit visste ikkje at ein av forfedrane hennar var ein riddar som vart torturert for si støtte til ein norsk-svensk konge.

Araceli

Araceli er glad for å få vist fram historia som bragte foreldra hennar til Noreg.

Araceli si slektshistorie er i vår nære fortid, frå 80-talet i Sør-Amerika.

– Deira reise har vore hardare enn mi, seier Araceli om foreldra som flykta til Noreg frå diktaturet i Chile, ei historie ho har høyrd mykje om.

– Det var fint at dei andre vekk lov til å bli kjend med familiehistoria mi. Ikkje berre deltakarane, men også TV-sjåarar. Historia i seg sjølv er viktig å få fram.

Bjørn

Bjørns forfader var den første borgarmeisteren i Trondheim.

Bjørn si slektshistorie fann stad midt i sesongens høgdepunkt – rundt reformasjonen i Noreg.

Bjørn åt sin meistermiddag same stad som hans forfar Niels Lauritzen hadde vore nesten 5 hundreår tidlegare, med den faktiske erkebiskop Olav Engelbrektsson.

– Det var veldig interessant. Du er i eit tv-spel som skal illudere ei historisk hending, og så har du ein slektning som har ete mat i same salen som du.

Charlotte

Charlotte si slektshistorie er ei historie om harde kår.

Denne vart ikkje vist på TV. Charlotte si forhistorie inkluderer Asbjørn Taraldsen frå Oppdal i Sør-Trøndelag, som i 1665 måtte takle tapet av store deler av si næraste familie.

Christian

I hungersnød fann Christians formor ein veg til familie og gard.

I hungersnød fann Christians formor ein veg til familie og gard.

Denne vart ikkje vist på TV. Christian sin familie hamna i ei av dei verste svoltkatastrofene i Noregs historie på byrjinga av 1800-talet.

Hanne

Hannes forfars familie ble rammet av kopper på 1700-tallet, og 12-årige Elias måtte ta vare på familien.

Sjå Hanne si slektshistorie med utgangspunkt i Frei i Møre og Romsdal.

– Eg gleder meg til familien skal få sjå den, seier Hanne om historia om 12-årige Elias, som måtte ta vare på tre småsyskjen i 1763 – etter at koppar-sjukdom slo til i familien.

– Det er nesten eit paradoks at det gjerne er når ein blir gamal at ein blir oppteken av slikt. Kanskje det er når ein er ung at ein burde ta opp tråden, når ein framleis har folk ein kan spørje.

Katja

30-talet førte med seg meir fattigdom enn vi kanskje tenkjer på, Katja si bestemor vart solgt på torget.

Katja si slektshistorie viste harde kår i Finland på 1920-talet.

Katja kjende historia om bestemora som vart seld på torget, men å få den servert i Anno var likevel ein sterk augneblink:

– Eg grein jo auga av meg, og sakna ho. Anten eg er på Erkebispegården eller ikkje, så tenkjer eg framleis: «for ei kvinne dette var»!

Magnus

– Fiskarar og bønder har vore idealpersonane mine

Magnus si slektshistorie avdekte ei skjebnesvanger hending på Ulstein.

Hans tippoldefar, bonden Ola Sivert Olsen fekk i 1837 garden på Ulstein utrydda etter at uvêr førte til eit uhyggeleg stort ras. Med gravid kone og åtte ungar var han tvungen til å byggje opp alt på nytt, noko han også klarte.

– Det er jo på ein måte dei eg har sett opp til, for å utvikle meg sjølv, forbetre meg sjølv. Eg vil vere like tøff og hardtarbeidande som det dei var, seier Magnus.

Linn Elise

Ein bondeson som vart skulesjef i eit Noreg i ombrytingstid.

Linn Elise si slektshistorie fann stad på midten av 1800-talet, og hendinga som trakk familien hennar mot nord.

– Eg veit så ufatteleg lite om familiehistoria mi, det er jo eigentleg ein skandale, seier Linn Elise.

Ho fekk sjå historia om sin forfar John Halvorsen som gjekk frå å vere bondeson til å bli skulestyrar i ei brytningstid i norsk utdanningshistorie.

Ove

Frå Anno 1537.

Oves forfar er ein del av ein sjøgåande familie, som framleis held til i Brevik.

Slektshistoria til Ove vart vist den siste veka i Anno, framfor dei fire attverande deltakarane. Den synte

– Eg blir audmjuk i forhold til mine forfedrar – og korleis dei har kjempa, jobba og slite. Å kvile kan ikkje ha vore eit tema, dei måtte alltid produsere noko, seier Ove.

Per

Per si slektshistorie

Slekta til Per hadde også tøffe tider.

– Eg veit alle hadde det hardt på den tida. Sånn var det jo for alle, alle har ein slik person i slekta om ein går langt bak i tid, seier Per om historia om Fordel Henrichsen.

Han seier at mora har blitt spesielt interessert i slektshistoria etter han var med i Anno.

Stian

Stian si slektshistorie er ei historie om ein filantrop som reiste til Chile i ei farleg tid for å finne kjærleiken.

Denne vart ikkje vist på TV. Sara Sarita Lund flytta til Chile på byrjinga av 1900-talet, og etter eit langt liv vart ho tildelt Kongens Fortjenstmedalje i gull.

Simen

Simen si slektshistorie inkluderer mellom anna ein bergensk biskop midt i reformasjonen.

Simen si slektshistorie er full av folk som har sett sitt preg på den norske historia, og biskopen i Bergen under reformasjonstida, Jens Pedersen Schjelderup, var ikkje noko unntak.

– Det er utruleg fascinerande å sjå at mine forfedrar har vore dei som har gått i bresjen og bana veg, seier Simen om historia han vart vist.

Taran

Havet har teke mange liv, også i Taran si slekt.

Denne vart ikkje vist på TV. Tarans formor Tøri fann kjærleiken i havgapet på 1700-talet, og arbeidde med jorda og havet trass vanskelege forhold.

  • Simen, Linn Elise og Katja er i finaleepisoden som går i kveld klokka 19.55 på NRK1, eller i vår nett-TV.

Kulturstrøm

  • Tidligere NRK-profil Harald Tusberg er død

    Tidligere NRK-profil Harald Tusberg er død, melder VG.

    Tusberg ble 88 år gammel.

    Tusberg jobbet i NRK fra 1961 til 1996, og var blant annet kjent for NRK-programmer som «Smil til det skjulte kamera» i 1960-årene og «Dette er ditt liv» i 1980-årene.

    Tusberg var også forfatter, låtskriver og filmmanuskriptforfatter.

     Harald Tusberg
    Foto: NTB
  • Russisk journalist dømt til 8 år fengsel

    En russisk journalist som protesterte mot Russlands krigføring i Ukraina på TV, har blitt dømt til 8 års fengsel, skriver AFP.

    Journalisten Marina Ovsiannikova ble dømt for å ha spredt falsk informasjon om Russlands væpnede styrker.

    Ovsiannikova skapte overskrifter verden over da hun i mars 2022 stilte med en plakat der det sto «Nei til krig» midt under en nyhetssending. Hun var ansatt som redaktør i den statseide russiske TV-kanalen Kanal 1.

    I juli samme år aksjonerte hun igjen ved å stille seg opp i nærheten av Kreml med en plakat der det sto «Putin er en morder. Soldatene hans er fascister».

    (NRK/NTB)

    Marina Ovsjannikova møter pressa. Rundt ho er det kamera og mikrofonar.
    Foto: AFP
  • 11 vil bli ny teaterdirektør

    11 personar har søkt på stillinga som ny direktør for teater Vestland. Noverande direktør Margunn Grytten Selvik melde i sommar at ho kom til å slutte i jobben sin. No er oppseiingstida snart ute og ny direktør må på plass. Styreleiar Rasmus Mo seier til Firda at det står mellom fire av søkarane som har vore inne til intervju. Blant søkarane er tidlegare administrerande direktør for Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane, Kjartan Aa Berge og noverande turnèprodusent for teateret Frida Aven Høstaker.

    Margunn Grytten Selvik
    Foto: Espen Nyttingnes