Hopp til innhold

Saknar rytmen av 1537

– Men det å ta ein god, lang, varm dusj er ein av dei største luksusane vi har i dag, seier femtemann ut av Anno.

Magnus Vartdal jobber som smed, Anno 1537

Rauk ut av ANNO: Magnus Vartdal (22).

Foto: NRK/Strix

Etter duell med Per Midtstue Jensen (28) rauk Magnus Vartdal (22) ut av kveldens Anno. Han tek utrykinga med fatning, men skulle gjerne ha fått gjort meir i 1537 etter å ha nytta mykje tid på å bli smedmeister.

– Det var jo kjipt på den måten at eg hadde drive med dette i to veker, éi veke på sveinestykket, éi veke på meisterstykket, og endeleg fått oppnådd det eg ynskja med Anno, seier Magnus.

– Så kjem dagen etterpå, der eg kunne miste alt saman.

Og etter 28 dagar i Erkebispegarden var det altså over. Smedlærlingen som arbeider på Hjerleid skole og handverkssenter på Dovre likte tida i 1537, men sakna spesielt éin ting:

– Det å ta ein god, lang, varm dusj er ein av dei største luksusane vi har i dag!

Norsk realityserie. I dag kommer oldermannen for å vurdere mesterstykket. Selda tester 1500-tallet, og det er klart for turnering og duell. Programleder er Selda Ekiz. Sesong 3 (12:30)

Sjå fekteduellen mellom Magnus og Per her.

Tippoldefaren bygde opp familiegarden på nytt etter dramatisk ras

Etter å ha blitt meister i smedlauget fekk Magnus sjå si dramatiske slektshistorie i kveldens episode. Historiene frå forfedrar er noko han har hatt interesse for tidlegare.

– Eg er av typen som alltid har sete og høyrde på besteforeldra snakke om slekt, det er ei interesse eg har hatt frå før, seier Magnus.

Hans tippoldefar, bonden Ola Sivert Olsen fekk i 1837 garden på Ulstein utrydda etter at uvêr førte til eit uhyggeleg stort ras. Med gravid kone og åtte ungar var han tvungen til å byggje opp alt på nytt, noko han også klarte.

– Det er jo på ein måte dei eg har sett opp til, for å utvikle meg sjølv, forbetre meg sjølv. Eg vil vere like tøff og hardtarbeidande som det dei var.

Sjå Magnus si slektshistorie om Ola Sivert Olsen her.

Blir ekte smedsvein til sumaren

Alt arbeid som vart gjort i Erkebispegården var viktig for kvardagen, noko Magnus sette pris på. Mjølet dei nytta dagen på å kverne, vart nytta til å lage brød til dagen etterpå. Dagane vart kanskje lange, men dei gav han energi.

– Leverytma saknar eg. Vi stod ofte opp i 4-5-tida – eller det vi trur var 4-5-tida, når sola kom – og la oss kanskje i 8-9-tida om kvelden. Då hadde vi jobba heile dagen frå morgonen av.

Magnus smed, i Anno

– Meg og reality-show går ikkje heilt hand i hand. Men dess meir eg tenkte på det, dess meir var det eigentleg opp mi gate, seier Magnus om Anno.

Foto: NRK/Strix

Som ung og oppteken av gamalt handverk vart han invitert til ein audition på Anno, som førte han vidare inn i programmet, sjølv om han seier at han og reality-show vanlegvis «ikkje heilt går hand i hand».

No er Magnus attende i verkstaden på Dovre, der han til sumaren skal gjere ferdig sveinebrevet som smed.

– Korleis set du sveinebrevet i Anno oppimot det ekte?

– Tja, seier han, og tenkjer nokre sekund.

– Eg set nok det ekte litt høgare.

Kulturstrøm

  • Gåte er fornøyd, men spente

    Til NRK sier Gåte at de er fornøyde med plasseringen de har fått i sin semifinale, men at de samtidig er spente på stemningen i salen etter Israels opptreden.

    Tidligere tirsdag ble det kjent at Norge opptrer rett etter Israel i den andre semifinalen i Malmö 9. mai. EBU har fått kritikk fra flere hold for å la Israel delta.

    Jim Ødegård Pedersen, leder folkejuryen Adresse Malmö, tror det kommer til å gå bra. Men sier at Israels bidrag ikke er det enkleste å opptre etter i år. Også han er spent.

  • Madonna avslutter turné med stor gratiskonsert

    Madonna skal holde en enorm gratiskonsert på Copacabana i Rio de Janeiro 4. mai som avslutning på Celebration-turneen som startet i oktober.

    På Madonnas nettside omtales konserten som hennes «største show hittil». Den er en «takk til fansen for å ha feiret musikken hennes i mer enn fire tiår».

    Madonna
    Foto: Evan Agostini / AP