Hopp til innhold

Trakk seg frå Anno etter dødsfall i familien

– Det kom til eit punkt der mennesket betydde meir enn spelet, seier Stian «Tusse» Tønnesen.

Stian Tønnesen Anno

Stian «Tusse» Tønnesen nytta mykje tid til å tenkje før han til slutt bestemte seg for å trekkje seg frå Anno.

Foto: NRK/Strix

Nokre dagar før dei drog inn i Erkebispegården døydde bestefar til Stian «Tusse» Tønnesen (25), og tankane rundt dette og familien vart avgjerande då han trakk seg frå Anno i onsdagens episode:

– Eg sat i sveinebua, med ølhøna mellom beina og tenkte «Kva i alle dagar? Kva er det eg driver med?» Alle tankar gjekk heim.

Norsk realityserie. De to svennelærlingene jobber videre med svennestykket, og snart kommer oldermannen for å kåre Annos neste svenn. Den som vinner, sikrer laget sitt og får bestemme hvem som skal ut i duell. Programleder er Selda Ekiz. Sesong 3 (5:30)

Sjå augneblinken då Stian bestemmer seg for å forlate Anno her.

Medan grimstadmannen var i 1537 vart bestefaren gravlagt. Etter ei travel første veke, med mange nye inntrykk, sank det etter kvart inn medan han arbeidde på sveineprøva i treskjering.

– Det gjekk fint dei første sju dagane. Eg hadde ikkje landa, og det var mange oppgåver og ting å halde fingrane i, seier Stian.

– Det er absurd kor godt vi kjem overeins

Fleire av dei andre deltakarane i Anno la også merke til at han plagdest med noko, i kveldens episode bekymrar både Katja og Ove seg over tilstanden hans. Sjølv ville han aller mest ringe familien:

Stian Tusse Tønnessen

– Det er litt spesielt å sjå seg sjølv på TV. Sambuaren synest ikkje det var så rart, seier Stian.

Foto: Frank Foss

– Eg prata jo med Per og Simen, og litt til produksjonen. Eg fekk også ringe psykolog, men det var ikkje det som måtte til. Eg ville jo snakke med far min sjølv. Alt vart mykje betre då eg kom ut og fekk telefonen i handa.

Tønnesen beskriv likevel tida der inne som fantastisk, og prisar kontakten han knytte med dei andre – deriblant Anne-Berit som rauk ut førre veke. Etter Anno har han blant anna feira nyttår saman med Per.

– I «Farmen» så hatar dei jo kvarandre! Vi snakkar framleis saman alle, det er jo eigentleg absurd kor godt vi kjem overeins.

Stian Tønnesen

– Det er få av dei same verktøya som i dag, lite kan samanliknast, seier Tønnesen, som er tømrar i 2017 og forsøkte seg på treskjering i 1537.

Foto: NRK/Strix

– Eg elskar vaskemaskina mi!

Tønnesen trur ikkje han kjem til å angre på at han drog ut, men han skulle ynskje han fekk teke svennebrev og meisterbrev. Han er tømrar av yrke, noko som kjem godt med i 1537.

– Det er jo ikkje dei same verktøya, lite kan samanliknast. Men det er klart at å vere vand til å jobbe med kroppen og arbeide løsningsorientert er betre enn om du sit på kontor, seier han.

Christian og Stian klemmer

Stian melde seg på Anno for eventyrlysta sin del: – Du får noko som ikkje kan kjøpast for pengar, noko heilt eige.

Foto: NRK/Strix

– Det er veldig reelt. Vi får ikkje ei Imsdal-flaske når kamera er av, du må i brønnen og hente det. Ingenting kjem gratis.

Aller minst kjem han til å sakne maten og matlaginga.

– Noko av det første eg såg då eg gjekk ut var ein person med ei pølse frå Narvesen – eg haldt jo på å stele den rett frå dei! Forskjellen er jo 480 år. Det er ikkje himmel og jord, det er himmel og helvete, seier han og ler.

– Eg elskar vaskemaskina mi, den er på stell. Og Zalo er gull verdt!

  • Sjå alt av Anno i NRKs nett-TV.
  • Anno sendast kvar måndag og onsdag kl. 19:45, og fredag kl. 19:55 på NRK1.

Kulturstrøm

  • Nye retningslinjer frå Riksantikvaren

    Riksantikvaren har gitt ut nye retningslinjer for installasjon av solceller på verneverdige bygningar. Det gir håp for dei som ønskjer å kombinere solenergi og kulturarv. – Detter ikkje motstridande konsept, seier sjefen i Solcellespesialisten til Fremtidens Byggenæring.

  • Amerikanske myndigheter saksøker Amazon

    USAs konkurransetilsyn FTC går til søksmål mot Amazon, som tilsynet anklager for å bruke posisjonen sin innen netthandel til å svekke konkurransen.

    Søksmålet har vært ventet lenge etter årevis med anklager om at Amazon.com og andre teknologiselskaper bruker sin dominans innen nettsøk, sosiale medier og netthandel til å hindre konkurrerende bedrifter i å senke prisene. 17 delstater er med på søksmålet. (NTB)

    Amazon-logo på bygning i Tyskland
    Foto: Michael Sohn / AP