Hopp til innhold

Anno-Katjas bestemor blei seld på torget

– Ho fortalde om det sjølv, at dette måtte vi ikkje gløyme, seier Katja Kålheim om fattigdomen på 30-talet.

30-talet førte med seg meir fattigdom enn vi kanskje tenkjer på, sjå slektshistoria til Katja frå Anno.

For fleire av Anno-deltakarane er slektshistoriene i programma ukjende og langt tilbake i tid – for Katja Kålheim (44) var det derimot svært tett på, då historia om farmora hennar vart fortalt.

– Det handlar om fattigdom i vår moderne historie. Det er noko eg har tenkt mange gongar, at vi ikkje treng tilbake til 1500-talet for å finne fattigdom, seier ho med den karakteristiske finske aksenten.

Bestemora Kersti Aino Kyllikki Sjøblom vart fødd i Kalanti, på sørvestkysten av Finland. På slutten av 30-talet, då ho var rundt 12 år gamal, døydde mora. Faren vart etter kvart for sjuk til å brødfø dei ti borna sine.

Anno-Katjas oldefar og dei ti borna

Oldefar Frans i midten med sine ti born rundt seg, Kersti er nummer 4 frå høgre.

Foto: Privat

Dermed vart kommunen formyndar, Kersti vart seld på torget til ein vilt framand familie – og mot kost og losji arbeidde ho som gardsjente hjå dei til ho var 18. Katja kjende historia, men å få den servert i Anno var likevel ein sterk augneblink:

– Eg grein jo auga av meg, og sakna ho. Anten eg er på Erkebispegården eller ikkje, så tenkjer eg framleis: «for ei kvinne dette var»!

Spesielt oppteken av historie

Katja kom til Noreg for å arbeide som frisør i 1997, men tok seinare utdanning som sosiolog. No er ho stadsansvarleg på Tingvatn fornminnepark på Hægebostad i Vest-Agder, og spesielt oppteken er ho av tekstilhistorie:

Katja på tur

– Om du kjem og ser når eg er på jobb, så kan du blant anna møte ei vikingkjerring som vever, eller steike blodpannekaker, seier Katja, som er stadsansvarleg på Tingvatn Fornminnepark.

Foto: Privat

– Utan klede og mat, så hjelper det ikkje med sverd! I tekstilar ser du godt korleis utviklinga av samfunnet har vore, korleis teknikkar og kunnskap har utvikla seg. Særleg bruken av ull har ei stor forteljing. Det tiltrekker meg som sosiolog.

Katja seier ho har vore heldig som får høyre slike forteljingar i alle deler av livet sitt.

– Både som frisør, men òg i museumsbransjen, fekk eg fortalt historier om folka som var før oss. Sjølvsagt har ein folk som ikkje aner noko om slekta si i Noreg, men det har ein også i Finland.

Katja som treskjerarmeister

Handverk er viktig for Katja, og i Anno har ho rukke å blitt treskjerarmeister.

Foto: NRK/Strix

– Anar du kor godt eg har det?

Bestemora si historie har ho høyrd mange gongar. At Kersti sin far vart for sjuk til jobben som sjåfør, sat spor i årevis. Far til Katja måtte av og til bere veslesystera til skulen, fordi mangel på sko gjorde at ho fraus.

– Ho fortalde om det sjølv, at dette måtte vi ikkje gløyme.

Katja er oppteken av å få fram at slik fattigdom framleis finst, sjølv om det naturleg nok blir behandla annleis i dag – ingen her blir seld på auksjon lengre. Kersti kom seg ut av det til slutt.

– Ho sat og såg på Glamour og sa, «Anar du kor godt eg har det? Eg treng ikkje sjå meg over skuldra, eg har nok mat, og alle har det greitt. Eg kan sitje her utan briller og sjå på Glamour!» Det var ho nøgd med, seier Katja om Kersti sine siste år.

– Vi har hatt mykje glede av å ha ein slik rollemodell i livet.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.