Hopp til innhold

– Eg har blitt ekstra glad i menneske

Sjuande deltakar ut av Anno har lært mykje av 1537, og er overraska over kor mykje tid vi faktisk har i 2017.

Christian Olowo,

Halvt nigerianske Christian er fødd og oppvaksen på Flaktveit i Bergen.

Foto: NRK/Strix

Etter fekteduell mot Per Midtstue Jensen (27) var det Christian Olowo (36) frå Bergen som gjekk ut av Anno. Ei rask innføring i fekting hadde gjort han sjølvsikker på førehand.

– Eg var 110 % sikker på at eg kom til å slå Per. Sjølv då han hadde 9 poeng var eg sikker på at eg kom til å vinne 10-9, seier Christian.

– Først var det herleg å kome heim, så tenkte eg pokker. Men, eg tapte for nokon som var flinkare enn meg.

Norsk realityserie. I dag kommer oldermannen for å vurdere mesterstykket. Selda tester 1500-tallet, og det er klart for turnering og duell. Programleder er Selda Ekiz. Sesong 3 (15:30).

Spel av for å sjå den spennande fekteduellen her.

Fekk nesten sjokk av å sjå seg sjølv i spegelen

Fem veker utan spegel overraska han då han kom tilbake til vår moderne kvardag, og såg at han hadde mista 15 kilo på vegen. Det vanskelegaste var å ikkje kunne forklare forandringa for omverda.

– Då eg kom til hotellrommet såg eg meg i spegelen, og eg fekk nesten sjokk. Kinnbeina var innsunkne og eg hadde blodårer nedover låra, seier Christian.

Christian Olowo og Araceli Quempumil

– Når eg først skulle tape for nokon er eg glad det var Araceli, seier Christian om sin konkurrent i sveinestykket.

Foto: NRK/Strix

Christian melde seg på Anno av mange grunnar, for det første er det viktig for han å vise at også nordmenn med farge har ei norsk historie, for det andre er han fascinert av historie og handverk:

– Så var det rett og slett berre eventyret, eg er utruleg glad i det ukjende og å hoppe ut på djupt vatn. Å meistre noko du ikkje veit korleis du skal løyse, det er utruleg tilfredsstillande, seier han, og avslører at det han frykta mest på førehand var å fryse.

– Eg var heilt sikker på at vi kom til å sove i høyet!

1537 har ikkje alle 2016 sine bekvemmelegheiter, men det kan då vere koseleg likevel.

1537 har ikkje alle 2016 sine bekvemmelegheiter, men det kan då vere koseleg likevel.

– Eg har fått litt mindre respekt for folk som seier dei ikkje har tid

Christian skulle gjerne ha fått vore svein, og fått leie gjengen i Anno på eit meisterstykke. Men i konkurransen om å bli svein tapte han til mot Araceli Quempumil, sjølv seier han at han starta for aggressivt og gjekk i si eiga felle.

Christian Olowo

– Sjølv i vikingtida blei veving sett på med respekt, seier Christian, som synest brikkevevinga minna han om pikslane han arbeider med i sitt daglege arbeid som produktutviklar i trykkeriet Molvik.

Foto: NRK/Strix

– Det var utruleg gøy å lære seg å veve, spesielt med tanke på den lange tradisjonen og historia bak brikkevev, seier han, og viser til at det blant anna vart funne brikkevevar med ei kvinne på Osebergskipet.

Tilbake i Bergen er det betrakteleg meir avslapping og søvn enn det var i 1537, det å kunne ligge litt ekstra i senga er ein luksus han trur få tenkjer gjennom.

– Alle klagar på at vi har så lite tid, men vi har aldri hatt meir! Eg har fått litt mindre respekt for folk som seier dei ikkje har tid. For tid har du.

Som einaste representant for Bergen synest Christian likevel at han skuffar vestlandet litt når han ryk ut halvveges

– Det veit eg at eg kjem til å få høyre av venegjengen – eg blir mobba for det, det veit eg, seier han med eit smil.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.