Hopp til innhold

Skal vere toastmaster for anna Anno-deltakar

Per Midtstue Jensen fann vener for livet i Erkebispegården. Trass at tida i 1537 var hard ville han gjerne ha gjort det igjen.

Per Midtstue Jensen

– Eg synest det var keisamt å bere ting i stille, seier Per som nynna og humra seg gjennom konkurransen.

Foto: NRK/Strix

Tre deltakarar står igjen i finaleveka av Anno. Per Midtstue Jensen vart slått ut i steinbæringskonkurranse mot Katja Kålheim, etter å ha brote regelen innført éin time inn i konkurransen – at ein ikkje skulle kunne skifte grep om steinen:

– Det hadde vore ei lang tid i 1537, så eg misforstod regelen rett og slett, seier han.

– Ein føler seg ganske dum etterpå. Men det skjedde!

Norsk realityserie. De fire siste deltagerne kjemper seg videre mot finalen. Gjennom en ny turnering og to laugsprøver kan de sikre seg en plass i semifinalen. Nok en deltager må pakke sekken og forlate Anno. Programleder er Selda Ekiz. Sesong 3 (29:30)

Sjå uthaldningskonkurransa i steinbering her.

Han seier det er rart kor tungt livet i Erkebispegården vart mot slutten i tida fram mot steinberinga, men at han framleis hadde gjort det om igjen om han fekk sjansen. Som kunst og handverkslærar er møtet med elevane i etterkant ei artig oppleving.

– Alle elevane mine på skulen ser på, det er nok ikkje fordi dei er glade i 1500-talshistorie. Men det er eit kjempefint utfall, at dei får gratis historielærdom!

Ein mann av mange hobbyar

Per Midtstue Jensen instrument

– Eg er veldig glad i å spreie interessene mine, eg er litt glad i å drive med alt, seier Per.

Foto: NRK/Strix

I Anno vart Per meister i instrumentmakarlauget, noko som passa han godt. Faren har laga feler på hobbybasis i 15 år, og fleire familiemedlem både speler og syng aktivt, så å lage instrument føltest som å forsvare familiens ære.

– Første dagen skjer eg meg i fingeren, inntil beinet på tuppen, og må få lege inn i eldhuset som superlimte fingeren saman, seier han om arbeidet med sekkepipa, som til slutt vart godkjend.

– Hendene var vonde og verka, men meistringskjensla er heilt uverkeleg.

Per seier at han alltid har hatt mange hobbyar, men at tida i Anno har senka lista for å prøve nye ting. Blant anna har han kjøpt seg glasskjærarutstyr, og han saknar kleberstein for meir steinhogging.

– Det er gøy å lære nye ting, det var også ein av hovudgrunnane til at eg melde meg på Anno.

Per si slektshistorie

Eg veit alle hadde det hardt på den tida. Sånn var det jo for alle, alle har ein slik person i slekta om ein går langt bak i tid, seier Per om historia om Fordel Henrichsen.

Kjempa seg gjennom fire fekteduellar

Heile fire gongar klarte Per seg gjennom fekteduell i Anno, noko som er ein ny rekord for serien. Å vinne mot fire andre, Ove, Magnus, Christian og Bjørn er noko som gav han blanda kjensler.

Per Midtstue Jensen fekter

Per hadde ikkje fekta før han kom inn i Erkebispegården, men tok ny rekord då han fekta seg gjennom fire duellar.

Foto: Frank Foss

– Eg var letta fordi eg framleis var i Anno, og lei meg fordi eg hadde slått ut nokon, seier han, og meiner kjensla var sterkast då han slo ut Ove.

Per skildrar korleis dei alle vart gode vener særs raskt. Allereie etter to veker vart han invitert til å vere toastmaster i bryllaupet til Stian – allereie før Stian hadde fridd til kjærasten. Per takka ja.

– Mot slutten sat eg og Simen og skravla, og til slutt har vi jo ikkje meir å snakke om. Då byrjar vi «ja ... korleis ser det ut heime hjå deg?». Då har du gått tom for ting å prate om!

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.