Hopp til innhold

– Då vi byrja å fekte hadde eg null energi!

Ove Ravn Hansen fekk merke 1537 på kroppen.

Ove Ravn Hansen
Foto: NRK/Strix

Ove Ravn Hansen (49) merka påkjenninga frå 1537 godt, og vart tredje deltakar ut av Anno i sesongens andre veke. Etter ein hard fekteduell mot Per Midtstue Jensen var det over.

– Eg var sjuk, og hadde lege rett ut i to dagar. Eg klarte å psyke meg opp før kampen, og finne trøkket, men då vi byrja å fekte hadde eg null energi, seier Ove.

– Men eg må ta tapet som ein mann, så eg gav pengane eg hadde til overs til Per. Det fortente han!

Norsk realityserie. I dag kommer oldermannen for å vurdere mesterstykket. Får Anno sin første mester? Selda tester 1500-tallet, og det er klart for turnering og duell. Programleder er Selda Ekiz. Sesong 3 (6:30)

Sjå den dramatiske duellen her.

Dermed vert han andremann ut frå Erkebispegarden denne veka, etter at Stian «Tusse» Tønnesen trakk seg frå sesongen på onsdag etter dødsfall i familien.

– Det hadde vore gøy å bli slått til ridder

Ove har lenge hatt ei interesse for middelalderen, som han blant anna har fått utløp for i ei vikingteatergruppe. I sin inntreden i 1537 var det tidsbruken han merka best.

Ove og Per med barn

– Vi var ulike, men hadde respekt for kvarandre, seier Ove om gjengen i Erkebispegården.

Foto: NRK/Strix

– Eg blir audmjuk i forhold til mine forfedre – og korleis dei har kjempa, jobba og slitt. Å kvile kan ikkje ha vore eit tema, dei måtte alltid produsere noko.

– Vi stod i 10 timar for å kverne mjøl til rundstykker, og så åt vi dei opp på fem minutt, seier han og ler.

Påmeldinga til Anno kom som eit resultat av at han følte seg litt «gæ'ærn» – fordi han meiner det er viktig å gå utanfor komfortsona si:

– Når ein har teke steget ut dit, så er det dét som har blitt trygt. Ein må gi litt blaffen i kva andre folk tenkjer.

Ein av tinga han skulle ynskje han hadde fått med seg var meir om riddarar. Det å vere «ein mann av ære» er noko han ser opp til.

– Det hadde vore gøy å vorte slått til ridder, det hadde vore ei oppleving for livet, seier Ove

Riddarar, eller skutilsveinar, var også ein del av Noreg på 1500-talet. Eit utdrag frå Anno.

Riddarar, eller skutilsveinar, var òg i Noreg på 1500-talet. Sjå Selda prøve rustningar i dagens samfunn.

– Vi skulle ikkje dolke kvarandre i ryggen

Miljøarbeidaren arbeider til vanleg med rus og psykiatri, og er frivillig i Oppmuntringstilsynet. Han var tidleg oppteken av å halde god stemning i leiren. Første dag tok han initiativ til å setje ein standard for korleis dei skulle behandle kvarandre, noko alle vart samde om.

Bilete frå deltakarane til Ove

Brevet frå dei andre deltakarane til Ove etter at han gjekk ut.

Foto: Ove Ravn Hansen

– Vi skulle ikkje dolke kvarandre i ryggen, vi kunne godt vere ueinige, men vi skulle seie det til kvarandre. Ikkje noko splitting av gruppa, men vere fair, seier han

Alle som gjekk ut av Erkebispegården skulle i tillegg få med eit ark der dei gjenståande deltakarane skreiv positive ting om seg – Ove har sjølvsagt teke vare på sitt.

– Det er jo trist å dra derfrå, sjølv om eg var sjuk og sliten. Men det er ei oppleving for livet, sjølv om det berre er to veker som eg aldri kjem til å gløyme. Det er ein slags milepæl i livet.

Kulturstrøm

  • Buing under Israels øving til ESC-semifinale

    Da Israel øvde i Malmö onsdag kveld ble det buet fra salen. Ifølge opptak NRK har hørt og Aftonbladet. Den svenske avisen skriver også at sikkerhetsvakter stod langs trappen opp til scenen da den israelske artisten Eden Golan stod på scenen under generalprøven. Når den andre semifinalen går av stabelen torsdag sensurerer EBU lyden ut på lufta.

  • Får støtte frå pappa

    Den svenske artisten Eric Saade markerte støtte for Palestina under eit Eurovision-arrangement tysdag.

    No får han støtte frå pappa Walid Saade, melder Expressen.

    – Vi viser at vi finst og at det som pågår ikkje får skje, seier han til avisa.

    Besteforeldra til Eric Saade flykta frå Palestina til Libanon i 1948.

    Sweden Eurovision Song Contest Semi-Final
    Foto: Martin Meissner / AP
  • Regjeringen gir en million kroner til Rørosmartnan

    – Rørosregionen er en viktig region for Norge. En investering i kvalitet for investering for Rørosmartnan gir et godt bidrag. Sammen med det lokale næringslivet vil regjeringen bidra til at kulturhistorien og tradisjonene blir sikret på Røros og bevilge 1.000.000 kroner til Rørosmartnan, sier Jonas Gahr Støre.

    Støre var i vinter på besøk på Røros og åpnet arrangementet som første statsminister. Bidraget kommer I forbindelse med revidert nasjonalbudsjett, som legges fram 14. mai.

    – Dette er en merkedag for oss på Røros, og et viktig signal om at Rørosregionen er viktig også for hele Norge, sier ordfører Isak Veierud Busch (A).

    Støre på Rørosmartnan
    Foto: Statsministerens kontor