Hopp til innhold

Ville eigentleg vere med i ein anna realityserie

Hanne Vikan melde seg på Anno i skuffelse over å ikkje ha høyrd noko frå Skårungen.

Hanne Vikan, Anno

– Eg var aldri stressa, ein gjekk aldri og bekymra seg over innleveringar og fristar. I 2017 er det alltid så mykje å hugse på, alltid noko fram i tid som ein må førebu seg på og ta stilling til, seier Hanne om skilnaden mellom 1537 og 2017.

Foto: NRK/Strix

Etter fekteduell mot Katja Kålheim (43) gjekk Hanne Vikan frå Trondheim (23) ut av Anno etter åtte veker.

– Då duellen var over hadde det ikkje gått opp for meg at eg skulle heim. Det å seie ha det tok meg på senga, eg hylgrein jo. Det var alle kjensler på ein gong, eigentleg, seier Hanne, som synest det å tre inn i drakta og ankome duellen var flott.

– Fektinga er verkeleg ein del av Anno-opplevinga!

Norsk realityserie. I dag kommer oldermannen for å vurdere mesterstykket. Selda tester 1500-tallet, og det er klart for turnering og duell. Programleder er Selda Ekiz. Sesong 3 (24:30).

– Eg har ikkje lyst til å slå ut Hanne, sa Katja før fektinga. Sjå duellen i videoen.

Etter åtte veker i Erkebispegården er det kvardagslege rutinar og gjeremål ho hugsar best – men ein augneblink skil seg ut, ein RIB-båttur i Trondheimsfjorden:

– Det var ein nydeleg haustdag, og det var første utflukta vi var med alle på i lag. Ei genuin lykkekjensle. Både adrenalin, kjensla av å vere saman, og alt.

Gler seg til familien får sjå slektshistoria

Hanne vart aldri meister i Anno, men ho er godt nøgd med å ha fått lære og gjere tradisjonelt handverk.

Likevel fekk ho sjå slektshistoria si, om 12-årige Elias, som måtte ta vare på tre småsyskjen i 1763 – etter at koppar-sjukdom slo til i familien. Kun fire tiår tidlegare døydde over ein tredel av befolkninga på Island av same sjukdom.

Hannes forfar Elias måtte ta vare på tre småsyskjen som 12-åring. Sjå slektshistoria her.

– Vi var jo understimulert på alt slik, så når det var bilete av mamma og pappa, bilete av besteforeldra; å få det inn dit gjorde mykje inntrykk. Eg gleder meg til familien skal få sjå den, seier Hanne som er blitt meir interessert i slektshistoria si.

– Det er nesten eit paradoks at det gjerne er når ein blir gamal at ein blir oppteken av slikt. Kanskje det er når ein er ung at ein burde ta opp tråden, når ein framleis har folk ein kan spørje.

Gjekk rett på kiosken for å handle

Hanne søkte på Anno først etter å ha hatt lyst på ein anna førstereis, fiskebåtrealityprogrammet Skårungen som kjem på NRK i mars. Dei høyrde ho aldri frå, så då var det like greitt å søke seg til Anno også.

Anno-deltakarane i RIB-båt

– Når eg tenkjer tilbake så er det kvardagen eg tenkjer mest på, den daglege rutinen og gjeremåla, seier Hanne om tida i Anno – men det er kjensla av ein tur i Trondheimsfjorden har sett seg best.

Foto: NRK/Strix

– Eg har ein draum om å bli fiskar, sjølv om eg går lærarhøgskulen. Eg sa jo til folk at eg hadde søkt på Skårungen, og så Anno, så eg fekk rykte på meg at eg hadde søkt på alt av reality – Paradise Hotel og sånn.

Då Anno-reisa var over vart ho møtt av ein fridom ho ikkje hadde hatt på nokre månader.

– Eg kom ut, åt middag med folka bak kamera, drog på 7–11 og handla for 350 kroner. Brownies, cola, og calzone.

No er ho attende som student på Nord Universitet i Bodø, og skal nytte sumaren som omvisar på folkemuseet på Sverresborg i Trondheim.

– Eg hadde jo aldri tenkt på å søke der om det ikkje var for Anno.

  • Sjå alle episodar av Anno her
  • Anno sendast kvar måndag og onsdag kl. 19:45, og fredag kl. 19:55 på NRK1. Måndag og onsdagssendinga kjem i tillegg klokka 15.00 i vår nett-TV.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.