Hopp til innhold

Anno-Anne-Berit: – Eg følte eg gjekk rakrygga ut av konkurransen!

«Verdas beste mormor» vart første deltakar ut av årets «Anno»-sesong.

Anne-Berit og Stian i Anno

– Det var jo litt «Mormor og dei 13 ungane», seier Anne-Berit. Her med «barnebarn» Stian, i tredje sesong av Anno.

Foto: Strix/NRK

Etter éi veke i vart Anne-Berit Holden den første av årets deltakarar som gjekk ut av Anno. I fektekamp mot førsteduellant Linn Elise G. Rølvåg måtte ho sjå seg slått.

Anne-Berit i første duell i Anno

Anne-Berit vart andreduellant mot Linn Elise, og fekta om å få bli verande i 1537.

Foto: Strix/NRK

– Eg følte eg gjekk rakrygga ut av konkurransen, seier Anne-Berit.

– Det hadde vore verre for nokre av dei andre. Det var kanskje ikkje like stor prestisje for meg å gå ut den første veka, som det er for nokre av dei yngre.

Norsk realityserie. Deltagerne jobber på for å fullføre oppdraget de har fått av Erkebiskopen. De får erfare at alt ikke var bedre i gamle dager. Selda tester 1500-tallet. Og det er klart for Annos første turnering og duell. Programleder er Selda Ekiz. Sesong 3 (3:30)

Sjå den dramatiske duellen mellom Anne-Berit og Linn Elise her.

– Korleis er det å stå på plassen og førebu seg til at duellen skal starte?

– No ilte det i magen når du spurte. Vi drog frå turneringa, og rett til Erkebispegården for å få på fekteutstyret. Det i seg sjølv var veldig høgtideleg. Flotte kostyme, sett i ei flott ramme, det var så surrealistisk som det kan få bli, seier ho om fekteduellen ho til slutt tapte 10–3.

Omfamna stanken av kujur etter heimkomsten

Anne-Berit melde seg på Anno etter ein samtale med kollegaer som meinte ho var perfekt for programmet, og i 1537 tok Anne-Berit raskt ansvar for matlaginga.

Før ho utdanna seg som sosiolog til kriminalomsorga i vaksen alder hadde ho blant anna gått husmorskule. Etter reisa attende til Sandefjord vart nettopp matlukta ein overraskande vekkar:

Kujur

– Men det smakte godt, det smakte chicken nuggets. Eg har jo ei evne til å like alt, seier Anne-Berit.

Foto: NRK/Strix

– Eg opna lokket då eg kom heim, og kujurstanken velta opp av kofferten! Det vart eit sært minne som eg plutseleg måtte omfamne. Tenk, dette hadde eg ikkje fått oppleve hadde det ikkje vore for den rare samtalen på jobb!

«Verdas beste mormor»

For dei andre deltakarane i Erkebispegården, spesielt Stian Tusse Tønnesen, vart Anne-Berit veldig raskt kjent som Mormor. Det tek ho som ein kompliment:

Stian og Christian heier på «Mormor»

i konkurransen i kveldens program vart ho stadig heia fram med rop om «verdas beste mormor!», her frå Stian Tusse og Christian.

Foto: Strix/NRK

– Det var jo «Mormor og dei 13 ungane», med ein viss overføringsverdi til Anne-Cath. Vestly. Når eg har sett bileta etterpå, så synest eg søren meg at eg liknar på ho også, seier Anne-Berit og ler.

– Eg har tenkt over korleis det hendte: «kvifor vart eg så fort 'Mormor'?», men det var nok det at eg knytte meg veldig raskt til alle.

Med hovdingen av Jämtland som forfader

Kvar veke får éin av deltakarane fortalt si slektshistorie. Familietreet til Anne-Berit omfattar dramatiske hendingar midt i strida om kongedømet over Kalmarunionen på 1400-talet.

Ein av forfedrane, Ørjan Karlsson, vart riddar under Karl I og seinare torturert for motstanden mot Christian I:

– Det var rett og slett overveldande!

Anne-Berits forfader, Ørjan Karlsson, var riddar og hovding av Jämtland og Herjedalen. Sjå den spennande slektshistoria her.

– Eg vart lamslått, det var rett og slett overveldande, så mykje historie som var innbakt i den. Vi skal oppsøke både Røros og den garden i Sverige. Utan tvil, seier Anne-Berit og seier slektshistoria har blitt viktigare.

– Eg har framleis ikkje greidd å absorbere heile mi historie. Det einaste eg visste om familien var at farfar var frå Røros.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober