Hopp til innhold

– Det var uverkeleg å vere i finaleveka!

Taran Eide Bergsland vart første deltakar ut av innspurten i årets Anno-sesong.

Taran Eide Bergsland

Eg er stolt over at eg fekk til å vere der i ni og ei halv veke, seier Taran Eide Bergsland.

Foto: NRK/Strix

Finaleveka i Anno er i gang, og fem deltakarar skal bli til to. Taran Eide Bergsland (31) vart den første som gjekk ut, etter først å ha trudd ho vann i logikk-turneringa.

– Eg var nok litt høgt oppe, det var uverkeleg å vere i finaleveka. Kjenslene var heftige, å omstille seg frå full glede, til å måtte inn igjen og kjempe, og ikkje klare det, seier Taran.

– Enorm glede, og så stor skuffelse – på fem minutt!

Norsk realityserie. Det er klart for finaleuke i Anno 1537, og utfordrende laugsprøver og turneringer venter de fem siste deltagerne før en av dem står igjen til slutt - som vinner av det ærefulle borgerbrevet. Programleder er Selda Ekiz. Sesong 3 (28:30).

Klikk for å sjå turneringa som førte til at Taran rauk ut her.

«Anno-bobla»

Enklare liv kan skape lukke, meiner Taran, og tida i 1537 har vore eit gode for ho. Ni og ei halv veke på jordgolv set spor, men ho har fått meir respekt for tidlegare generasjonar.

– Sjølv om dusjen var spartansk, så var det rennande vatn som rant gjennom hola i bøtta. Eg hugsar eg sette pris på kvar drope, sjølv om det var iskaldt og blåste rått. Det var kontrastar rett og slett, gode opplevingar samtidig som det var ubehageleg, seier ho.

Taran Eide Bergsland

Taran gjekk innimellom ved gjerdet for å sjå om folk hadde kasta inn noko til dei. Etter sju veker fann deltakarane ein Kvikk Lunsj.

Foto: NRK/Strix

– Å føle tilfredsstilling på grunn av dét er eg glad for å oppleve. Eg har fått ei djupare forståing av korleis ein hadde det før, og korleis ein har det i mange delar av verda. Det gjer meg audmjuk.

Taran brukte litt tid på å kome inn i det ho kallar «Anno-bobla». I etterkant saknar ho tida i Erkebispegården.

– Eg saknar stillstand, eg saknar menneska, og å vere der, til stades. Å konsentrere seg om éin ting av gangen. Mellomalderen var ikkje bekymringslaus, men det var ting eg kunne gjere noko med. Då måtte eg brette opp ermene og arbeide.

– Tenkte det skulle vere ei konkurranse litt som «Hunger Games»

Årets Anno-sesong handla om maktskiftet då reformasjonen kom til Noreg. På eit tidspunkt rømmer erkebiskop Olav Engelbrektsson – slik han gjorde i det faktiske 1537 – etter å ha saumfart erkebispegården for mat som kan vere nyttig.

– Då kjende eg på at han braut seg inn i vår verden. Ein vart prega, rett og slett. Hadde det skjedd første veke, hadde eg sikkert tenkt «åja, no skjer noko skodespel». Det var uvant det å kjenne på kroppen.

Erkebiskop Olav Engelbrektsson hentar ressursane han treng før han flykter frå Nidaros i 1537.

– Det var rart at eg reagerte på den måten, sjølv om eg veit at det er skodespel, seier Taran om då Annos Olav Engelbrektsson flykta.

Etter å ha gått ut av Anno i finaleveka var Taran sliten av opphaldet. Og å endeleg få teke ein ordentleg dusj minte ho på dei enkle kåra dei hadde levd i.

– Eg gjerne ha vore i dropedusjen i bobla éin dag til. Det tenkte eg på den kvelden, at eg skulle gjerne ha vore der éin dag til.

– Eg tenkte at eg skulle kome inn dit og det skulle vere ei konkurranse litt som Hunger Games, «survival of the fittest», seier Taran spøkefullt.

– Så vart fokuset heldigvist eit heilt anna. Fokuset vart samarbeid og samvær, det gleda meg.

Kulturstrøm

  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober