Angreip så fektemeisteren vart imponert

– Hadde eg vore yngre skulle eg ha byrja med fekting, seier Anno-Bjørn.

Bjørn Knudtzen, ANno

– Eg har alltid hatt ei dragning mot Nidarosdomen, heilt sidan småbarnsdagane, seier Bjørn som meldte seg på fordi han vart utfordra etter å ha sleiva om kor enkel ei Anno-turnering var.

Foto: NRK/Strix

Tida i Erkebispegården er over, etter at Bjørn Angell Knudtzen (59) vart slått ut i fekting mot Per Midtstue Jensen (28). Trass tapet fall sporten i smak, i ein duell som fektemeister von Schweder vart imponert over.

– Eg kom til 8-8, kanskje eg hadde klart det om eg hadde fekta nokre av dei første gongane. Hadde eg vore yngre skulle eg ha byrja med fekting, seier han, og gir lovord til motstandaren.

– Per er den som har markert seg i fekting, han er spretten som ei fjør. Som ein ven sa, han har vengespenn som ein albatross! Då er det er ikkje flaut å tape.

Norsk realityserie. I dag kommer oldermannen for å vurdere mesterstykket. Selda tester 1500-tallet, og det er klart for turnering og duell. Programleder er Selda Ekiz. Sesong 3 (21:30)

Sjå den spennande fekteduellen her.

Forfar jobba for erkebiskop Engelbrektsson

Bjørn fekk sjå slektshistoria si då han vart meister i steinhoggarlauget. Det han fekk vite overraska han, hans forfar Niels Lauritzen hadde vore same stad nesten 5 hundreår tidlegare, med den faktiske erkebiskop Olav Engelbrektsson.

Døpefont, Anno

Døypefonten deltakarane laga då Bjørn vart meister i steinhoggarlauget henta han sjølv i Trondheim etter innspelinga var over.

Foto: NRK/Strix

– Det var veldig interessant. Du er i eit tv-spel som skal illudere ei historisk hending, og så har du ein slektning som har ete mat i same salen som du.

Før programma kjende han familien sin tilbake til besteforeldreleddet, men etter programmet har han fått vite meir, blant anna er han i same slekt som Anne Berit og Ove - Skanke- og Blix-slekta.

Bjørn er fødd i Oslo, og bur på Lillehammer. Han har blitt tilsendt mykje historie frå slektsforskarar, både riddarar, bønder – og, som Niels – statsmenn og kyrkjestyrarar:

– Det var nok mange som ikkje var særleg religiøse, men som fekk religiøs makt. Eldstemann fekk eigedomen, så nestemann måtte då i administrasjon eller presteskapet.

Bjørns forfader var den første borgarmeisteren i Trondheim.

Bjørn fekk vite om forfaren Niels Lauritzen, som var Olav Engelbrektssons hjelpar og fogd i Trondheim.

Anno-kosthaldet anbefalast

Bjørn utdanna seg først som tannlege, så som allmennlege, og seinare som spesialist i psykiatri og så samfunnsmedisinar. No er han er attende i kvardagen som koordinerande rådgivande overlege i NAV Oppland. Som lege meiner han tida i Anno gjorde han godt.

Bjørn Knudtzen, harnisk

– Det er ikkje moro å vinne, fordi det er så mange som tapar. Sjølv med ein diger pengepremie. Det som betydde noko var heile opplevinga, eg kan ikkje få med meg meir enn det, seier Bjørn om tida i Anno.

Foto: NRK/Strix

– Det var eit sunt kosthald, hovudsakleg vegetarisk. Éin gong i veka hadde vi ein god middag. Det er slik vi burde gjere det, vegetar seks dagar i veka. Dette var eit helseopphald for oss, seier han.

Bjørn meiner det ikkje var nokon som gjekk inn som den same personen som kom ut, og at nokre moderne hjelpemiddel var vanskelegare å kvitte seg med enn andre.

– Sju veker slo alle forventningar. Det vanskelege var det å vere isolert, ikkje vite kva som hendte i verda, ikkje tilgang til nyheiter, telefon, og klokke. Det å ikkje ha kontakt med familie var verre.

– Det eg saknar i ettertid er det enklare livet. Vi gjer éin ting, konsentrerer oss om det, ikkje noko TV, eller data, eller meldingar, eller telefonar. Isolasjonen hadde sine fordelar, det vart ei form for mentalhygiene.

  • Sjå alle episodar av Anno her
  • Anno sendast kvar måndag og onsdag kl. 19:45, og fredag kl. 19:55 på NRK1. Måndag og onsdagssendinga kjem i tillegg klokka 15.00 i vår nett-TV.

Kulturstrøm

  • Filmkomponist skaper BMW-lyd

    Det tyske bilselskapet BMW lanserer sin nyeste elbil i dag, og denne gangen er en komponist med på laget. Hans Zimmer, som er en av verdens mest kjente filmmusikkomponister har nemlig designet lydbildet inne i bilen. Elbiler er nesten helt lydløse, og mange savner de lydene de er vant til. BMW-eiere får nå valgfri billyd laget av mannen bak musikken til blant annet «Løvenes Konge» og «Pirates of the Carribean».

    BMW
    Foto: CHRISTOF STACHE / AFP
  • Mariss Jansons er syk

    Oslo Filharmoniens tidligere sjefdirigent og en av verdens mest ettertraktede dirigenter avlyser alle sommerens planlagte konserter av helseårsaker. Jansons skulle blant annet ledet flere konserter under årets Salzburg Festival og under BBC Proms. Jansons (76) har også tidligere hatt utfordringer med helsa. (slippeddisc)

    Mariss Jansons
    Foto: Sigi Tischler / AP
  • Nytt festivalsamarbeid

    Nordlysfestivalen i Tromsø og samtidskunstfestivalen Ilios i Harstad inngår samarbeid. – En av grunnene er at det har blitt for dyrt å få orkestre og artister nordover til kun en festival, sier leder av Iliosfestivalen, Anders Eriksson.

    Sisu
    Foto: Martin Mortensen / NRK