Hopp til innhold

– Ei flott og unik oppleving

Opphaldet i Anno ikkje kan samanliknast med noko anna Araceli Quempumil har vore med på.

Araceli Quempumil

Araceli synest Anno var ein god årsak til å lære meir om norsk historie, og samtidig ein måte å vise fram familiens historie til resten av landet.

Foto: NRK/Strix

– Eg blei mykje tristare då eg såg andre forlate erkebispegården enn då eg sjølv skulle reise, seier Araceli Quempumil etter å ha blitt slått ut av Anno.

I fekteduell mot Katja Kålheim tapte ho til slutt etter å ha blitt valgt til førsteduellant, og måtte fare heim etter seks veker i 1537.

– Det har vore ei flott og unik oppleving, som eg er heldig å ha fått vore med på. Det kan ikkje samanliknast med noko anna eg har gjort.

Norsk realityserie. I dag kommer oldermannen for å vurdere mesterstykket. Selda tester 1500-tallet, og det er klart for turnering og duell. Programleder er Selda Ekiz. Sesong 3 (18:30)

Sjå fektekampen her!

Etter å ha blitt hekta på tidlegare sesongar av ei veninne som var fan, og med eit årsstudie i handverk med fokus på tredreiing i bagasjen melde Araceli seg på.

– Det var ei fin moglegheit til å lære nye handverk og norsk historie.

Foreldra flykta frå diktatur

Under meistermiddagen fekk ho vist familiehistoria si. Frå mapuche-indianarane under conquistadoranes inntog i Sør-Amerika, til det som bragte foreldra hennar til Noreg – frykta for regimet til Pinochet i Chile på slutten av 80-talet:

Araceli Quempumil

– Det var utruleg enkelt å fokusere, for alle var så hyggelege og gode mot kvarandre. Vi blei gode vener, seier Araceli om tida i 1537.

Foto: Frank Foss

– Det var fint at dei andre vekk lov til å bli kjend med familiehistoria mi. Ikkje berre deltakarane, men også TV-sjåarar. Historia i seg sjølv er viktig å få fram, seier Araceli, som gjennom oppveksten har blitt fortalt mykje om foreldra si reise.

Sjølv er ho kalla opp etter ein familieven som mista livet før foreldra rømte.

– Deira reise har vore hardare enn mi, og det har eg mykje respekt for. Eg er takknemleg for alt dei har gjort, for å i det heile teke kunne bu i dette landet, seier ho.

– Det viser kva mange flyktningar eigentleg reiser eller rømmer frå. Ingen har lyst til å forlate heimlandet sitt uansett kvar det er på kartet.

Anno-Araceli er glad for å få vist fram historia som bragte foreldra hennar til Noreg.

Sjå Araceli si slektshistorie her.

Ei ny byrjing på Ås

No er Araceli landskapsarkitektstudent ved NMBU (Noregs miljø- og biovitskaplege universitet) på Ås. Den dagen ho skulle byrje studiet i haust, var også den same dagen Anno-innspelinga starta.

Araceli og Taran jobber

Araceli rakk å bli meister i vevelauget, men gjekk ut av Anno same veke.

Foto: NRK/Strix

– Eg hadde fått installert alt på Ås før eg drog til Trondheim. Då eg kom tilbake var det rett til ein steinprøve. Det var nok rett tidspunkt å kome heim på også, seier ho.

Etter to veker hadde den merkelege kjensla av 1537 sleppt litt taket.

– Det var veldig mykje godt der inne, og veldig mykje godt utanfor også, og det å plutseleg vite at eg skulle tilbake var merkeleg. Ei kjensle som ikkje kan beskrivast, eigentleg, seier Araceli, og viser tilbake til dei andre deltakarane.

– Plutseleg skulle ein vere ein del av sivilisasjonen igjen. Sjølv om vi var ein stor gjeng, var det rart å skulle bevege seg utanfor erkebispegården utan resten av flokken.

  • Sjå alle episodar av Anno her

  • Anno sendast kvar måndag og onsdag kl. 19:45, og fredag kl. 19:55 på NRK1. Måndag og onsdagssendinga kjem i tillegg klokka 15.00 i vår nett-TV.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.