Hopp til innhold
Anmeldelse

Språkhistorie på middels varme

Det ulmar jamt, men tek ikkje full fyr i Ottar Grepstads «Brent ord».

Bildekombo av bokomslag for boken Brent ord og forfatter Ottar Grepstad
Foto: Sara Berntsen/Samlaget
Bok

«Brent ord: Bokbål mot språk i Noreg 1912-2005»

Ottar Grepstad

Sakprosa

2022

Samlaget

Språkpolitiske bokbål i Noreg er nemnde i det raudglødande essayet «Brennbart» av Kjartan Fløgstad frå 2004. Her grillar han riksmålsrørsla på høg varme.

Dei som var for riksmål og mot nynorsk blir plasserte lengst ute på Oslos vestkant, i det norske borgarskapet. Foreldra deira var gjerne velvillig innstilte til fascismen. Ungane deira brende «Spynorsk mordliste» i den (altfor) store hagen.

Om Fløgstad kanskje var noko overtend i si framstilling, var det ein ting han hadde heilt rett i: Språkstriden kom til å prege Noregs første hundreår som sjølvstendig nasjon. Den som ikkje har fått med seg den kulturkampen, har ikkje skjønt noko av landet.

Autodafé

Ottar Grepstad står som Fløgstad med beina godt planta i nynorsken. Han har vore direktør for Nynorsk kultursentrum, og har gjeve ut eit femtitals bøker, mange av dei om språklege emne.

Der Fløgstad var polemisk er Grepstad meir akademisk, om ikkje akkurat nøytral når han skildrar det som med eit uttrykk frå latin blir kalla autodafè.

Han vil vere bokførar i tradisjonen etter journalisten og forfattaren Aasmund Olavsson Vinje, som meinte det galdt å bokføre folkelivet, slik at det var tilgjengeleg for ettertida.

Russebål

Grepstad har vore høgt og lågt i det som finst av kjelder og funne fram til at 26 bokbål brann mellom 1912 og 2005. Dei fleste av dei handla om nynorsk eller om samnorsk. I nynorskhøgborga Volda vart det ved to tilfelle på nittitalet brent bokmålsbøker. Bøkene vart svidde av over heile landet, og ganske ofte i Bergen.

Dei som brende bøker var oftast skuleungdom, og dei tende gjerne på etter avsluttande eksamen. Det handla då særskilt om lærebøker på nynorsk eller bokmål, og aller oftast om Alf Hellviks nynorske ordliste. Også språkleg «moderniserte» utgåver av litterære klassikarar hamna på bålet – mellom anna ei samnorsk utgåve av «Markens grøde» av Knut Hamsun.

Etterspel i spaltene

Etter at bålet var sløkt kom det også ofte eit etterspel i avisspaltene, der ein diskuterte om dette hadde noko med bokbåla til nazistane å gjere eller ikkje. Dei som fordømde båla såg gjerne dei norske båla i lys av bøkene som vart brende i tyske byar mellom mars og oktober i 1933. Her startar også Grepstad si forteljing i «Brent ord».

Ett bilde av nazistenes bokbål. Tatt 10. mai, 1933.

SYSTEMATISK: Fleire grupper, blant anna nasjonalsosialistiske ungdoms- og studentorganisasjonar, deltok i bokbrenning fleire stader i Tyskland 10. mai 1933.

Foto: NOVOSTI / NTB Bilder

Dei som var meir sympatisk innstilte, meinte at dei som brende lærebøkene og ordlistene handla i tradisjonen etter Martin Luther, og hans brenning av pavens bannbulle i Wittenberg i desember 1520.

Dei meinte også at det var ein vesensskilnad i at dei unge nazistane hadde makta (Joseph Goebbels) på si side, mens dei som kjempa mot språkreformer kjempa mot vedtak i Stortinget og i kommunestyra.

Fattig på hovudpersonar

I og med at dei som brende bøkene var såpass unge, og ofte angrande syndarar, er Grepstads forteljing litt fattig på hovudpersonar, og han kunne kanskje gitt enda meir merksemd til dei som sat i kulissane og trekte i trådane.

Aller mest interessant blir det når temperaturen er som høgast i samband med debatten om samnorsk på femtitalet. Her får Grepstad fram interessante nyansar, som til dømes at det var splitting i riksmålsrørsla.

Forfattaren Jens Bjørneboe støtta, som vi som har lese romanen «Jonas» veit, heilhjarta kampen mot samnorsk. Samstundes ville Bjørneboe ikkje ha noko å gjere med Riksmålsforbundet, leia av høgsterettsadvokat Johan B. Hjort.

Planla språkdemonstrasjon niande april

Men kva for eit fenomen var eigentleg dette djerve og, sett i ettertid, feilslåtte prosjektet med å smelte saman riksmålet og landsmålet til eitt språk? Kven var arkitektane bak? Denne historia startar ifølgje Grepstad for alvor med at Oslo bystyre røysta for å skaffe lærebøker til skulen på såkalla «fellesformer».

At Oslo Riksmålsforening hadde planlagt ein stor demonstrasjon mot samnorsk den 9. april 1940 må vere den mest elendige timinga i norsk historie.

Denne historia går boka for fort gjennom. Det er mogleg Ottar Grepstad har skrive om dette andre stader, eller at han tenkjer at andre har gjort det, men det gjer det vanskeleg for lesaren å sjå føre seg kva Grepstad eigentleg har sett når han stirar inn i flammane

Blokkfløyte mot nynorsk

I staden hastar han vidare til neste bokbål. Det blir litt monotont i lengda.

Grepstad dokumenterer rett nok også nokre av dei andre uttrykka denne særnorske kulturkampen fekk. Eit fem dagar langt slagsmål i Kristiania i 1913 er blant dei meir graverande hendingane, mens blokkfløytespelande studentar i Det Norske Teatret under Henrik Rytters nynorsk-versjon av «Peer Gynt» må reknast til dei meir uskuldige.

Andre kulturkampar er komne til. I november 2019 og i desember 2020 heiv SIAN (Stopp Islamiseringen av Noreg) Koranen på eit bål.

Men temperaturen i den norske språkstriden er framleis høg. Det er berre eit drygt halvår sidan FPU-ungdommen skreiv «F**CK nynorsk» i kampanjen sin mot obligatorisk sidemål. Siste ord er ikkje sagt i denne historia, sjølv om debatten no kanskje heller tek fyr i kommentarfelta.

Vi snakkar trass i alt om eit land, der sjølv telefonkatalogen på nynorsk førte til ramaskrik (i Bergen).

Det handlar djupast sett om kven vi er. Det er det vi skjønar når vi stirar inn i flammane i «Brent Ord».

Hei!

Eg er litteraturkritikar i NRK. Les gjerne også meldinga mi av «Et tilfluktssted i tiden» av Georgi Gospodinov, «Tungvekt» av Kristian Klausen eller «1000 års gleder og sorger» av Ai Weiwei. Send meg gjerne ein e-post!

Anbefalt vidare lesing: