Nynorsk - norsk

«Ei blanding av svensk og trollspråk»

Om du ikkje er så begeistra for nynorsk, er denne saka for deg.

Krangelen begynte med nyheita om at NRK ikkje nådde nynorsk-kravet i fjor. 25 prosent av innhaldet vårt skal vere på nynorsk, det har Stortinget bestemt. Men berre éin gong på 50 år har vi nådd målet.

Så. Er det på tide å innsjå at det er kartet som er feil her, og ikkje terrenget?

Det var spørsmålet eg stilte, høgt, til ein nynorskbrukar.
Han var ikkje einig.

Det har vore ei reise, som det heiter i «Mesternes mester». No skal eg ta deg med på det som starta som eit opprør mot den opplevde kvoteringa av nynorsk.

Eit sidemål blir fødd på ny

Inni NRK-bobla, der eg jobbar, bryr vi oss om nynorsken. Vi har eit særskild ansvar for å løfte han fram. Vi har eit nynorsk mediesenter, vi har nynorskpraktikantar, du kan faktisk også få din eigen nynorsk-fadder.

Trass alt dette, klarer vi altså ikkje nynorskmålet. Det fekk kollega Ole Kristian, ein høg og mørk nynorskbrukar frå Stranda, til å krevje ein innsats frå oss bokmålsfolka:

De hadde vel òg eit sidemål ein gong i tida?

– Greitt, svara eg eplekjekt. Eg kan vel skrive ei sak på nynorsk. Men da skal saka òg handle om nynorsk, og du kan ikkje forvente ei positiv vinkling, fortsette eg. (Det var her det med kartet og terrenget blei slengt ut).

Kvifor kvoterer vi opp dette skriftspråket, når det store fleirtalet av lesarane ikkje nyttar det? Kvifor driv vi i det heile med to nesten like språk i dette lille landet?

– Lukke til, sa Ole Kristian, han er no alltid så roleg. Han sa også dette: Kanskje du oppdagar noko nytt om deg sjølv undervegs, når du skriv nynorsk?

Typisk vestlending. Underfundig og lur. Han kan ha spelt meg som ei brikke i sitt nynorske strategispel, rakk eg å tenkje før videomøtet blei avslutta. Eg kjente meg høgst usikker på om eg hadde vunne eller tapt diskusjonen. Men ordet fangar, også på Teams.

Berre å kvinne seg opp til å gå inn i språkstriden!

Eg bestemmer meg for å skrive dagbok i tida framover. På nynorsk. Kanskje du oppdagar noko nytt om deg sjølv. Kva skulle det vere? Blir eg meir poetisk, meir underfundig, mindre sidemålskritisk?

Vi får sjå. Eg kjøper i alle høve ei stilig, tomatraud bok til prosjektet.

Den raude nynorskdagboka

Ein upopulær idé

Straks eg forlet hovudstaden, får eg kritikk for min skepsis til nynorsk-kvotering.

Meiner du dette, seier far min, eg besøker barndomsheimen i Trøndelag.

Han ser plaga ut. Det er som ein slumrande veps vakna bak panna og sette brodden i: No har Oslo øydelagt ho for godt.

Tenåringstrassen vaknar som bestilt. Det er da ikkje sånn (seier eg til far min) at brorparten av det norske folk lengtar etter meir nynorsk? Og kvifor skal vi tvinge skulelei ungdom til å lære vestlandsk rettskriving, i tillegg til alt anna dei skal meistre til eksam ...

– Kva med Edvard Hoem, avbryt far min og sukkar. (Han elskar Edvard Hoem.)

«Kva skal vi med nynorsken»-snakk er Oslo-arroganse på sitt verste, merker eg at han tenkjer. Faktisk er eg litt overraska sjølv, over kva eg har lira av meg i nyare tid.

Språkstriden heng tett saman med den bitre krangelen mellom by og land (om til dømes subsidier, sentralisering, no for tida vaksinefordeling). Det er majoritet (bokmål) mot minoritet (nynorsk). No tek eg, ustilig nok, parti med majoriteten.

Før eg busette meg i hovudstaden, tenkte eg at nynorsken var demokratisk, folkeleg og viktig.

Norsk kultur bak sperreband. Illustrasjon: Marco Vaglieri

Attende til røtene

Tilbake på heimekontoret i Oslo-gryta landar eg på nettstaden til Språkrådet for historietime. Då diktar og språkforskar Ivar Aasen sette seg føre å lage eit norsk skriftspråk tidleg på 1800-talet, var prosjektet folkeleg: Han vandra rundt, lytta til dialektane, skreiv ned korleis folk faktisk prata.

Ivar Aasen (Foto: Carl Christian Wischmann)

Som fersk nasjon skulle Noreg finne seg sjølv og måtte ha eit skriftspråk. Ein del folk syntest dansken som var i bruk funka heilt greitt, med nokre fornorskingar. (Dei folka høyrde til eliten i byane, vil ein nynorskbrukar kjapt presisere.)

Ivar Aasens språk landa kanskje noko nærare sunnmøringens dialekt (hans eigen) enn ein del andre dialektar rundt om i landet. (Nynorsken likner òg mykje på fleire, ofte vestlandske, talemål. Ingen nemnd, ingen gløymd.)
Sidan 1885 har skriftspråka nynorsk og bokmål vore jamstilte.

Personleg hadde eg ein periode på videregåande då ideologien og distriktsprofilen i nynorsken fenga. Forfattaren Olav Duun, ein nordtrønder som skreiv nynorsk, gjorde inntrykk (særleg karakteren Ragnhild, som drap svigerfar sin med øks).

Eg vurderte ei stund å byte hovudmål/sidemål. Men eg fekk aldri ut fingeren.

Og nynorskbruken søkk. Medan 30 prosent av ungane i skulealder hadde nynorsk som hovudmål i 1950, var talet kring 12 prosent i 2016.

Vi er straks 5,4 millionar menneske i Noreg. Ifølgje Språkrådet er det rundt ein halv million som nyttar nynorsk, heilt eller delvis.

«Ei blanding av svensk og trollspråk»

Den raude dagboka ligg der og skin på pulten. Ho har fått nokre sider notatar om kva vi har ete til middag og liknande. (Mitt første grep for å ta opp att nynorsken er visst å setje punktum ofte, og sky framandord.)

Denne utvekslinga er frå familiebursdag: Eg spør mi 17-årige niese om ho har eit elsk-hat forhold til nynorsk? Det er berre hat, seier ho roleg. Men det går jo.

Det er allereie mykje meir nynorsk i NRK enn i folket vi er allmennkringkastar for. Men Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen har sagt at vi skal klare meir, og at nynorskens plass i NRK er «udiskutabel».

Kollega Ole Kristians «lukke til» med å utfordre nynorskkvota, kling ironisk for mitt indre øyre.

Det er då eg kjem på kona. Altså kona til Ole Kristian, Elise. Ho er norsklærar i Lørenskog, Viken fylke. Der blir dei vel glade for at eg vil setje nynorsken under debatt? (Ein bonus er at det nok vil plage Ole Kristian om hans livs kjærleik er negativ.)

– Det første elevane seier når vi skal ha sidemål er alltid «KOFFOR?!» (Elise er frå Trøndelag). Og eg blir svar skyldig, seier lektor Elise.

Ole Kristian og Elise

Ho sit på heimekontorkjøkenet og rettar essay på nynorsk. Det er gledelaust arbeid. Hestehalen heng slapt over skuldra, ho nemner feila som går att:

– Dei trur alt sluttar på -ar, dei nyttar ei blanding av svensk og eit eller anna … trollspråk. Eg klandrar dei ikkje. Nynorsken liknar ikkje korleis dei snakkar i det heile, seier ho.

«Eg finn det som høyrest mest unaturleg ut og så er det sikkert riktig» er strategien hos mange. Norsklektoren trur elevane hadde fått eit betre forhold til nynorsk dersom dei ikkje hadde vorte tvungne til å skrive det. Ho meiner sidemålet slik det er i dag (med eksamen og standpunktkarakter i 3. klasse) kvilar som ei mørk sky over heile norsken.

Det finst óg sjølvkritikk hjå lektor Elise. Ho og dei andre lærarane gløymer å nytte sidemål i presentasjonar og til andre føremål. Ho tenkjer at ein kunne mata inn nynorsken på ein smartare måte, kanskje brukt han meir, i fleire fag? (Litt som å mose grønsakene i pastasausen; det smaker godt og ungane et opp alt. Medan synlege bitar av stangselleri og lauk overhovud ikkje blir ete.)

– Dei fleste seier: «Eg gler meg til å slutte på skulen, då skal eg aldri røre nynorsk igjen», seier Elise. Ho tek sats, der ho sit på sitt 50 prosent nynorske kjøken:

– Eg skjønar jo litt kvifor elevane skal ha det … men eg er ambivalent. Og det kan du sitere meg på.

Sperreband. Illustratør: Marci Vaglieri

Statusheving av dialektane

Lørenskog-ungdomane har inga hjelp i dialekta si, sa ho. Eg blir gåande og grunne på dette. Kva har skjedd med dialektane i Noreg dei siste par generasjonane?

Dialektane, grunnlaget for heile nynorsken, har høgare status enn før. Vi frå andre landsdelar må ikkje leggje om til riksmål for at Oslo-folk skal forstå oss og setje oss i arbeid. Heile Noreg jabbar og chattar og ytrer seg på Facebook, på dialekt.

Det er over ti år sidan programleiar Ingerid Stenvold søkte og fekk lov til å nytte Målselv-dialekta i Dagsrevyen. Nokre få blei sure, men det roa seg fort.

Ingerid Stenvold (FOTO: NRK)

– Å nytte dialekt gjorde meg betre som formidlar av nyhende. Men dialektbruk krev godt, variert og forståeleg språk, akkurat som når ein normerer, seier Stenvold i dag.

Dei siste åra kan ein seie at det dialektbaserte skriftspråket etter Ivar Aasen har blømt, òg her i Oslo-gryta. Nynorsk-scena Det Norske Teatret gjer suksess, nynorsk-forlaget Samlaget gjer suksess, ein ser aviser som tidlegare ikkje ville ta i nynorsken med eldtong (VG, Aftenposten) få heider av Mållaget.

Nynorsk-posterboy Are Kalvø sa ein gong i eit smått legendarisk kåseri: Nynorskfolk slepp unna med meir. Dei framstår tause og interessante, der bokmålsfolk verkar sure og late. (Kalvø igjen: Dersom Clint Eastwood var nordmann, hadde han vore leiar for Mållaget i Vinje i Telemark.)

Clint Eastwood og Golskirke

KLASSISK MÅLMANN: Ikkje redd for ein kamp, verken Clintern eller dei som har sikra nynorskens plass opp igjennom Noregshistoria.

Foto: Creative Commons / British Library

Vi skriv 2021. Dialektane er inne i varmen, nynorsken har kred. Bruk ikkje kreftene på gnål og prosentrekning, berre lev livet, nynorsk!

Det er skummelt å seie. For målfolket er sterke av mange års kamp, dei er underdog-kule, og dei er ofte (men ikkje alltid) vestlendingar. Dei har fjell og fjord og ei djup kjensle av Oslo-forakt i ryggen.

«Nynorsken blir slått ned av kjøtvekta»

Væpna med smerte frå ungdommen og norsklektor Elise, tør eg gå vidare med mitt kritiske prosjekt. Kan ikkje nynorsken klare seg utan støttehjul og tvang no?

Ansvarleg for språkpolitikken i landet (og NRK) er Kultur- og likestillingsminister Abid Raja. Eg sender e-post og får raskt svar frå ein rådgivar.

Kulturministeren vil snakke med meg!

Han sit faktisk midt i sluttføringa av Noregs første heilskaplege språklov. Ho har vore drøfta i komiteane og 11. mars skal Stortinget gjere vedtak. I lovteksten står det at ein fjerdedel av det offentlege Noreg skal gå føre seg på nynorsk. Vi lærte nettopp at rundt 10 prosent nyttar dette skriftspråket.

Eg kjenner meg som ein papegøye, eg gjentek meg sjølv, men spørsmålet er altså: Kvifor?

– Nynorsk og bokmål har ulike konkurransevilkår i marknaden. Nynorsken er eit lite språk som blir slått ned av kjøtvekta, seier Raja.

Abid Raja (FOTO: REMI SAGEN / NRK)

Bokmål er under press frå engelsk, særleg innan ny teknologi, og nynorsk er under press frå bokmål igjen, og norsk kulturarv er viktig, ja dette har ministeren heilt klart snakka mykje om.

Dei som klagar over sidemål i skulen finn heller ingen nåde hos statsråden (som sjøl lærte seg norsk i barnehagen, etter å ha starta livet med punjabi og urdu som morsmål).

– Joda, det finst fag som nokre vil seie dei ikkje treng. Men om vi ikkje stiller krav til skuleelevane, og for den del til NRK, så kjem det ikkje til å gå mange generasjonar før nynorsken forsvinn, seier Abid Raja.

Språket utgjer ein viktig del av identiteten til ein person, seier han. Som barn av innvandrarar hadde han ikkje sidemål på skulen sjølv. Han lit på statssekretæren sin når det kjem til å skrive korrekt nynorsk. Men lese, det kan Abid Raja.

– Den siste boka eg las på nynorsk var «Tollak til Ingeborg» av Tore Renberg. Språket var irriterande i tre minutt, så gjekk det greitt. Etter ei bok gløymer eg om det var bokmål eller nynorsk eg las. Det er sjølve historia som blir med meg vidare.

Sperreband med nynorskskilt. Illustrasjon: Marco Vaglieri

Ei annoying påminning om nynorskens kvalitetar

Etter samtalen med Kulturministeren kjenner eg meg ... lite edel. Når Abid Raja med morsmål punjabi og urdu støttar nynorsken, må vel vi andre gidde? Skal vi slutte med matte berre fordi det er keisamt? Eit Noreg der vi berre ghostar alt som krev litt innsats, er verkeleg ikkje det landet eg ønsker meg. Det er trass alt identiteten til ein halv million brør og søstrer vi snakkar om.

Det plingar inn ei melding frå Ole Kristian, han lurer på korleis det går. Eg tastar tilbake på nynorsk, finn ikkje heilt orda og får korreks i retur. Han forklarer at eg skreiv «nok eit døme på eit substantiv som eigentleg er eit verb». På nynorsk skal ein nemleg ikkje drive med omskriving til substantiv, men la verba gjere jobben i setninga.

Kva tyder dette? Eit par døme frå bokmål:

  • I staden for «vi har foretatt en vurdering» skriv du «vi har vurdert».
  • I staden for «benytt KID ved innbetaling» skriv du «bruk KID når du betaler».

Eit ganske deilig prinsipp. (Tenk på alle håplause brev og skjema du har tolka i ditt liv, frå bank, skatteetat og NAV.)

Eg har den seinere tida merka at eg likar å skrive i den raude dagboka. Det å notere enkle ting om kvardagen stoggar vel bittelitt av frykta mi for at tida går så altfor fort og straks er alt vekk. Andsynes dødsangsten er ikkje det å skrive nynorsk eit veldig stort problem.

Den raude nynorskdagboka

Eit større problem synest å vere at eg er i ferd med å bli monoman:

Eg veit ikkje om det er saka eller kulda, men det set seg i ryggen, eg hamnar hos fysioterapeuten. Vi snakka om nynorsk (...) Eg er sosialt ute og syklar, leiter etter støtte, perspektiv og ein innlysande tanke som skal losne floka.

Eg blar i dagboka, medan ein ny chat poppar opp:

«Sjølv om du synest det er frustrerande no, vil du faktisk oppleve ei ny eksistensiell forståing av sjølve livet med å bruke nynorsk», skriv Ole Kristian til meg.

For ein djupt irriterande påstand! Eg meiner: Påstanden irriterer meg.

Eg lukkar samtalevindauget og let sunnmøringen jobbe vidare i si heilt sikkert kvoterte stilling som journalist.

Men kven var det no Abid Raja nemnde? Jo, Tore Renberg.

Tollak til Tore

Forfattaren Tore Renberg byrja å skrive nynorsk etter tjuefem år på bokmål. Han blei åtvara av forlagsfolk og frykta eit fall i populariteten då han skifta skriftspråk.

Så skjedde det motsette.

Tore Renberg (Foto: ANDERS FEHN / NRK)

Nokre kritikarar hevda at «Tollak til Ingeborg» frå 2020 er den beste boka hans. Han fekk Bokhandlerprisen (som ikkje har gått til ein nynorskforfattar sidan Tarjei Vesaas på 1960-talet). Boka om den gamle, einsame stabukken Tollak ligg på bestseljarlista enno.

– Lesarar i Noreg er mykje meir nynorskvennlege enn for nokre få år sidan. Motstanden har sokke drastisk, trass støyen i språk- og skulepolitikken, seier Tore Renberg.

Han kjem frå Stavanger, «tradisjonelt sett ein nynorskforaktande by», medan distrikta omkring er tjukkaste nynorskland. Han fortel at nynorsken kom til han i ein tilstand av skrivesperre og forløyste kreativiteten. Skrifta ligg nærare tanken, nærare slik karakterane snakkar.

Men Tore Renberg er langt frå like streng som Abid Raja med dei som hatar sidemålet nynorsk.

– Eg har altså full forståing for alle elevar som strevar. Men ... dette er ikkje mitt felt, seier han.

– Det viktigaste er at alle veit at vi har to skriftspråk og at ein får sjansen til å lese med glede. Vi må bli kvitt dei destruktive frontane som har krangla om dette i så jæskla mange år, meiner Renberg.

Sperreband. Illustratør: Marci Vaglieri

Open, reflekterande slutt

Etter å ha diskutert nynorsken i vekesvis, har krigslysta mi roa seg. No er det meir: På den eine sida slik, på den andre sida sånn. Ein skal til dømes ikkje undervurdere nytta nynorsken har gjort for oss ikkje-oslofødde, i det å få halde på dialekta vår.

Vent no litt. Dette tvisynet, hangen til å sjå ei sak frå to sider, er ikkje det typisk vestlending? Aka nynorsk-brukar? Eg veit ikkje.

Men eg kjenner meg annleis. Nynorsken tvang først fram dei korte setningane, pluss at eg måtte øve på å ikkje klikke i vinkel av å gjere feil støtt.

Så blei det faktisk enklare å finne ord etter kvart. Forskning tyder òg på at ein kan endre personlegdom når ein skiftar språk. Min nynorske identitet har meir humor, finn det lettare å vere frekk. (Er det min indre 17-åring som har vakna? Ho som likte trassen og Olav Duun?). Det er jo noko verdifullt i å vere utanfor komfortsona og ... herregud eg må spy av meg sjølv. Ikkje meininga å bli heilt predikant.

Men den raude dagboka syner glimt av ei litt anna ro, enn hos ho som starta prosjektet. Deilig å vakne her, då. Fyre i omnen. P3 radio. Kokekaffi. Den grøne vasspumpa utfor hytta ser splitter ny ut, men gamal stil.

Eg veit framleis ikkje kva som er løysinga for skulen og den tidvis så hata sidemålsundervisninga. Ein kan håpe at ein modig, framtidig politikar får ein ljos idé, og endrar norskfaget trass all arva motstand. (Hugs: Røykelova var òg særs upopulær, men vi lærte oss kjapt å elske livet i rein luft.)

Etter at eg prata med Tore Renberg blei eg nysgjerrig og las «Tollak til Ingeborg». Boka var ein fest, og hadde aldri eksistert om ikkje forfattaren tok opp nynorsken. Det skal eg seie til far min, som ei slags fredspipe. Han har garantert lese ho.

Eg har elles vore uvanleg tverr og (sjølv)kritisk i arbeidet med denne saka. Eg skuldar ikkje berre nynorsken for dette.

Mitt bidrag til at vi faktisk skal klare nynorskkravet, skal ikkje vere skjemt av trollspråk. No skal nynorskfadder Ole Kristian få lese over. Eg vil avslutte med forfatter Agnes Ravatns ord:

Det einaste slitsame med å skrive nynorsk, er at ein heile tida må forsvare at ein gjer det.

Eg beklagar. Herfrå blir det stilt.

Hei!

Har du nokre tankar om denne saka, eller tips til andre historier vi burde sjå på? Eg blir veldig glad for alle innspel! Tidlegare har eg til dømes skrive om frykta for den såkalla norske gettoen, og om megapopstjerna Taylor Swift som endra musikalsk retning i 2020

Lyst til å lese meir aktuelt kulturstoff på nynorsk?