Hopp til innhold

Reagerer på «F**k nynorsk»-kampanje frå FpU: – Skamlaus anti-nynorskpopulisme

«F**k nynorsk» er bodskapen frå FpU før skulevalet. – Eg blir oppgitt, svarer leiaren i Noregs Mållag.

Fpu-kampanje for valfritt sidemål

KAMPANJE FOR VALFRITT SIDEMÅL: Med denne plakaten ønskjer FpU å fremje valfritt sidemål i skulen.

Foto: Marit Voldsund Fjeldvær / Norsk Målungdom

– Vi er leie av at norske elevar må bruke tid på fag som ikkje er relevante for arbeidslivet, seier FpU-leiar Andreas Brännström.

I samband med skulevalet rullar ungdomspartiet ut ein kampanje for valfritt sidemål. På plakaten er det eit bilete av Ivar Aasen med teksten «F**k nynorsk».

– Hovudpoenget er at vi vil at unge skal utdanne seg for framtidas arbeidsliv. Språka er omtrent like. Når mange ikkje les og skriv godt nok, må ein prioritere hovudmålet, seier Brännström.

Fremskrittspartiets landsmøte 2020

VIL GJERE SIDEMÅLET VALFRITT: FpU ønskjer at sidemålet skal vere valfritt. – Det er ikkje nynorsk som språk, men nynorskfaget og -karakteren vi er imot, seier FpU-leiar Andreas Brännström.

Foto: Berit Roald / NTB

– Falsk fridom

Kampanjen fell ikkje i god jord hos leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge.

– Eg blir litt oppgitt. Ein skulle ikkje tru ein var i 2021 når dei vel å drive valkamp med ein slik skamlaus anti-nynorskpopulisme som det FpU gjer no, seier Hauge til NRK.

Hauge meiner FpU- forslaget gir elevane ein falsk fridom.

– Det å få opplæring i både nynorsk og bokmål i grunnskule og vidaregåande gir ein språkleg fridom til å velje om ein vil bruke nynorsk eller bokmål resten av livet, i staden for ein falsk fridom der ein vel det vekk i tre formative år på vidaregåande, seier han.

 Peder Lofnes Hauge

OPPGITT – Denne type kampanjar er det lenge sidan eg har sett, seier mållagsleiar Peder Lofnes Hauge, som meiner det har vore eit politisk stemningsskifte rundt nynorsk dei siste åra.

Foto: Elise Årdal

Marit Voldsund Fjeldvær sit i sentralstyret til Norsk Målungdom. Ho reagerte då ho såg plakaten på Charlottelund videregående skole i Trondheim.

– Det er veldig respektlaust. Det er lov å seie at ein er for valfritt sidemål, men å snakke om det slik er ein dårleg måte å starte eit ordskifte på.

Meiner karakteren blir eit hinder

Fpu-leiar Andreas Brännström understrekar at det er sidemålsfaget, ikkje nynorsk som språk dei vil til livs. Han meiner nynorskkarakteren for mange blir eit hinder for at dei kan kome inn på dei studia dei ønskjer.

– Eg synest det er ganske hårreisande at Noregs Mållag og andre meiner at ein nynorskkarakter skal stå i vegen for at norsk ungdom kan bli det dei vil.

– Litt drygt, men greitt forslag

Silje Larsen (18) og venninna Serine Skomsvoll (18) i Førde har nynorsk som hovudmål og bokmål som sidemål. Å skrive «F**k nynorsk» synest dei blir litt drygt.

– Eg skjønnar at dei kanskje er mot det, men ein skal ikkje bruke sterke ord når det kjem til slikt, for folk skal få ha sine eigne meiningar, seier Larsen.

– Det er nok dei som likar bokmål best og synest det er vanskeleg å lære nynorsk som meiner slikt, seier Skomsvoll.

Serine Skomsvoll og Silje Larsen

– LITT DRYG: Serine Skomsvoll og Silje Larsen i Førde synest FpU-kampanjen er litt på kanten, men er ikkje imot forslaget om valfritt sidemål.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Sjølv om dei to venninnene synest teksten «F**k nynorsk» er litt på kanten, er dei ikkje heilt usamde med FpU når det kjem til valfritt sidemål.

– Eg synest eigentleg det hadde vore greitt, med mindre ein skal fordjupe seg i norsk, seier Skomsvoll.