Hopp til innhold
Anmeldelse

Å «muta» eit barselbrøl

«Barselfeber» tek ikkje ut potensialet og krafta som ligg i materialet når mors­erfaringar blir teater.

Fra «Barselfeber»
Foto: Teatret Vårt
Teater

«Barselfeber»

Teatret Vårt, Molde. Skal på turné i Møre og Romsdal.

16. mars 2023

Barsel­brøl og bunads­gerilja er omgrep som blir knytta til det omdiskuterte føde­tilbodet i Noreg.

Førre veke la Kvinnehelse­utvalget fram utgreiinga si om kvinne­helse. Rapporten konkluderer mellom anna med at kvinne­helse ikkje lenger må vera eit sær­hensyn.

Han held fast på prinsippet om like­verdige helse­tenester basert på at helsa til kvinner og menn er ulik.

Kvinnehelse i teater

Noko av den same tematikken er bakgrunnen for at skode­spelar Kjersti Botn Sandal no debuterer som dramatikar med stykket «Barsel­feber» ved Teatret Vårt i Molde.

Sandal er ikkje den einaste som leverer nyskrive dramatikk om mors­erfaringar denne våren, «Mødre­variasjonar» ved Teater Vestland inneheld mykje av den same tematikken.

Felles for dei to fram­syningane er at teatera har valt å la dramatikaren iscene­setja eigne stykke.

Eg er usikker på om det er lurt.

Begge stykka, og kanskje særleg «Barselfeber», ber preg av ein manglande distanse til eige­skrive stoff i iscene­setjinga.

Fra «Barselfeber»

BARSELVISITT: Blomar er ein viktig del av anerkjenninga til ei nybakt mor – for nokon. Her er bukettberar Johanna Mørck, nybakt mor Sara Fellman (i midten) og babyen (Linn Wennersten).

Foto: Teatret Vårt

Babyliv

«Barsel­feber» er ei forteljing om tre kvinner sine forhold til det å bli mor.

I starten av stykket møter me ei kvinne som noko uførebudd får sitt første barn og strevar med å leva opp til forventningane som finst rundt det å bli mor og alt ein skal gjera rett.

Dotter hennar har ei anna innstilling: I løpet av stykket føder ho tre barn og blir nesten eten opp av mors­oppgåvene.

Den tredje kvinna er jord­mora som aldri fekk eigne barn.

Stykket har mange element som vil vera lett å kjenna igjen for alle med mors­erfaringar, og det bringer fram interessante perspektiv knytt til barsel­tid og forventningar frå ein sjølv og omverda.

Baby­livet blir godt spelt ut, og særleg god er framsyninga i dei fysiske sekvensane. Å bera fram barn og å bera dei vidare i livet er fint visuelt framstilt av skode­spelarar og regissør.

Fra «Barselfeber»

NY I VERDA: Fødslar er skildra gjennom fin koreografi. Sara Fellman (ståande) og Linn Wennersten i framsyninga «Barselfeber».

Foto: Teatret Vårt

Sette på mute

Men om ein les omtalen til teateret av stykket, held det ikkje heilt det det lovar.

Dei tek rett nok opp tematikk som gjeld mange, kampen for eit trygt føde­tilbod kan kvinner over heile landet kjenne seg igjen i.

Men eg opplever ikkje at teksten eller iscene­setjinga drøftar dette – det vert meir ei skildring.

Det vert ikkje bygd opp til store kontrastar eller nokre sentrale dramatiske høgde­punkt fordi teksten ikkje riv seg laus frå konvensjonar som finst rundt kvinne­helse, føding og barsel­liv. Fram­syninga vel heller å vise dette fram med rike perspektiv.

Innanfor ramma er det leikent, men ramma opplevast noko snever. Som om nokon har «muta» barsel­brølet, på eit vis.

Ikkje under­bemanna

Sara Fellman gjer gode roller både som baby og mor. Mors­tilknytinga og mangel på denne blir gripande i tolkinga hennar.

Sceno­grafien gir ikkje oppleving av ei under­bemanna føde­avdeling, slik teateret meiner han gjer, teater­rommet kunne like gjerne vore for­rommet til eit spa. Det er ikkje noko slags hektisk preg, ikkje noko som står på spel, anna enn livsens gong.

Dei beige draktene fungerer godt – der konturane av bryst og navle også kan sjåast som eit slags smile­fjes.

Fra «Barselfeber»

FEKK PRIS: Sara Fellman gjer ein sterk prestasjon både som baby og sidan som mor i framsyninga «Barselfeber». Under framsyninga 16. mars fekk ho prisen «Fiskerjenta» frå Teatrets venner for innsatsen ved Teatret Vårt.

Foto: Teatret Vårt

Kjensla av å bli mor blir godt skildra både av Johanna Mørck og Sara Fellman.

Forventningane om å feira det å ha vorte mor – og dertil høyrande skuffelse når ingen bryr seg om føde­bragda til den første fødande kvinna, seier noko om kva status det å bera fram eit barn har.

Scena når denne kvinna seinare blir beste­mor og fører med seg eit blomster­hav som helsing til dottera (som ikkje bryr seg om blomar), er også talande.

Stykket kan sjåast på som eit skrik om merksemd om aner­kjenning for det å føda – men det er veldig lågt og forsiktig skrike.

Fra «Barselfeber»

HEI: Sara Fellman som nyfødd baby, Linn Wennersten som jordmor. 

Foto: Teatret Vårt

Meir urkraft

– Det står ikkje statuar av kvinner som har fødd 12 barn rundt omkring, men det finst mange statuar av menn som har gått på Mount Everest, har dramatikar Sandal uttalt i samband med premieren.

Dramatikar­debuten hennar viser at ho har vilje og teft for tematikk, men også at det er meir å henta, grava etter og skriva fram spenningar om – i dette materialet som i anna.

«Barsel­feber» har likevel vorte ein tanke­vekkjande, vár og attkjennande time i teateret.

Men det skulle vore litt meir som fødande kvinner flest: snappy, rasande og med ur­kraft i frå­sparka.

«Mødrevariasjonar» ved Teater Vestland «Eit stykke for alle med morserfaringar»

Fra Mødrevariasjonar ved Teater Vestland

Hei!

Eg melder teater, scenekunst og dans for NRK. Les også meldingane mine av «Miss Saigon» på Folketeateret, «Lang dags ferd mot natt» ved Oslo Nye Teater, eller «Frost» ved Det Norske Teatret. 

Endringslogg 21. mars: Ordet «hudfarga» er teke ut og bytta med «beige» i setninga «Dei beige draktene fungerer godt – der konturane av bryst og navle også kan sjåast som eit slags smilefjes».