Hopp til innhold
Anmeldelse

Stjerner reddar frosen Disney-musikal

Innimellom er «Frost» ved Det Norske Teatret gåsehud-magisk. Men alt for sjeldan.

«Frost» ved Det Norske Teatret
Foto: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret
Terningkast 4 Teater

«Frost»

Musikal

Det Norske Teatret

Premiere 14. oktober

Det er ganske nøyaktig ti år sidan Disney-filmen «Frost» smelta millionar av hjarte verda over.

Filmen var noko heilt nytt: Ei nordisk forteljing og ei annleis kjærleiks­historie frå Disney der bandet mellom søstrer kunne overvinna alt. Men òg ei historie om aktive jenter og om frigjering – å våga sleppa seg laus.

Difor er den nye teksten til hiten «Let it go» nesten riktigare på nynorsk: «Det må ut!» syng Mimmi Tamba i rolla som Elsa.

Teksten får fram ei aktiv haldning til korleis handsama det uregjerlege: Det må ut, eg slepp det ut, det er eit aktivt val.

Men i den store frosne teater­verda på scenen er det lite varme, lite leik og lite «Broadway-schwung» å spora.

Elsa, Anna og Olaf reddar likevel framsyninga.

Fra «Frost» ved Det Norske Teatret

HJARTEVARMT: Mykje kulde skil dei to søstrene Elsa og Anna. Men ekte kjærleik kan tine mangt eit frose hjarte.

«Frost» ved Det Norske Teatret

Alt for kjærleiken i «Frost» når Kristoffer spring til månen og tilbake. I denne scena sitter effektene som eit skudd.

Foto: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret
Fra «Frost» ved Det Norske Teatret, basert på Disneys «Frozen».

Kristoffer (Vegard Bjørsmo) og reinsdyret Svein (Kaja Varjord) er sjølvsagt klare for eventyr.

Gløym filmen

Den nordiske premieren på musikalen «Frost» er ein eigen versjon av Broadway-musikalen. Manuset og musikken er like, men regi og scenografi er fri til å gjera det annleis enn i originalen.

Men barna som kjem, får ein musikal som visuelt er ganske ulik filmen mange av dei kjenner godt. Broadway- og West End-versjonane av «Frost» var tett knytte opp mot filmen i uttrykket, mellom anna med digitale frost-magi-effektar.

Slik er det i liten grad på Det Norske Teatret.

For eit barn vil det mellom anna seia at dei søte, små trolla frå filmen ikkje er der. Desse er erstatta med eit langhåra, mystisk og slørkledd huldre­folk.

Framleis syng dei den muntre låten «Alle treng å bli fiksa opp litt», men heile det småskumle huldre-grepet er nok ikkje så vellukka for ein ihuga «Frost»-fan på fem-seks år.

Kulisser i «Frost» ved Det Norske Teatret

TAR MYKJE PLASS: Massiv is når Anna (Ina Svenningdal) og Kristoffer (Vegard Bjørsmo) klatrar i veg for å finna Elsa. Kulissane i «Frost» er så store at dei knapt får plass på hovudscena ved Det Norske Teatret.

Foto: Det Norske Teatret

I tillegg er scenografien mastodont-prega: Både huset og isen er store og ugjennomtrengelege konstruksjonar som på eitt eller anna vis får den digre hovudscena ved Det Norske Teatret til å verka lita og trong.

Det er nesten godt gjort å få til.

Olaf reddar dagen

Samstundes verkar ensemblet lite til ein så stor musikal.

Gjenbruken av skodespelarar er ivrig, ikkje før er kongen og dronninga av Arendell døde i ei ulukke, så dukkar dei opp i nye roller.

For barnet som får dette med seg, må det vera forvirrande. Nokre ekstra skodespelarar kunne dei kosta på seg i eit så stort rigg. Det ville gitt litt meir kjensla av Broadway.

Samstundes: Her er ting å gle seg over.

Thelma Advocaat som Anna, Ester Guadalupe Støten Vargas som Elsa. Bilda er tatt i prøvetida. De spilte på premieren.

FLINKE: Thelma Advocaat og Ester Guadalupe Støten Vargas som Anna og Elsa opnar framsyninga med ein av dei mest velkjende låtane frå filmen, med ny norsk tekst.

Foto: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret
Mimmi Tamba og Ina Svenningsdal som Elsa og Anna i «Frost», basert på Disneys «Frozen».

Mimmi Tamba og Ina Svenningsdal gjer gode prestasjonar i hovudrollene som Disney-søstre, meiner NRKs kritiker.

Foto: Det Norske Teatret

Musikalen startar rett på den herlege «Vil du bli med og bygge snømann?», og barne­rollene, særleg Anna (på premieren spelt av Thelma Advocaat) er ein sjarmerande prinsesse-versjon av Pippi Langstrømpe.

Ina Svenningdal som Anna og Mimmi Tamba som Elsa har funne sine eigne vegar inn i dei kjende rollene, og det fungerer godt.

Olaf er varmt og muntert spela av Mathias Augestad Ambjør, han bergar det nære og attkjennande i framsyninga.

«Frost» ved Det Norske Teatret

SKIN: Olaf er ein storfavoritt i framsyninga, og Mathias Augestad Ambjør fører han fram med eit rikt og fint detaljspel. Her i ei skikkeleg snømann-scene.

Foto: Jorri Kristjánsson / Det Norske Teatret

Kristoffer (Vegard Bjørsmo) er populær hjå det unge publikummet og jobbar seg fint inn i rolla etter kvart.

Mathias Luppichini som sleske prins Hans får lite tid til å gå frå helt til skurk. Han er likevel godt casta.

Dei viktigaste – Olaf, Elsa og Anna – er på plass. Då kan ein gå med på mykje.

Og framsyninga er smart nok til å ha nokre gåsehud-scener på dei rette plassane. Særleg gjeld dette scena der Olaf drøymer om sommar, og scena der Elsa syng «Det må ut».

Den er spektakulær.

Fra Frost

KLIMAKS: Mimmi Tamba er knallgod i hiten «Det må ut», kanskje høgdepunktet i musikalen. Snøen er av cellulose – det vil seia at du kan eta han om du vil.

Foto: Det Norske Teatret

Modige nok?

Men det er for langt mellom høgdepunkta i musikalen.

Regissør Gísli Örn Garðarsson er glad i effektar, og nokre gonger tek dei for mykje plass. Det vert litt plundring med snorer når skodespelarane skal verte sikra før luftige svev og løft, og det er ikkje alt som gjev utteljing.

Men når Kristoffer spring til månen og tilbake for å nå att Anna, er det fint.

Islandske Garðarsson skal regissere denne musikalen i fleire land – først i Noreg, så ved andre store teater i Norden.

Her er ei sauna-scene som tydeleg frir til det finske publikummet, men «Frost» har mindre samisk preg enn eg hadde venta, all den tid Det samiske nasjonalteateret har vore med i utviklinga av framsyninga i Oslo.

Eg hadde trudd Det Norske Teatret ville vore modigare her, minoritetsteater som dei er.

«Frost» ved Det Norske Teatret

HELT OG SKURK: Ina Svenningsdal og Mathias Luppichini på scena. Sistnevnte løyser rolla som den skurkete prinsen Hans på ein god måte, til tross for at karakteren må gjennom ei brå vending frå god til ond.

Foto: Jorri Kristjánsson
Fra «Frost» ved Det Norske Teatret

Vegard Bjørsmo som Kristoffer i «Frost».

Foto: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret
Fra «Frost» ved Det Norske Teatret

Trolla frå filmen er erstatta med et huldre-aktig folk i den nordiske musikal-utgåva av «Frost».

Foto: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret

«Taiming»

Då det var klart for applaus, var det teknikarane som entra scena først. Og det skulle berre mangla. For det er eit stort maskineri som er i sving for å få til all magi i denne framsyninga.

Garðarsson er kjent for å laga leikne og kraftfulle framsyningar. Men så mykje leik vert det ikkje plass til her.

Mange av skodespelarane verkar vera konsentrerte om «taiming» på effektane. Det vert for massivt og for langt mellom høgdepunkta til å kalla «Frost» verkeleg heilstøypt.

Men når magien får slå til, når det ikkje blir for trongt og når Olaf får eiga rommet, då skjøner ein kva for hjartesmelt-kraft teateret kan romma.

Hei!

Eg melder teater, scenekunst og dans for NRK. Les også meldingane mine av «Miss Saigon» på Folketeateret, «Lang dags ferd mot natt» ved Oslo Nye Teater, eller «Frost» ved Det Norske Teatret.