Hopp til innhold
Anmeldelse

Ei sterk musikaloppleving

«Miss Saigon» er ein kompleks musikal. Versjonen på Folketeateret gløymer ein seint.

Fra Miss Saigon på Folketeateret
Foto: Fredrik Arff
Teater

«Miss Saigon»

Folketeateret, Oslo

1. september-11. november 2023

Det finst historier det er lett å fortelje. Og så finst det dei som er meir kompliserte. Musikalen «Miss Saigon» høyrer til blant dei.

Han er ein elska, men òg omdiskutert musikal – mellom anna grunna korleis menneske frå Vietnam har vorte framstilte på scena.

Slik eg ser det, har produksjonsselskapet Scenekvelder jobba grundig og ærleg med «Miss Saigon».

Resultatet er ei sterk musikaloppleving.

Fra Miss Saigon på Folketeateret

STILIG: Scenografien i «Miss Saigon» skapar gode rom. Føre: Catharina Vu som Kim og Olivie Skjelseth Nguyen som Tam.

Foto: Fredrik Arff

Rakrygga

Under Vietnamkrigen ser 17 år gamle Kim familien bli utsletta. Ho vert plukka opp av ein hallik og henta inn til eit bordell der amerikanske soldatar kjem for å forlysta seg. Der treff ho soldaten Chris, og dei vert forelska.

Men brått trekk amerikanarane seg ut av Vietnam. Chris får ikkje med seg Kim. Han reiser, Kim flyktar til Bangkok. Han startar eit nytt liv i USA, ho oppdrar sonen deira (som han ikkje veit om).

Til slutt møtest dei att.

«Moulin Rouge! The Musical»: «Ruud Ellingsen spiller Sondre Lerche god»

Bilde fra musikalen «Moulin Rouge» på Chateau Neuf.
Bilde fra musikalen «Moulin Rouge» på Chateau Neuf.

Scenekvelder har venta lenge med å sette opp «Miss Saigon» – dei har venta på dei rette skodespelarane til rollene.

Dei har ønska å ha med flest mogleg med vietnamesisk bakgrunn, og dei har leita. Det var det verdt.

Fra Miss Saigon på Folketeateret

KOMPLISERT KJÆRLEIK: Kim (Catharina Vu) og Chris (Sigurd Vespestad Marthinussen) finn kvarandre. Men krig og kjærleik er ikkje alltid ein god kombinasjon, heller ikkje i «Miss Saigon».

Foto: Fredrik Arff

Catharina Vu speler Kim. Vu er mellom anna kjent som au pairen Pim i NRK-serien «Exit», men ho har òg fleire framsyningar bak seg ved Det Norske Teatret, der ho har fått skodespelarutdanning.

Rolla som Kim må vera hennar livs rolle. Ho har tatt store steg som skodespelar, funne ei slags ro, og ho gjer Kim med tyngd, truverd og hjartet på utsida.

Som dei andre prostituerte, er Kim rakrygga og sterk, meir enn eit offer. Kvinnene i denne oppsettinga er ikkje skitne eller underkua. Dei har tatt sine val.

Fra Miss Saigon på Folketeateret

MUSIKAL FRÅ VIETNAMKRIGEN: Sjå innslag frå Lørdagsrevyen 25. august.

Friskt pust

Amerikanarane er heller ikkje berre heltar. Dei tek for seg på bordellet, stikk når dei vert beordra heim, men kjenner òg på dårleg samvit.

Chris giftar seg og vert kvitt trauma sine – men han fortel ikkje kona om Kim før han må. Livet hans vert ytterlegare komplisert når han får høyra at han er far.

Sigurd Vespestad Marthinussen speler fram det vanskelege for Chris. Korleis skal han hjelpa Kim og sonen og samstundes fortsetta det livet han har heime i USA?

Fra Miss Saigon på Folketeateret

SKJØRT OG VAKKERT: Håpet i krig er like skjørt som ein ballong.

Foto: Fredrik Arff

«Miss Saigon» er full av komplikasjonar, og ikkje alle flokar kan løysast.

Halliken, The Engineer, er spela fram av erfarne Duc Mai-The, og han er som eit friskt pust inn i besetninga.

Nummeret «The American Dream» er eitt av høgdepunkta i musikalen – mellom anna fordi det er så upolert, rart og fint på ein gong.

Han er hallik, sjølvsagt er han slu, men han representerer samstundes kva krig kan gjere med menneska. Ein må redda seg sjølv.

Fra Miss Saigon på Folketeateret

SIGGANDE OG SOKKELAUS: Duc Mai-The gjer ei stor rolle som The Engineer i «Miss Saigon».

Foto: Fredrik Arff

Sit i

Scenografien skaper gode rom på scenen i Folketeateret denne gongen. Det drys dollar frå taket, og i ei spektakulær scene flyktar amerikanarane i helikopter.

Men det som sit att, det eg set mest pris på, utanom den vakre musikken, er korleis den kompliserte krigshistoria får lov å vera komplisert. Korleis det ikkje alltid finst ei løysing eller ei happy ending for alle.

Fleire av dei som står på scena, er etterkommarar av båtflyktningar frå Vietnamkrigen. Dei veit kva dei speler ut og syng om.

«Miss Saigon» er umogleg ikkje å la seg gripa av.

Musikalen sit i. Lenge.

Hei!

Jeg anmelder teater, scenekunst og dans for NRK som frilanser. Les også anmeldelsene mine av «Tryllefløyta» ved Det Norske Teatret, «Kokosbananas og moromaskinen» ved Teater Ibsen, eller «En folkefiende» ved Oslo Nye Teater.