I ei tid der barselopprør, bunadsgerilja og nedlegging av fødestover frå tid til anna har prega nyheitene, vert det denne våren spelt to nyskrivne teaterstykke ved dei to store regionteatera på Vestlandet.
«Mødrevariasjonar» ved Teater Vestland er eitt av dei. Det er eit tankevekkande, rikt og muntert morsstykke der ulike mødreerfaringar vevar seg fint inn i kvarandre og skapar eit nyansert bilete av kva ei mor kan vera.
Om det stemmer at den typiske teaterbillettkjøparen i Noreg er ei 50 år gammal kvinne, trur eg Teater Vestland har treft blink.
FØLELSER: Morsrolla byr på heile følelsesspekteret, også sorg og sinne.
Foto: Espen NyttingnesInn til beinet
Med det same eg har dumpa ned i teatersetet og gjort meg klar til framsyning, ser eg noko i sidesynet. Ei ung jente brøytar seg fram på rada der eg sit. Rada er sjølvsagt full, og jenta har ein diger mage, men ho skal forbi.
Eg ser ho er skodespelar, og eg må le. Eg samlar opp alt eg nett har landa i setet: jakka, skjerfet, sekken, skriveboka, flaska med vatn og pennen medan eg lagar til plass og ho bukserer seg forbi.
Denne starten likar eg. Jenta med magen ser heilt vanleg gravid ut: Ikkje spesielt fjong, men med ei kraft og ei vilje som seier «Her kjem eg med magen min. Og me skal fram!».
BAKKAR OG BERG: Scenografien tek Vestlandet på kornet med kulissar som vert til bratte bakkar for dei fire mødrene på trilletur.
Foto: Espen NyttingnesSlik er ho eit godt bilete på framsyninga «Mødrevariasjonar»: Dramatikar Lene Therese Teigen har skrive seg inn til beinet av det å verta mor, både som det arbeidet det er å bera fram eit barn, men òg om det å vera mor som eit arbeid og ei rolle som aldri forsvinn.
Alt i eit vestnorsk landskap med bakkar, berg og bruer – frigjerande fritt for barnevogner med kopphaldarar til kaffi-to-go eller siste skrik på utstyrsfronten.
Vev av stemmer
Dramatikar og regissør Teigen nyttar her, som ho òg har gjort før, fleire stemmer inn i forteljinga.
Dei fire skodespelarane spelar fire roller kvar, og slik får framsyninga eit fint spenn frå oldemødrer til tanter og venninner. Saman vert dei ein vev av stemmer ein kan kjenna seg att i og dannar eit heilskapleg bilete av morserfaringar.
GJERA DET SJØLV: Strikkegarnet går som ein tråd gjennom heile framsyninga.
Foto: Espen Nyttingnes«Mødrevariasjonar» følger fire førstegongsfødande – med varierande grad av planlagde graviditetar - frå barseltreff til ungane er ti år gamle.
Sjølve starten av framsyninga er litt trå, mykje skal presenterast, og replikkane flyt ikkje så godt. Premissane vert like fullt godt etablerte, for eksempel tanken om alt ein skal gjera rett.
Første scene har tittelen «Eg skal bli ei god mor» – og i det ligg det lag på lag av forventningar dei gravide vert påførte av seg sjølv og omverda. Som å strikka, få det til, laga fine plagg, gjera det sjølv.
Handarbeid til småbarn er det i stor grad kvinner som driv med, og strikkegarnet går som ein tråd gjennom heile framsyninga. Også i handarbeidet ser ein variasjonar – nokre får det til, nokre raknar det berre for. Nokre gjennomfører fordi dei må.
Bakkar og berg
Dei fire førstegongsfødande har kvar sine reiser, og historiene deira kjem fint fram og skapar karakterar som viser kor komplekst morslivet er. Utviklinga hjå fleire av dei er spanande og medrivande, og framsyninga er sterkt prega av håp.
MYKJE MORO: Artig på gamleheimen. Der strikkast det lestar med kjærleik i storleik XL. Framme: Katrine Lunde Mackenzie og Idun Losnegård, bak: Carina Furseth.
Foto: Espen NyttingnesSamspelet er solid og muntert, timinga er god. I tillegg tek scenograf Christine Lohre Vestlandet på kornet: Her er kulissar som vert til bratte bakkar og umoglege fortauskantar for dei fire mødrene der dei trillar av garde på barselvitjingar.
«Mødrevariasjonar» har eit stort humoristisk potensial som vert herleg forløyst av dei fire skodespelarane.
Scena frå gamleheimen med strikkande oldemødrer er slik sett eit høgdepunkt. Men ho står litt åleine i samanhengen, ho er eit såpass artig innslag i framsyninga at ein kunne fint vore innom ho ein runde til.
«Mødrevariasjonar» speglar livet med samlivsbrot, sjuke ungar, ungane ein aldri fekk, samt krevjande mødrer og kampen for sjølvstende. Mest av alt viser ho korleis det å verta mor handlar om å forsøka å ta kontroll over noko ein ikkje kan kontrollera.
SPEGLAR LIVET: Sorga over det ein ikkje fekk. Bygdeoriginalen tante Anne (Katrine Lunce Mackenzie, i midten), trillar si tomme barnevogn gjennom heile framsyninga. Ho ber på ei anna morsforteljing. Til venstre for ho: Idun Losnegård. Til høgre: Oda Alisøy.
Foto: Espen NyttingnesNett slik dei klumpete gravidmagane er knytt fast med belte rundt skodespelarane, dei er både ein og to på same tid. Det ligg eit slags håp i å sleppa kontrollen, for livet kan driva seg sjølv – langt på veg.
Ein må berre pressa seg fram der det trengst – anten det gjeld å forsera ei seterad full av utolmodig teaterpublikum eller be om ei hand for å komma seg over ein litt for skummel fortauskant.
Alt dette viser Teater Vestland humoristisk og fint i eit tankevekkande og livfullt stykke. Det er absolutt eit stykke for alle med morserfaringar.
Om det er like mykje å hente for han far, er ikkje like sikkert.
VIDEO: Kritikar Karen Frøsland Nystøyl fortalde om teateropplevinga i Nyhetsmorgen måndag.
Hei!
Eg melder teater, scenekunst og dans for NRK som frilans. Les også meldingane mine av «Nei og atter nei» på Riksteatret, «Kokosbananas og moromaskinen» på Teater Ibsen, eller «Et glass til» på Christiania Teater.