Hopp til innhold
Rolls Royce Ulsteinvik
Foto: Halvard Alvik / NTB scanpix

Kongsberg Maritime

Oppsummert

Rolls Royce Marine eigde fram til 1. april 2019 fleire avdelingar med til saman 1600 tilsette i Noreg, blant anna i Ålesund, Ulstein, Haram og Bergen. No er dei overtatt av Kongsberg-gruppen.

  • Kongsberg selger deler av virksomheten

    Kongsberg Maritime selge deler av virksomheten de har på Longva på Flemsøy/Skuløy til et nyopprettet selskap. Det nye selskapet har fått navnet Northern Island Technology, NIT, og det er lokale eiere som står bak. Kongsberg blir en av kundene til NIT. Kongsberg har 125 ansatte på Longva, 85 av disse blir værende i selskapet mens blir 40 går over til nystiftede NIT.

  • Må redde arbeidsplassar

    Arbeidarpartiet sin fyrstekandidat til stortingsvalet, Per Vidar Kjølmoen, meiner regjeringa må på bana for å hindre tap av fleire maritime arbeidsplassar på Nordvestlandet. I går kom nyheita om at Kongsberg Maritime flyttar 30 arbeidsplassar frå Ulsteinvik til Finland.

    Næringsminister Iselin Nybø seier til NRK at regjeringa har ført ein aktiv og offensiv maritim politikk og lagt fram ei rekke tiltak for verfts- og utstyrsleverandørar.

    Per Vidar Kjølmoen (Ap), fylkesvaraordfører i Møre og Romsdal.
    Foto: Arbeiderpartiet
  • Sterke reaksjonar frå tillitsvalde

    Fagforeiningane i Kongsberg Maritime i Ulsteinvik kjem med sterke reaksjonar etter at det torsdag vart kjent at selskapet flyttar thrusterproduksjonen frå Ulsteinvik til fabrikken i Rauma i Finland. Det skriv Vikebladet Vestposten. Avisa viser til ein uttale frå dei tillitsvalde. – Vi forstår at bedrifta tek grep for å betre resultatet, men vi har derimot liten forståing for at flyttinga av arbeidsplassar frå Ulsteinvik til et anna nordisk land vil gi ein betydeleg økonomisk gevinst. Bedrifta har sørga for at mange no går ein tung sommarferie i møte, står det i uttalen som er signert fleire av fagforeiningane.

  • Flyttar produksjon til Finland

    Kongsberg Maritime flyttar delar av propellproduksjonen sin frå Ulsteinvik, til Rauma i Finland. Flyttinga gjeld produksjonen av tradisjonelle, mekaniske thursterar. Om lag 30 arbeidsplassar vert flytta ut av landet. Produksjonen av elektriske propell-system vert verande i Ulsteinvik.

    Samstundes vil dei slå saman avdelingane sine på Hareidlandet. Det vil seie at alle dei rundt 80–90 arbeidsplassane på Hjørungavåg, vert flytta til Ulsteinvik. Etter omstillinga vil det vere om lag 400 tilsette ved Kongsberg Maritime i Ulsteinvik, mot 350 i dag.

    Kongsberg Evotec Ulsteinvik
    Foto: Arne Flatin / NRK
  • Skal bygge om skip

    Hurtigruten har inngått avtale med Kongsberg Maritime og Myklebust Verft på Sunnmøre. Avtalen gjeld ombygging av tre hurtigruteskip til hybridskip med store batteripakkar og lågt CO2-uslepp frå motorane. Dei tre skipa det er snakk om er Nordlys, Kong Harald og Richard With. Avtalen vil sikre arbeid ved mange lokale bedrifter i tida fram mot 2023. Det skriv Hurtigruten i ei pressemelding

    Hurtigruta Richard With
    Foto: Linda Bjørgan / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL