No kan du møte førarlause båtar i verdsarvfjorden

Snart er det meir enn stortstilt natur som møter cruiseturistane som skal innover mot Geirangerfjorden. Dei kan også møte båtar som tøffar rundt utan førar.

Storfjorden

Her skal det etter kvart trafikkere fjernstyrte båtar. Storfjorden skal bli nytta til å teste ut framtidas skip.

Foto: Tor Sivertstøl / NRK

Den 86 kilometer lange Storfjorden, med sidefjordar som Geirangerfjorden, skal nemleg bli testfjord for fjernstyrte båtar.

I det vakre fjordområdet på Sunnmøre er det åtte ferjestrekningar, ei rekkje oppdrettsanlegg, nærskipsfart samt fjordturisme som til saman gjer at trafikkbiletet er godt eigna når ny teknologi skal prøvast ut i det verkelege liv.

– Storfjorden er ideell

Etter avtale med Kystverket og Sjøfartsdirektoratet vil eit samarbeidsprosjekt under leiing av GCE Blue Maritime legge til rette for at turistfjorden no kan bli nytta som testfjord for framtidas fjernstyrte og autonome skip.

– Storfjorden er ideell, med nærleik til heile 14 skipsverft og 20 reiarlag, der fleire allereie nyttar dette området til å føreta prøveturar for nybygde skip, seier Per Erik Dalen, administrerande direktør for GCE Blue Maritime.

Storfjorden blir no det andre fjordområdet i Noreg som er godkjent for dette føremålet. Frå før er også Trondheimsfjorden godkjent som testfjord.

Les også:

– Nær viktige teknologimiljø

At Storfjorden no skal bli testfjord er ei gladnyheit både for næring og skular i Møre og Romsdal. Rolls-Royce Marine er blant bedriftene som er opptekne av å få nye idear raskt frå teiknebrettet til sjøen.

– Storfjorden er godt plassert nær viktige teknologimiljø. I Ålesund har vi huset fullt av simulatorar for ny teknologi, men storfjordområdet ligg rett utanfor vindauga, seier Asbjørn Skaro, direktør for Digital & System i Rolls-Royce Marine.

Viserektor ved NTNU i Ålesund, Annik Magerholm Fet, gler seg over at studentane no kan få ein ny læringsarena.

– Vi likar å seie at vi held til på den mest næringsnære campusen i Noreg, det inneber også å vere nær havet og testområde der studentane våre kan vere aktive i reelle utviklingsprosjekt.