Hopp til innhold

– Det ser lysare ut no enn det har gjort på lenge

Etter mange år med tøffe nedskjeringar håper 1400 tilsette på Sunnmøre no på ei tryggare framtid etter at Kongsberg Gruppen tok over Rolls-Royce Marine denne veka.

Åge Pettersen, tillitsvald i Fellesforbundet i Kongsberg Maritime i Brattvåg

Åge Pettersen, tillitsvald i Fellesforbundet, ser positivt på framtida etter samanslåinga mellom Kongsberg Maritime og Rolls-Royce Commercial Marine. Han håper at 1400 tilsette på Sunnmøre no er sikra ei meir trygg framtida.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– The sky is the limit, seier Arild Walderhaug med eit smil. Han er hovudtillitsvald for fagforeininga Lederne i Kongsberg Marine Brattvåg.

Kongsberg Marine Brattvåg

Konsernsjef i Kongsberg, Geir Håøy, blei møtt med applaus då han talte til dei tilsette i Brattvåg i dag.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Latteren sat laust og stemninga var god då dei rundt 350 tilsette hadde samla seg i verkstadhallen i Brattvåg. Dette var ein av fem stadar konsernleiinga i Kongsberg besøkte på Sunnmøre tysdag.

Måndag fekk dei rundt 1400 tilsette, i det som dei siste tjue åra har vore Rolls-Royce Marine, ny eigar.

– Viktig med norsk eigar

Dei siste åra har Rolls-Royce vore gjennom fleire rundar med nedbemanningar som følgje av krisa i oljenæringa. I starten av 2018 blei det klart at det britiske selskapet ønskte å selje den maritime delen av verksemda. Rolls-Royce Marine leverer mellom anna framdriftssystem og design til skip.

Arild Walderhaug

Arild Walderhaug trur at det å få inn ein norsk eigar vil vere viktig for å sikre arbeidsplassane på Sunnmøre i åra framover.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Dette førte til mykje usikkerheit blant dei tilsette på Sunnmøre. Frykta var at selskapet skulle blir selt til utlandet og at arbeidsplassane ville gå tapt. I juli kom nyheita om at Kongsberg gjekk inn som eigar, og mange pusta letta ut.

Dei hovudtillitsvalde i bedrifta vektlegg viktigheita av å ha fått ein norsk eigar og håper at det vil føre til ei tryggare framtid for dei tilsette.

– Det er kjekt at vi har fått ein eigar som vil drive oss vidare. Det at vi også har fått ein norsk eigar er interessant når vi ser rundt oss. Svært mange av bedriftene her på vestlandet har blitt kjøpt opp av utanlandske eigarar. Så eg håper dette kan vere ein del av ein ny trend, seier Walderhaug.

– Samanslåinga er ein styrke

Kongsberg Maritime har rundt 3400 tilsette i 34 land. Dei fleste av desse jobbar i Norge. Konsernsjef Geir Håøy trur samanslåinga av Kongsberg Marine og Rolls-Royce-avdelinga Commercial Marine vil vere ein stor styrke.

Konsernsjef i Kongsberg, Geir Håøy

Konsernsjef i Kongsberg, Geir Håøy, trur overtakinga av Rolls-Royce Marine vil styrke Kongsberg Gruppen.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Vi passar godt saman og har begge vore verdsleiande på våre hovudområde. No blir vi større og kan få til dei tinga vi ikkje har fått til kvar for oss.

Tysdag møtte han dei tilsette på Sunnmøre. Håøy ser fram til å bygge eit fellesskap mellom dei to bedriftene.

– Vi skal sette oss ned saman og finne ein stø kurs framover. Kultur er viktig, og det er det vi skal bygge no.

Håøy kan likevel ikkje garantere for at det ikkje vil skje endringar i bedrifta i åra som kjem.

– Det viktigaste for oss er at vi er lønnsame. Det er sjølvsagt krevjande i mange av dei områda vi jobbar i, men det er auka aktivitet. Så får vi håpe at det held fram.

Ny optimisme

Også Åge Pettersen, tillitsvald i Fellesforbundet, ser positivt på framtida. Han har jobba i Brattvåg i nesten 40 år og opplevd å jobbe under fem-seks forskjellige bedriftsnamn og eigarar.

Konsernsjef i Kongsberg, Geir Håøy, møter dei tilsette i Brattvåg

Konsernsjef i Kongsberg, Geir Håøy, møtte i dag dei tilsette på Sunnmøre.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Vi har halde på med nedskjeringar sidan 2012, så vi får håpe det roar seg litt no. At ting snur og at vi kan byrje å tilsette folk igjen. Dei tilsette har svært store forventningar, men samtidig har mange fått ein ny giv, seier han.

Etter mange krevjande år, er det no ny optimisme i bedrifta.

– Eg er spent, men trur dette blir kjempebra. Framtida ser lysare ut no enn den har gjort på lenge.