– Det vil få store konsekvensar for økonomien på heile Nordvestlandet og den maritime industrien dersom selskapet blir selt til utlandet og arbeidsplassane går tapt, seier Grytten til NRK.
Rolls Royce har drive maritim verksemd i Noreg i 19 år, men vil no restrukturere verksemda å satse meir på kjerneområda. Då er det maritime området ikkje med.
– Trussel for regionen
Krisa i offshorenæringa har vore krevjande for Rolls-Royce, som leverer skipsdesign, skipsteknologi og skipsutstyr til heile verda. Dei siste åra har selskapet vore gjennom fleire rundar med permitteringar og nedbemanningar, som følgje av oljekrisa.
Det er selskapet sine seks avdelingar Sunnmøre som no kan få nye eigarar.
– Den maritime næringa på Nordvestlandet er sterkt svekka og kan bli enda svakare. Det kan gi negative ringverknadar for heile regionen, seier Grytten.
Grytten vektlegg likevel at eit eigarskifte ikkje treng å vere negativt, og at det viktigaste er å få inn solide eigarar som både har vilje og kapital til å satse.
Spekulasjonar om kjøparar
Det blir spekulert i fleire aktuelle kjøparar til avdelingane. Ifølgje Reuters kan både General Electric, finske Wärtsila, tyske Siemens vere aktuelle. Næringslivsnettstaden nett.no (for abonnentar) nemner også ABB, som har hovudkontor i Sveits, som ein aktuell kandidat.
Arnfinn Ingjerd, dagleg leiar i Maritimt Forum Nordvest, meiner det beste hadde vore ein norsk, gjerne lokal kjøpar, som kjenner den maritime næringa og bedriftskulturen.
– Det er viktig at den kompetansen og teknologien som er bygd opp i gjennom generasjonar blir vidareført. Rolls-Royce er eit av lokomotiva i den maritime næringa på Sunnmøre, seier Ingjerd.
– For tidleg å seie noko
Rolls-Royce har eigd maritime bedrifter på Sunnmøre i 19 år. Anette Bonnevie Wollebæk, kommunikasjonsdirektør i Rolls-Royce Marine AS, vil ikkje spekulere i kven som kan vere aktuelle kjøparar.
– For oss er det lite vits å spekulere, men berre jobbe vidare med det vi kan best. Vi er jo ei god bedrift. Prosessen kan ta frå seks til åtte månader, så det tar nok tid før vi veit meir.
Wollebæk seier dei førebels ikkje veit korleis eit eventuelt sal vil påverke dei tilsette.
– Kan det bli eit alternativ å legge ned dersom det ikkje finst ein kjøpar?
– Dei har vore veldig tydelege på at det ikkje er eit alternativ. Dette er jo ei bedrift som fungerer og leverer bra. Så då er det nok heller eit alternativ å ikkje selje, seier ho.
Ingen av dei tillitsvalde NRK har vore i kontakt med, vil uttale seg om saka.