Hopp til innhold

Sterke reaksjonar frå tillitsvalde

Fagforeiningane i Kongsberg Maritime i Ulsteinvik kjem med sterke reaksjonar etter at det torsdag vart kjent at selskapet flyttar thrusterproduksjonen frå Ulsteinvik til fabrikken i Rauma i Finland. Det skriv Vikebladet Vestposten. Avisa viser til ein uttale frå dei tillitsvalde. – Vi forstår at bedrifta tek grep for å betre resultatet, men vi har derimot liten forståing for at flyttinga av arbeidsplassar frå Ulsteinvik til et anna nordisk land vil gi ein betydeleg økonomisk gevinst. Bedrifta har sørga for at mange no går ein tung sommarferie i møte, står det i uttalen som er signert fleire av fagforeiningane.