Skal bygge om skip
Hurtigruten har inngått avtale med Kongsberg Maritime og Myklebust Verft på Sunnmøre. Avtalen gjeld ombygging av tre hurtigruteskip til hybridskip med store batteripakkar og lågt CO2-uslepp frå motorane. Dei tre skipa det er snakk om er Nordlys, Kong Harald og Richard With. Avtalen vil sikre arbeid ved mange lokale bedrifter i tida fram mot 2023. Det skriv Hurtigruten i ei pressemelding