Hopp til innhold
Rolls Royce Ulsteinvik
Foto: Halvard Alvik / NTB scanpix

Kongsberg Maritime

Oppsummert

Rolls Royce Marine eigde fram til 1. april 2019 fleire avdelingar med til saman 1600 tilsette i Noreg, blant anna i Ålesund, Ulstein, Haram og Bergen. No er dei overtatt av Kongsberg-gruppen.

  • Opna nytt kontor i Ålesund

    Kongsberg satsar på sjømilitæret og aukar satsinga mot den maritime klynga på Sunnmøre. I dag opna dei eit sjømilitær kontor i Ålesund.

    Geir Håøy er konserndirektør i Kongsberg Gruppen. Han meiner det er naturleg at det nye kontoret blei oppretta i nettopp Ålesund.

    – Det er ikkje tilfeldig. Dette er basert på det vi ser i langtidsplanen til Forsvaret. Noreg er i gang med store investeringar, ein skal anskaffe fregattar og ein heilt ny flåte for Sjøforsvaret. Her er vi midt i den maritime klynga på Sunnmøre. Kongsberg er her jo frå før, men vi ønskjer å styrke den sjømilitære satsinga vår, seier han.

    Ei gruppe menn i dress, ser på ein mann i dress som klipper av ei snor.
    Foto: Tore Ellingseter / NRK
  • Styrkar den sjømilitære satsinga

    Kongsberg Gruppen styrkar si sjømilitære satsing og etablerer nytt kontor i Ålesund.

    Målet er meir samarbeid med maritime bedrifter og forsvarsindustri over heile landet.

    Bakgrunnen er den foreståande styrkinga av sjøforsvaret med nye fregattar, ein ekstra ubåt og ei standarisert fartøyflåte.

    Kongsberg styrkar den sjømilitære satsinga - m.a med etablering av kontor i Ålesund.
    Foto: Ill Kongsberg Gruppen
  • Kongsberg selger deler av virksomheten

    Kongsberg Maritime selge deler av virksomheten de har på Longva på Flemsøy/Skuløy til et nyopprettet selskap. Det nye selskapet har fått navnet Northern Island Technology, NIT, og det er lokale eiere som står bak. Kongsberg blir en av kundene til NIT. Kongsberg har 125 ansatte på Longva, 85 av disse blir værende i selskapet mens blir 40 går over til nystiftede NIT.

  • Må redde arbeidsplassar

    Arbeidarpartiet sin fyrstekandidat til stortingsvalet, Per Vidar Kjølmoen, meiner regjeringa må på bana for å hindre tap av fleire maritime arbeidsplassar på Nordvestlandet. I går kom nyheita om at Kongsberg Maritime flyttar 30 arbeidsplassar frå Ulsteinvik til Finland.

    Næringsminister Iselin Nybø seier til NRK at regjeringa har ført ein aktiv og offensiv maritim politikk og lagt fram ei rekke tiltak for verfts- og utstyrsleverandørar.

    Per Vidar Kjølmoen (Ap), fylkesvaraordfører i Møre og Romsdal.
    Foto: Arbeiderpartiet
  • Sterke reaksjonar frå tillitsvalde

    Fagforeiningane i Kongsberg Maritime i Ulsteinvik kjem med sterke reaksjonar etter at det torsdag vart kjent at selskapet flyttar thrusterproduksjonen frå Ulsteinvik til fabrikken i Rauma i Finland. Det skriv Vikebladet Vestposten. Avisa viser til ein uttale frå dei tillitsvalde. – Vi forstår at bedrifta tek grep for å betre resultatet, men vi har derimot liten forståing for at flyttinga av arbeidsplassar frå Ulsteinvik til et anna nordisk land vil gi ein betydeleg økonomisk gevinst. Bedrifta har sørga for at mange no går ein tung sommarferie i møte, står det i uttalen som er signert fleire av fagforeiningane.