Hopp til innhold

130 mistar jobben i Kongsberg Maritime: – Tungt for dei tilsette

I dag fekk 130 tilsette i Kongsberg Maritime på Sunnmøre beskjed om at dei mister jobben. – Ei tung nyheit å få, seier plassjefen som snart må sjå arbeidarar forlate bedrifta.

Ole Martin Grevstad

Ole Martin Grevstad, plassjef ved Kongsberg Maritime i Hjørungavåg, seier at dei tilsette tok dagens nyheit tungt.

Foto: Arne Flatin / NRK

Dei tilsette blei orientert om dei nyaste kutta på allmøte tysdag.

Kongsberg Maritime i Brattvåg

Avdelinga i Brattvåg har rundt 350 tilsette. Fleire av desse risikerer no å miste jobben.

Foto: NRK

Ole Martin Grevstad, plassjef ved Kongsberg Maritime i Hjørungavåg, seier at dei tilsette tok dagens nyheit tungt.

– Det er ikkje overraskande, men det er likevel tungt. Det er krevjande å stå i denne jobbutryggleiken over lengre tid, seier han.

– Tøft for dei tilsette

Det er først og fremst avdelingane på Sunnmøre som blir råka av denne runda med nedbemanningar. Dei to områda som vil merke det mest er skipsdesign og dekksmaskineri. Desse held i hovudsak til i Ålesund, Hjørungavåg og Brattvåg.

Kongsberg Maritime, Hjørungavåg

Avdelinga i Hjørungavåg vil også bli råka hardt av kutta.

Foto: Arne Flatin / NRK

Kongsberg overtok Rolls-Royce Marine 1. april i år. Dermed fekk dei rundt 1500 tilsette, i det som dei siste tjue åra hadde vore Rolls-Royce Marine, ny eigar. Då hadde bedrifta allereie hatt fleire rundar med nedskjeringar.

– Dette er ein prosess som har vore over fleire år, så mange av dei tilsette har opplevd at kollegaer har blitt råka før, held han fram, seier Grevstad.

Det vil ta nokre månader før det er klart kven det er som mister jobben. Det vil skje etter drøftingar med dei tillitsvalde.

– Dette vil skje i løpet av perioden september til november. Dei vil få tett oppfølging og støtte, seier Grevstad.

Charles Kvalvik er plassdirektør ved avdelinga i Brattvåg. Han seier at dagens nedbemanningar er beklagelege, men trur at dei tilsette også har ei viss forståing for kutta.

– Vi hadde håpt at marknaden skulle halde seg oppe, men det gjorde det ikkje. Vi er nøydd til å justere kapasiteten for å skape ein berekraftig organisasjon for framtida, seier han.

Store kutt i 2019

Kommunikasjonsdirektør Annette Bonnevie Wollebæk i Kongsberg Maritime, seier at kutta er ein del av ein prosess for å redusere kostnadane og tilpasse seg marknaden.

– Vi er i rute med mange av dei innsparingane vi har hatt som mål, men det er framleis nokre område der vi går med tap. Der skal vi gjere vidare tiltak for å bygge oss meir solide for vidare drift, seier ho.

Kongsberg Maritime har rundt 3400 tilsette i 34 land. Dei fleste av desse jobbar i Noreg. I mai 2019 kom nyheita om at Kongsberg plana å nedbemanne med 260 tilsette i marinedivisjonen i løpet av året. Det blei då sagt at rundt hundre av desse ville vere i Noreg.

Annette Bonnevie Wollebæk

Kommunikasjonsdirektør Annette Bonnevie Wollebæk i Kongsberg Maritime seier at dagen skutt er ein del av ein langsiktig prosess.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

– Rolls-Royce Marine har gått med tap over fleire år, og har slite med økonomien. Difor vil vi no sjå på korleis vi kan få til god lønnsemd, sa Wollebæk til NRK i mai då dei første kutta blei kjent.

Med dagens nyheit om ei ytterlegare nedbemanning på 130 stillingar så er talet på kutt i Noreg no oppe i 230.

Kongsberg Maritime har også aktivitet i andre land, og globalt skal det kuttast 50–70 stillingar.

Tøffe tider for verfta

Kongsberg Maritime leverer utstyr og design til den maritime industrien, ei næring som i fleire år har opplevd nedgangstider. Verftsnæringa i Møre og Romsdal er hardt ramma.

Hurtigruteskipet "Roald Amundsen"

HYBRIDSKIP: Hurtigruteskipet Roald Amundsen blei levert frå Kleven verft i Ulstein tidlegare i år. No er snart skipet Fridtjof Nansen også ferdig, og det er den siste store kontrakten for Ulstein-verftet.

Foto: Remi Sagen / NRK

Seinast førre veke blei det klart at Kleven Verft i Ulstein unngår konkurs, men mange mistar jobben som følgje av ein redningsplan for bedrifta.

Wollebæk i Kongsberg Maritime seier at det har vore krevjande, men at ordrereservane deira er på veg opp.

– Samtidig er det nokre område der vi har tapt pengar lenge og der vi framleis taper pengar, så vi er nøydd til å få tetta lekkasjen. Så det er det vi jobbar med no, seier ho.