NRK Meny
Normal

Fleire mister jobben i Rolls-Royce

Rolls-Royce Marine seier opp 400 tilsette. Dette kjem i tillegg til dei 600 som allereie har blitt sagt opp.

Kommunikasjonsdirektør i Rolls-Royce Marine, Annette Bonnevie Wollebæk.

Kommunikasjonsdirektør Annette Bonnevie Wollebæk veit førebels ikkje kvar dei nye kutta kjem til å ramme.

Foto: Lena Høyberg / NRK

I ei børsmelding skriv eigarane i Rolls-Royce at dei kjem til å kutte med 400 tilsette i løpet av utgangen av neste år. I mai vart det kjent at 600 tilsette på ulike avdelingar i Rolls-Royce Marine i Noreg måtte gå på grunn av låg ordretilgang. Blant anna vert fabrikken i Hareid med 200 tilsette lagt ned.

Kommunikasjonsdirektør Annette Bonnevie Wollebæk veit førebels ikkje kvar dei nye kutta kjem til å ramme.

– Fos oss i Noreg veit vi enno ikkje kva det betyr. Det er ikkje noko stor overrasking at det vert reduksjon også neste år, seier Wollebæk.

LES OGSÅ:

Vanskeleg år

Norsk maritimt kompetansesenter

Bedriftsutvalet i Rolls-Royce Marine har i dag eit møte her.

Foto: Frode Berg / NRK

Wollebæk seier at det går føre seg fleire prosessar med kostnadskutt og nedbemanning allereie, som strekk seg ut i neste år. Ho trur ikkje dei får større klarheit i korleis avdelingane vert ramma før ein ser korleis 2016 startar.

– Både for oss og andre maritime bedrifter vil 2016 bli eit vanskeleg år. Det er konsekvensen av oljeprisen som treff leverandørindustrien hardt, seier Wollebæk.

Rolls-Royce Marine er retta mot offshorenæringa. der det nesten er ordretørke.

Tar tid

Wollebæk trur at kutta som bli varsla no, vil gå utover leiarar i Rolls-Royce.

Kvifor tar det så lang tid før meldinga blir sendt ut til de i Noreg får vite kva kutta inneber?

– Rolls-Royce er eit stort konsern og har marinedivisjonen i 34 land. Først skal børsen ha melding slik at det er tydeleg for aksjemarknaden. Deretter må alle endringsprosessar gjennom ei grundig vurdering av leiinga og drøfting med lokale fagforeiningar, seier Wollebæk.


Bjørn Kåre Høistad, som er tillitsvald i Rolls Royce på Longva og medlem av bedriftsutvalet.

– Det er rart om det kjem ytterlegare nedbemanningar i Noreg før første runde er ferdigforhandla, seier Høistad.