NRK Meny
Normal

Google-samarbeid skal gi førarlause skip

ÅLESUND (NRK): Rolls-Royce har signert avtale med Google. Målet for samarbeidet er å lage fjernstyrte og førarlause skip.

Intelligent awareness systems

INTELLIGENT OVERVAKING: Denne teknologien trengst for å utvikle autonome skip, men er også viktig for dagens skip. Slike system vil bli betre og raskare gjennom samarbeidet med Google, seier Rolls-Royce i ei pressemelding.

Foto: Illustrasjon / Rolls-Royce

– Denne avtalen er i tråd med vår strategi om å jobbe saman med partnarar for å gjere fjernstyrte og autonome skip til verkelegheit, seier Asbjørn Skaro i Rolls-Royce.

Selskapet med 1600 tilsette i Møre og Romsdal er blant dei verdsleiande på design, teknologi og utstyr til skip.

No har dei gått saman med Google for å fart på eit av satsingsområda sine; autonome skip, som skal kunne gå av seg sjølve heilt utan mannskap.

Utviklinga av denne typen skip er allereie godt i gang. Ein modell av verdas første sjølvkøyrande og utsleppsfrie skip blei nyleg testa i Trondheim.

Snart ein realitet

Vi har sagt at vi innan 2020 kjem til å sjå dei første kommersielle, autonome båtane

Asbjørn Skaro, direktør for Digital and Systems i Rolls-Royce Marine

Men det betyr ikkje at skipa vil gå utan mannskap. I alle fall ikkje med det aller første. Skaro seier det i første omgang er snakk om færre folk om bord.

– Etter kvart som teknologien blir verifisert og ein får tillit til systema, vil vi begynne å sjå skip som er heilt førarlause.

Asbjørn Skaro

OPTIMISME: Asbjørn Skaro er direktør for Digital and Systems i Rolls-Royce Marine. Han han har fått fleire positive tilbakemeldingar frå tilsette, som seier samarbeidet med Google er motiverande.

Foto: Frode Berg / NRK

Mykje blir lagt til rette for å få fart på denne utviklinga. For kort tid sidan blei det gjort avtale om å få teste førarlause skip i Storfjorden på Sunnmøre.

Sjølv om det er mykje utvikling på feltet, vil det nok ta tid før vi for eksempel ser autonome supplyskip i Nordsjøen.

– I starten vil nok dei autonome eller fjernstyrte båtane vere nærskipstrafikk. Enten det er ei ferje, ein slepebåt eller eit lasteskip som går frå A til B, fortel Skaro.

Ferjer for framtida

FERJENE FØRST: Dei første autonome eller fjernstyrte båtane vil truleg vere ferjer eller annan nærskipstrafikk, trur Asbjørn Skaro i Rolls-Royce. Ferjene på bildet er ikkje autonome, og ikkje båtar Rolls-Royce produserer i sin heilskap, sjølv om selskapet leverer den tekniske plattforma for denne typen ferjer.

Foto: Illustrasjon / Rolls-Royce

Tryggare utan menneske

– Eg trur det blir tryggare enn det er i dag. Vi har gjort fleire studiar som viser at dei fleste ulykker om bord er relatert til menneskelege feil, seier Skaro.

– Når vi no får brukt datalæring og simulering vil vi forhåpentlegvis sjå færre ulykker om bord.

Han peiker også på at fjernstyring av skip vil ta folk vekk frå farlege område og operasjonar, og derfor vere med på å auke tryggleiken.

Rolls-Royce fjernstyrt fartøy

FJERNSTYRING: I framtida vil fleire skip truleg bli styrt frå ein operasjonssentral, heller enn å ha mannskap på havet.

Foto: Rolls-Royce Marine AS

Kunstig intelligens

Google sitt bidrag til denne utviklinga blir maskinlæring og kunstig intelligens.

Avtalen opnar for at Rolls-Royce kan ta i bruk Google sin utviklingsplattform for maskinlæring, Cloud Machine Learning Engine.

Denne skal dei bruke for å vidareutvikle eit system som bruker kunstig intelligens for å analysere området rundt eit skip. Systemet oppdagar, identifiserer og følger objekt som eit skip kan møte.

Eva Fors som er leiar av Google Cloud Sales Nordic trur samarbeidet kan gi gevinst.

– Ved å utforske moglegheitene som ligg i maskinlæring, kan Rolls-Royce kombinere dei siste teknologiske framstega med sin tunge kunnskap om den maritime industrien, og dermed skape store forbetringar, seier Fors i ei pressemelding.