Hopp til innhold

Harvey Weinstein dømd til 23 år i fengsel

Den tidlegare filmprodusenten Harvey Weinstein er dømd til 23 år i fengsel, etter at ein jury fann han skuldig i valdtekt og seksuelle overgrep.

Harvey Weinstein

DØMD: Domstolen har dømd Harvey Weinstein til 23 år i fengsel. Her er på veg inn til rettslokalet i New York der saka gjekk mot han i februar.

Foto: Seth Wenig / AP

Harvey Weinstein kom til rettslokalet onsdag i rullestol for å høyre dommaren lese opp dommen på 23 år i fengsel for valdtekt og seksuelle overgrep.

Dommen kjem etter at ein jury med sju menn og fem kvinner fann han skuldig på to av fem tiltalepunkt.

Aktoratet ved Cyrus Vance meiner dommen er viktig.

– Dommaren sende ei melding i dag om at denne typen framferd ikkje er akseptabel. Vi er takksame, sa han til pressa etter at dommen var lesen opp.

Sjølv meiner Weinstein han ikkje har gjort noko gale, og at all seksuell aktivitet har vore frivillig. Han har tidlegare varsla at han skal anke avgjerda til juryen.

Mektig produsent

Harvey Weinstein var ein av dei mektigaste filmprodusentane i verda med titlar som «Pullp Fiction» og «Gangs of New York». I 1999 vann han Oscar for «Shakespeare in Love».

Saka mot Weinstein byrja å rulle i oktober 2017 då avisa The New York Times og magasinet The New Yorker begge publiserte artiklar om den mektige filmprodusenten, der det kom fram skuldingar om seksuelle overgrep.

Etter kvart var det fleire kjende kvinnelege skodespelarar som stod fram med historier om korleis Weinstein skal ha forgripe seg på dei. Blant kvinnene som stod fram var Gwyneth Paltrow, Salma Hayek og Uma Thurman.

FILES-ENTERTAINMENT-US-FILM-ASSAULT

Uma Thurman har spelt i sju filmar som er produsert av Harvey Weinstein. Ho fryda seg over fallet til den tidlegare mektige filmprodusenten.

Foto: ANNE-CHRISTINE POUJOULAT / AFP

I alt har over 90 kvinner kome med skuldingar mot Weinstein.

Før rettssaka kom opp, gjorde Weinstein og filmselskapet hans ein avtale om å betale ut 227 millionar kroner til fleire av kvinnene som skulda han for seksualbrotsverk.

Metoo og Time's Up

Sakene førte også til ei større merksemd rundt seksuelle overgrep og uønskt seksuell merksemd, og eit oppgjer med dette.

Initiativ som metoo og time's up sette søkelyset på seksuell trakassering i underhaldningsindustrien. Under Golde Globe-utdelinga i 2018 kledde skodespelarane seg i svart i protest.

Det har dei siste åra også vore fleire demonstrasjonar og markeringar fleire stader i verda til støtte for kvinner rettar.

Etter kvart spreidde dette opprøret seg også frå kultur- og underhaldningsfeltet til andre felt i samfunnet. Både innan politikken og i fleire bransjar i næringslivet har det vore liknande oppgjer dei siste åra.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.