Hopp til innhold

Kvinner konfronterte Harvey Weinstein under arrangement i New York

Fleire kvinner blei bua på då dei gjekk til verbale angrep på Harvey Weinstein under eit arrangement for skodespelarar i New York onsdag. Dei hevdar også at dei blei kasta ut av arrangementet.

Harvey Weinstein

Då Harvey Weinstein dukka opp på eit bransjearrangement i New York onsdag, blei han skjelt ut av fleire kvinner som meinte det var upassande at den tidlegare filmmogulen var til stades.

Foto: YANA PASKOVA

Harvey Weinstein var ein av dei mektigaste i den amerikanske filmverda. Men for to år sidan stod fleire kvinner fram i The New York Times og The New Yorker og skulda han for seksuell trakassering og overgrep.

I mai fjor blei han arrestert og tiltalt for blant anna valdtekt og seksuell trakassering. Weinstein nektar straffskuld.

Dei siste månadane har han vist seg offentleg nokre få gangar, og onsdag blei det bråk då han dukka opp på eit arrangement for skodespelarar i New York, skriv New York Post.

– Freddy Krueger i rommet

Komikaren Kelly Bachman var blant dei som opptredde på arrangementet onsdag. Ho heldt ein stand-up-monolog då ho oppdaga at Weinstein sat ved eit bord saman med fleire unge kvinner og to livvakter.

Ho valde å gjere eit nummer ut av at han var til stades, og samanlikna Weinstein med den brannskadde skrekkfilm-figuren Freddy Krueger, kjent frå fleire filmar og ein TV-serie på 1980- og -90-talet.

– Eg er komikar, og det er vår jobb å nemne elefanten i rommet. Det er ein Freddy Krueger i rommet, om du vil. Eg forstod ikkje at eg måtte ta med meg sjølvforsvarsspray og valdtektsalarm på dette arrangementet, sa ho frå scenen.

Kommentarane blei møtt med både buing og tilrop om at ho skulle halde munn frå publikum.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Bachman seier til The Guardian at ho kjende seg redd, men at ho meinte ho måtte seie noko.

– Vi kan ikkje akseptere at dette monsteret berre kan kome og delta i eit bransjearrangement. Eg ønskte at folk skulle kjenne på ubehaget ved det. Og eg håper folk held fram med å kjenne på dette ubehaget, seier ho til avisa.

Hevda dei blei kasta ut

I ein pause gjekk skodespelaren Zoe Stuckless og komikaren Amber Rollo over til bordet der Weinstein sat, og kom med fleire verbale angrep på den tidlegare filmmogulen. Det skal ha blitt ei amper stemning i lokalet.

Ifølgje Stuckless blei dei bedne om å forlate utestaden etter det som skjedde.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Rollo skriv på Twitter at ho er sjokkert over at Weinstein tilsynelatande var invitert til arrangementet.

Innholdet som lå her kan ikke vises.

Men arrangøren Alexandra Laliberte avviser ifølgje Deadline at Weinstein var invitert verken av henne eller nokon av samarbeidspartnarane hennar.

Ein talsperson for Weinstein seier til New York Post at følget i ikkje ønskte merksemd, og at dei opplevde kvinnene som frekke.

– Dette er eit eksempel på korleis ein rettsprosess blir skvisa av offentlegheita.

Weinstein sjølv skal ikkje ha blitt særleg skaka av hendinga. Etter at kvinnene var eskortert ut av lokalet, skal han ha sett seg ned ved bordet igjen, og halde fram med å drikke vatn.

Kulturstrøm

  • BT: Frode Øverli legg Pondus på hylla

    Etter 30 år sluttar Frode Øverli å teikne Pondus-striper regelmessig, melder BT.

    Framover skal Pondus-teiknaren fokusere på barnebøker, rett nok med ein karakter som Pondus-lesarane kjenner godt til, nemleg Frida, eller «Sneipen».

    Pondus-bladet kjem til å halde fram ei stund til, og teiknaren seier han har nok nytt materiale til å fylle opp Pondus-bok nummer 25.

    – Men det kjem ikkje lenger noko nytt i blad eller aviser, seier han til avisa.

    Rett nok nektar han ikkje for at det kan kome nye Pondus-striper ein gong, men det blir eventuelt om og når han sjølv vil.

    Frode Øverli
    Foto: Sølve Rydland / NRK
  • Brad Paisley til Norge neste år

    Countryartisten Brad Paisley vil opptre 11. juni i Ålesund og 13. juni på Hamar neste år.

    Konsertene er en del av Paisleys verdensturné «Truck is Still Working», melder Live Nation.

    Paisley har gjestet Norge flere ganger tidligere.

    Brad Paisley spiller gitar
    Foto: Rob Grabowski / AP / NTB