Hopp til innhold

Nesten alle kvinner i Hollywood har opplevd seksuell trakassering

Ei ny undersøking blant kvinner i Hollywood viser at 94 prosent av dei spurte har opplevd ei eller anna form for seksuell trakassering. Og dei fleste tør ikkje varsle fordi dei fryktar for karrieren.

Big Little Lies

Serien «Big Little Lies» blei den store vinnaren under Golden Globe-utdelinga tidlegare i år. Prisutdelinga blei også ein demonstrasjon mot seksuell trakassering i filmbransjen. No har ei ny undersøking kartlagt kor utbreidd denne typen trakassering er i Hollywood.

Foto: Lucy Nicholson / Reuters

Det starta med at New York Times avslørte at filmmogulen Harvey Weinstein hadde inngått forlik med fleire kvinner som skulda han for seksuell trakassering. Etter kvart kom fleire kvinner i Hollywood med sine historier.

time

MeToo-bevegelsen blei kåra til «Årets person» av Time Magazine i fjor.

Foto: BILLY & HELLS / AFP

Dette blei gnisten til den verdsomfattande MeToo-kampanjen der kvinner over heile verda, i ulike bransjar, fortalde historier om uønskt seksuell merksemd. Og Time Magazine kåra bevegelsen også til «Årets person».

No har USA Today, saman med tre amerikanske organisasjonar, kartlagt kor utbreidd seksuell trakassering er i filmindustrien i Hollywood. Nesten 850 kvinner som jobbar med film har svart, og 94 prosent seier dei har opplevd seksuell trakassering.

Kommentarar og uanstendige forslag

Trakasseringa varierer frå uønskt seksuelle kommentarar, vitsar og gestar (87 prosent) og uanstendige forslag om seksuelle handlingar eller forhold (64 prosent) til blotting (29 prosent) og tvungne seksuelle handlingar (21 prosent).

Tre av fire av dei spurte seier dei ikkje har varsla om hendingane fordi dei fryktar det skal få konsekvensar for karrieren i Hollywood. Dette gjeld alle formane for seksuell trakassering som undersøkinga omfattar, også dei som har blitt tvungne til seksuelle handlingar, skriv USA Today.

Best of Year 2017: Thousands Attend Women's March On Washington

I januar gjekk tusenvis av menneske i fleire storbyar i demonstrasjonstog. I utgangspunktet var toga ein protest som markerte at det hadde gått eitt år sidan Donald Trump blei innsett som president i USA. Men fleire av parolane og appellane protesterte også mot seksuell trakassering. Dette er frå demonstrasjonen i Washington.

Foto: Mario Tama / AFP

Det er dei som har arbeidd lengst i bransjen, som har opplevd mest trakassering. Men yngre kvinner som har arbeidd mindre enn fem år i bransjen, er dei som oftast melder frå når dei har opplevd å få uønskt merksemd.

Ikkje vitskapleg

Undersøkinga blei gjort blant medlemmane i organisasjonane som har samarbeidd om undersøkinga. Utveljinga gjer at undersøkinga ikkje er vitskapleg, men professor Anita Raj ved University of California i San Diego, seier til USA Today at det viser ein tendens.

– Eg skulle gjerne sett tal som var samla inn på ein meir vitskapleg måte. Men 94 prosent verkar ikkje sjokkerande. Det seier noko om kor utbreidd dette er i Hollywood. Og eg blir ikkje overraska om det faktiske talet er 94 prosent.

Presentasjonen av undersøkinga kjem samtidig som at advokatane til Harvey Weinstein ber domstolen avvise eit gruppesøksmål om seksuell trakassering. Grunnen er at dei meiner fleire av sakene er forelda.

Harvey Weinstein og Meryl Streep

I oktober sa Meryl Streep at Harvey Weinstein alltid hadde vist henne respekt. Men no bruker advokatane dette utsegna for å få avvist eit gruppesøksmål mot Weinstein. Og det mislikar Streep sterkt.

Foto: KEVIN WINTER / AFP

I grunngjevinga har dei også brukt sitat frå fleire kvinnelege skodespelarar, skriv Time Magazine. Blant anna at Meryl Streep i oktober sa at Weinstein alltid hadde vist respekt overfor henne.

Men det har fått Streep til å reagere. Ho seier bruken av sitatet er patetisk og utnyttande.

– Dei kriminelle handlingane han er skulda for er hans ansvar. Og dersom det er rettferd igjen i systemet, vil han måtte betale for det.

Kulturstrøm

  • Gérard Depardieu stilles for retten i overgrepssak i oktober

    Skuespilleren Gérard Depardieu anklages for seksuelle overgrep og stilles for retten i oktober, opplyser fransk påtalemyndighet.

    Depardieu ble mandag løslatt etter å ha blitt avhørt om angivelige seksuelle overgrep, opplyser skuespillerens advokat. Skuespilleren nekter selv for å ha gjort noe galt.

  • ABBA-Benny lagar jinglar til svensk P2

    ABBA-veteranen Benny Andersson har komponert lydlogoar til den svenske radiokanalen P2, melder Sveriges Radio.

    – Eg har laga 37 forskjellige forslag for å sjå om hansken passa, seier komponisten og musikaren til kanalen.

    Jinglane er spelt inn saman med Sveriges Radios Symfoniorkester, og Andersson er sjølv med på piano.

    Dei nye lydsnuttane blei tekne i bruk måndag.

    Benny Andersson
    Foto: Alberto Pezzali / AP