Harvey Weinstein var ein av dei mektigaste i Hollywood, men etter at fleire kvinner dei siste månadane har stått fram og skulda han for valdtekter og seksuell trakassering, har han blant anna mista jobben og medlemskapen i Oscar-akademiet. Weinstein har hele vegen nekta for at han har gjort noko gale.
– Alle skuldingane om sex utan samtykke blir klart avvist av Mr. Weinstein, sa PR-agenten hans ved eitt av tilfella.
Skodespelaren Uma Thurman har samarbeidd med Harvey Weinstein i sju filmar, skriv The Guardian.
Blant dei er Tarantino-filmane «Pulp Fiction» og «Kill Bill vol. 1 og 2». Då ho i oktober blei spurt av underhaldningsnyheitsprogrammet Access Hollywood om å kommentere skuldingane, sa ho at ho ville vente.
Grunnen var at ho kjende på eit sinne som kunne føre til at ho kunne kome til å seie ting ho seinare ville angre på.
- Les:
- Les:
– Du fortener ikkje ei kule
Men torsdag kveld tok Thurman bladet frå munnen i ei Thanksgiving-helsing til fansen på Instagram. Bildet ho har lagt ut er Thurman i rolla som hemnaren The Bride frå «Kill Bill».
I teksten ymtar ho om at også ho har vore utsett for uønskt merksemd frå Harvey Weinstein.
– Eg sa nyleg at eg var sint, og eg har nokre grunnar. #metoo, om du ikkje forstod det ut frå ansiktsuttrykket. Eg meiner det er viktig å ta tida til bruk, vere rettferdig og presis, så Happy Thanksgiving til alle (Bortsett frå deg Harvey, og alle dine vonde medsammensvorne. Eg er glad det går sakte – du fortener ikkje ei kule).
Utsegna frå Thurman blir applaudert av skodespelaren Rose McGowan, som var blant dei første som kom med skuldingar mot Weinstein. På Twitter skiv ho. «Hei Uma. Velkommen».
Harvey Weinstein har ikkje kommentert Instagram-helsinga til Uma Thurman.